Romani / tater-prosjekt.

lagt inn 12. okt. 2019, 01:09 av Bjørn Enes   [ oppdatert 31. okt. 2019, 03:34 ]
Kontaktperson i Memoar: Bjørn Enes - bjorn@memoar.no 

31/10 - Forslag til Loggarkurs, Glomdalsmuseet

Tirsdag 12/11-2019:

10:05 – Installering 

10:30    Introduksjon: Kva er logging – kvifor logging – etikk – «loggarlaget»  - avtale.

11:00    Felles logging av intervju 1. (Intervjuopptak frå oktober 2018)

13:00    Lunsj.

13:30    Individuell logging av intervju 2, 3, 4 og 5. (frå oktober 2018. Nr. 6 og 7 er ferdige)

15:30    Avslutting – spørsmål om individuelle arbeidsøkter ut over kvelden.

Onsdag 13/11 2019:

08:30    WeVideo: Introduksjon. Brukartilgang for Mariann og Daniel.

Korleis fjernar me sekvensar frå ein ferdig redigert video?

Korleis lagar me kortvideoar som kan brukast i museet?

Felles produksjon av ein kortvideo til bruk i den nye utstillinga.

11:30    Lunsj

12:00    Individuell produksjon av kortvideoar til bruk i den nye utstillinga.

14:00    Vimeo,  Memoar.no og Minner.no og YouTube

Publisering/avlevering. Etablering og fjerning av passord. 

15:15    Oppsummering – evaluering.

15:30    Ferdig 

Frå Memoar deltar både Bjørn Ene, Johan Knutsen og Barbro Matre.  

30/10-2019: Det "store" prosjektet er utsett. I staden lagar me eit kombinert loggarkurs og skippertak med logging av tidlegare opptak på Glomdalsmuseet 12. og 13. november  2019.  

20/10-19 sende Memoar dette forslaget til Glomdalsmuseet: 

Forslag til program for kurs og intervjuinnsamling  om romani/taterliv - tidleg i november 2019.


Førebuing: 

Etter vår erfaring er det klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “lokal historie”, “Anleggsarbeid”.  

Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, eller store hendingar. Problemet med å formulerafor smalt fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd. 

Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak. 

Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane. 


Dag 1 - Intervjuopptak: 

Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å  observera, vera med-intervjuar eller intervjuar. 


Dag 2 -Kursdag: 

Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik:

09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde

10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av 

eksempel frå dag 1)

11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen.

Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie.  

12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”.

Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing?

12:45 Lunsj 

13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen - 

Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa. 

14:30 Vidare logging 

15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”. 

Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no

16:30 Vidare planar og evaluering. 

17:00 Slutt 


Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid:

Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling).


Etterpå:

Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:

  • Klipping av ein fyrste-versjons videofil og opplasting med passord til Vimeo og nettsida www.memoar.no/upublisert

  • Rådgjeving over epost eller telefon til lokal redigerar og/eller  frivillige som arbeider med dokumentasjon. 

  • Opplasting til Minner.no, publisering på ei eiga side under Memoar.no og/eller på museets/historielagets eigne nettsider.   


Oppfylgjing/repetisjon: 

Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie. 



Forhistorie:
I oktober 2018 gjorde Glomdalsmuseet og Memoar ei rekke opptak med forteljarar frå Landsorgnisasjonen for romanifolket. Det har ikkje voreressursar til etterarbeidet - men frå  12/10-19 er me i diskusjon med Glomdalsmuseet om fylgjande idé: 

- Eit dagsseminar om etterarbeid/dokumentasjon for museumstilsette og frivillige som kan tenkja seg å arbeida med dette. 
- Ein til to arbeidsdagar der me samarbeider praktisk med etterarbeid på opptaka frå i fjor: Dokumentasjon, opplasting til Minner.no, evt. utvikling av innhaldselement til https://glomdalsmuseet.no/latjo-drom , produksjon av korte utdrag som eignar seg i formidling.
- Deretter planlegging av ei fase 2 med nye opptak - på Glomdalsmuseet eller andre stader i landet. Der kan me truleg laga ein søknad til Kulturrådet om midler frå oppreisingsfondet (søknadsfrist 4/11) 

Telefonmøte om vidare planar 18/10.  


Comments