Åseral

lagt inn 15. okt. 2019, 13:25 av Bjørn Enes   [ oppdatert 15. nov. 2019, 23:18 ]
15/11: Telefonsamtale. Blinka ut siste halvdel av mars som sannsynlege datoar for kurs og optaksøkt i Åseral. Arrangementet er inne å handlingsplan i kommunen sin kulturminneplan, som skal handsamast 20/11-19. Sett tentativt inn i veke 13. 

20/10-19: Fylgjande forslag sendt til Åseral Sogelag: 

Forslag til program for kurs og intervjuinnsamling  i Åseral (tidspunkt: Åseral Sogelag kjem med forslag)


Førebuing: 

Etter vår erfaring er det klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “lokal historie”, “Anleggsarbeid”.  

Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, eller store hendingar. Problemet med å formulerafor smalt fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd. 

Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak. 

Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane. 


Dag 1 - Intervjuopptak: 

Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å  observera, vera med-intervjuar eller intervjuar. 


Dag 2 -Kursdag: 

Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik:

09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde

10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av 

eksempel frå dag 1)

11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen.

Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie.  

12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”.

Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing?

12:45 Lunsj 

13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen - 

Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa. 

14:30 Vidare logging 

15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”. 

Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no

16:30 Vidare planar og evaluering. 

17:00 Slutt 


Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid:

Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling).


Etterpå:

Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:

  • Klipping av ein fyrste-versjons videofil og opplasting med passord til Vimeo og nettsida www.memoar.no/upublisert

  • Rådgjeving over epost eller telefon til lokal redigerar og/eller  frivillige som arbeider med dokumentasjon. 

  • Opplasting til Minner.no, publisering på ei eiga side under Memoar.no og/eller på museets/historielagets eigne nettsider.   


Oppfylgjing/repetisjon: 

Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie. 



15/10-19: Åseral sogelag vil gjerne vera med på prosjektet, saman med Minne Kultursenter  
memoar har lova å senda eit forslag 18/10. Åseral Sogelag har blitt bedne om å tenkja ut høvelege datoar (3 dagar) 


Comments