Østfold

lagt inn 17. okt. 2019, 00:20 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. okt. 2019, 08:19 ]

23/10: Memoar svarte at me gjerne kan koma til Halden, men at det hadde vore fint om me kunne få til ei samordning med arreangementet som museet tenkjer på saman med frivillige. Dette syntest også Halden var ein god ide, og lanserte tanken om at arrangementet med frivillige går i helga og at det så vert utvida med eigt arrangement med særleg fokus på m useumstilsette dagane før eller etter. Dette stilete Memoar seg positivt til. Avventar forslag ogm dato. 


22/10 - Østfoldmuseene Halden  vil også gjerne ha kurs for omlag ti museumstilsettye. 


20/10-19: Sende dette forslaget til Østfoldmuseene: 

Forslag til program for kurs og intervjuinnsamling inntil tre dagae, f.eks. fredag 9. til søndag 11. januar 2020

Førebuing: 

Dette er eit forslag om å kombinera ein dag med kurs om praktisk samarbeid mellom musé og historielag om munnleg historie, med to dagar praktisk arbeid med intervjuopptak og evt. etterarbeid.

Når det gjeld desse intervjuopptaka, er det etter vår erfaring klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “Borregårdsamfunnet”, “Yrkes- og arbeidslivshistorie” el.l.

Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, eller store hendingar. Problemet med å formulera for smale fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd. 

Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak. 

Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane. 


Dag 1 - Intervjuopptak: 

Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å  observera, vera med-intervjuar eller intervjuar. 


Dag 2 -Kursdag: 

Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik:

09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde

10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av 

eksempel frå dag 1)

11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen.

Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie.  

12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”.

Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing?

12:45 Lunsj 

13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen - 

Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa. 

14:30 Vidare logging 

15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”. 

Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no

16:30 Vidare planar og evaluering. 

17:00 Slutt 


Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid:

Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling).


Etterpå:

Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:

  • Klipping av ein fyrste-versjons videofil og opplasting med passord til Vimeo og nettsida www.memoar.no/upublisert

  • Rådgjeving over epost eller telefon til lokal redigerar og/eller  frivillige som arbeider med dokumentasjon. 

  • Opplasting til Minner.no, publisering på ei eiga side under Memoar.no og/eller på museets/historielagets eigne nettsider.   


Oppfylgjing/repetisjon: 

Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie. 





Fyrste kontakt - Samling for frivillige museer, lag og foreninger i Østfold for å se på ulike samarbeidsmuligheter. I den anledning er innsamling av muntlig historier et felt vi har på programmet. Dato ikkje avklart, men det blir ei helg tidlig/midten av januar 2020.

Comments