Arendal

lagt inn 2. nov. 2019, 02:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 6. nov. 2019, 06:08 ]
Fylgjande forslag er til diskusjon: 
6/11: Tilbakemelding frå Kuben, som takkar ja. Detaljar seinare. 

2/11 - forslag frå Memoar: Tidspunkt: Det som passar best for oss er veke 10 (2-7.mars). Mitt fyrste forslag er slik: 

  • Mandag 2/3: Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar.  Særleg oppmoding om at kursdeltakarar som har planar om å utvikla seg som intervjuar blir med. Minimum eitt intervju, maksismum 9 intervju. (Fleksibiliteten er slik: Vi kan ta med utstyr til tre parallelle opptak. Erfaringsmessig tar kvart intervju mellom 60 og 120 minutt, pluss litt førehands- og etterprat. Vi kjem minst ein, som kan gjera tre intervju og låna ut utstyr til opp til seks andre intervju. Truleg kjem me to, kanskje tre (der nr. 2 og 3 vil vera i avsluttinga av sine opplæringsperiodar). Dermed kan me koma opp i ni intervjuopptak dersom det er behov/interese for det. 
  • Tirsdag 3/3: Kurs - heile dagen. Me brukar eit av intervjua frå dag 1 som eksempel på å gå gjennom etikk, avtalestruktur,  intervjuteknikk, verdien av munnlege kjelder, infrastruktur for arbeidsdeling, etterarbeid (logging, tekstsamandrag, emneordslister),  arkivering, avlevering, deling og eventuell publisering, munnleg historie som råstoff - produksjon av utdrag til utstillingar etc. Kurset vil gi eit oversyn over fagfelt og arbeidsprosess. For deltakarar med litt bakgrunn vil det gi godt grunnlag for eige arbeid med logging, tekstsamandrag og bruk av munnlege kjelder - det som oftast er flaskehalsen for eit museum eller eit historielag som samlar munnleg kjeldemateriale. 
  • Onsdag 4/3: Praktisk arbeid med nye intervjuopptak og/eller etterarbeid. Enten opp til ni nye intervjuopptak eller f.eks. eit intervju og deretter heile etterarbeidsprosessen som praktisk øving. Eit tredje arbeid kan vera ei felles økt på etterarbeid der me sit mange med kvar vår maskin og arbeider med kvr vårt etterarbeid, der vi hjelper til og/eller lagar "plenumsdiskusjonar" om problemstillingar som dukkar opp under etterarbeidet. 

Stad: Me gler oss intenst til å koma til KUBEN! 


Deltakarar: Heilt samd i det du foreslår. Så langt har med erfaringar me opp til 20 deltakarar, utan å ha erfart problem med at det er for mange. Så me prøver gjerne meed endå fleire dersom det skulle bli behov for det. 

Me har sterk tru på samarbeid mellom frivillige og musé, særleg i etterarbeid etter intervju. Me har som mål å bygga opp eit landsomfattande "Loggarlag" av frivillige som synest det er interessant å logga / skriva tekstsamandarag av munnleg kjeldemateriale.  Derfor vil me gjerne også sjølve marknadsføre dagane på Kuben  gjennom Landslaget for lokalhistorie. 


Comments