KURS GJENNOMFØRT PÅ BARDUFOSS 2-4.DESEMBER 2019 Sjå om vidareføringa på www.memoar.no/midt-troms 20/10 - Memoar sende dette forslaget til Midt-Troms Museum: Forslag til program for kurs og intervjuinnsamling 2-4 desember 2019. Førebuing: Etter vår erfaring er det klokt å velgja opne og breie vinklingar på minneinnsamlingar, for eksempel “lokal historie”, “Yrkes- og arbeidslivshistorie”. Forteljaren (den som blir intervjua) bør vera faktisk hovudfokus, hennar/hans livsminner og livserfaringar. Kvart intervju kan gjerne gå djupt inn i særskilte tema - f.eks. lokale krigsminne, eller store hendingar. Problemet med å formulerafor smalt fokus er at vi då lett går glipp av andre og kan hende like interessante ting som forteljaren har opplevd. Det er veldig gunstig dersom musé/historielag så snart som råd tar kontakt med minst ein (maksimalt 18) av dei som ein ynskjer å intervjua, og gjer avtale om intervjuopptak. Kursdeltakarane bør orienterast om at dei kan velgja mellom å delta berre på kursdagen (dag 2), kursdagen og ein praksisdag (dag 2 og 3) eller alle tre dagane. Dag 1 - Intervjuopptak: Vi har med utstyr nok til tre parallelle opptakstasjonar, og folk til å bemanna to av dei. Vi vil gjerne gjera minst eitt av intervjua sjølve. Det kan gjerast opp til 9 intervju på dag 1. Kursdeltakar(ar) som blir med på dag 1 vil få rikeleg høve til å vera med på opp- og nedrigging av utstyr og å observera, vera med-intervjuar eller intervjuar. Dag 2 -Kursdag: Gjennom heile kursdagen vil vi arbeida med eitt av opptakafrå dag 1. Det viktigaste målet med kurset bør vera å “utdanna” folk som kan bli aktive med etterarbeid, dvs dokumentasjon og formidling av innhaldet. Men me skal også bruka eksempelet til å læra om både intervju og munnleg historie allment. Vårt forslag er slik: 09:00 Opning - velkomst - presentasjonsrunde 10:00 Logging - kunsten å definera “perler på ei snor” (Start logging av eksempel frå dag 1) 11:00 Intervjuaren. Spørsmåla. Magien i den gode samtalen. Etikk - ansvaret med å attfortelja andres historie. 12:00 Forteljaren - minneteori, kjeldekritikk. “Historie nedanfrå”. Ytringsfridom. Opphavsrett. Kven eig ei livsforteljing? 12:45 Lunsj 13:30 (Kultur-)historiske emneknaggar: Den kalde krigen - Den tredje industrielle revolusjonen - Kvinnene - Globaliseringa. 14:30 Vidare logging 15:30 “Memoar i prosessen - Minner for evigheten”. Publisering på Memoar.no og avlevering til Folkeminnesamlinga gjennom Minner.no 16:30 Vidare planar og evaluering. 17:00 Slutt Dag 3 - Nye opptak og/eller etterarbeid: Vi har gode erfaringar med å bestemma innhaldet av dag 3 på “demokratisk vis” på tampen av kursdagen. Vårt forslag vil vera enten å prioriter flest mogleg opptak, eller å prioritera flest mogleg ferdig gjennomførte produksjonar (opptak - dokumentasjon - arkivering/avlevering - formidling). Etterpå: Vi har rekna med opp til 20 timar arbeid med dette prosjektet etter at me kjem heim att. Dei kan brukast til:
Oppfylgjing/repetisjon: Me veit ikkje enno om me vil ha ressursar til eit gratis oppfylgjings- eller repetisjonsbesøk. Men så sant det vil la seg finansiera, vil me gjerne koma på eit nytt besøk etter 3-6 månader for å hjelpa til med å bygga opp eit kontinuerleg arbeid med munnleg historie. Kontaktperson i Memoar: Bjørn Enes - bjorn@memoar.no 11/10-19: Midt-Troms Museum melder interesse, saman med venneforeninger og historielag som dei samarbeider med. Kommunikasjon pågår. |