Om oss‎ > ‎

Årsmelding 2020

Førre årsmøte vart gjennomført som eit digitalt møte den  26. mars i 2020. Det var Memoars aller fyrste digitale arrangement, og det hadde ein spesiell konstruksjon: Medlemmer som ville ha høve til å halde innlegg, måtte melde seg på videokonferanse. Medlemmer som berre ville fylgje med, kunne sjå gjennomføringa av årsmøtet på nettsida til Memoar, som direktesending. Det var lagt inn ei reserveløysing for folk som likevel ville halde innlegg, men ikkje var på videokonferansen: Dei kunne ringe inn, og så ville lyden frå telefoninnlegget bli delt med videokonferansen og direktesendinga. 

Det fungerte – over all forventing, og vi kunne notere oss for det største årsmøtet til nå i Memoars historie. Opptak av gjennomføringa ligg på nettsida, under «Om Memoar»

Fylgjande styre blei vald: 
Leiar Bjørn Enes (attval)
Nestleiar Jostein Saakvitne (attval)
Styremedlem Ada Freng (attval)
Styremedlem Birger Haugdal (attval)
Marie Nicolaisen (ny) 

Styret har hatt fire møter i løpet av året. Alle innvalde medlemmer har fungert heile året. 
Memoar har ved årsskiftet 79 medlemmer. Det er 2 færre enn i 2019.

2020 vart eit veldig spesielt år. To veker før årsmøtet stengde landet ned på grunn av koronapandemien.  Når det nærmar seg årsmøtet i 2021, er framleis store deler av landet prega av det same, og også dette årsmøtet må gjennomførast digitalt. Det har skjedd store omleggingar av arbeidet – stikkordet er digitalisering. Veldig mykje av dei planane vi hadde lagt – og var i ferd med å gjennomføra – måtte utsetjast og etter kvart avlysast. Året har likevel vore svært aktivt og innhaldsrikt.  

Vi har etablert «lokalkontor» i Oslo. Cathrine Hasselberg er engasjert som fast tilknytta frilansar, og ho er i full gang med å bygge opp Memoar som ei permanent verksemd med kontor i eit tidlegare industribygg på Etterstad, «Kroloftet».  I Bergen har «hovudkontoret» vakse til tre kontor – eit landskap med plass til faste og frilansarar, og eit studio til nettkurs, videokonferansar, direktesendingar og podcastproduksjon.  Vi har gjennomført fleire direktesendingar og vi har publisert den fyrste Memoar-podcasten, signert Jonas Rudjord Sandved. 

Det meste av aktivitetane har vore knytt saman med prosjekt «Munnleg historie for alle» Det er laga eigen rapport for detsom fylgjer lengre nede. Av prosjekt er det berre Sjøfartsprosjektet som ikkje har vore involvert i «Munnleg historie for alle» Det har ikkje vore til å unngå at dette prosjektet har hatt ein bylgjedal i 2020. Men samarbeidet med Sjøfartsmuseet og Bergens Skipperforening held fram, og i og med at bemanningssituasjonen er betra etter at Line Grønstad kom inn på full tid som prosjektleiar av «Munnleg historie for alle». Planen er å hente inn att det tapte i løpet av 2021. 

Vår medarbeidar Barbro Matre bestemte seg for å gå til anna arbeid i  løpet av året. Cathrine Hasselberg, Maylin Hovengen Byrknes, Sara Kohne og Kathrine Klinkenberg  blei trekt inn på frilansbasis for å erstatte henne. Hasselberg er nå tilsett fast, og vi håpar å kunne tilby både dei nevnte og andre aukande frilansengasjement utover året 2021. I tillegg har staben bestått av Bjørn Enes, Johan Knutsen (fyrste halvår) og trainee Jonas Sandved Rudjord.

Økonomien
Dei største inntektspostane våre er «snille pengar» frå Sparebankstiftelsen DNB, Sparebanken Vest, Fritt Ord,  Kulturrådet, Bergen Kommune og Vestland Fylke.  
Vi har aukande evne til å tene pengar på oppdragsproduksjonar, men det er eit godt stykke fram til me kan knytte til oss profesjonell hjelp på dei inntektene. 
Den låge summen på medlemskontingent kjem av at dette har blitt inkonsekvent ført i rekneskapet : Det meste av kontingentpengene ligg i posten «Salsinntekt utanom avgiftsområdet»
Etter at ubrukte midler er overførte til 2021, er totalinntektene  i 2020 bokført til i alt kr. 2.112.082   
 
Utanom dei 33 delprosjekta og utviklingsarbeidet som er nevnt  i «Munnleg historie for alle» har vi hatt eit stort kompetanseutviklingsprosjekt innan digitalisering med støtte av Bergen Kommune. Vi har også starta arbeidet med ein større podcastserie om Korona-året. Denne har også fått støtte frå Fritt Ord.
Kostnadane
 
Arbeidstimar er den største innsatsfaktoren, og dermed er lønn og såkalla «fremmedytelse» dei største kostnadspostane. Ingen har vore heiltidstilsett heile året, men i  løpet av 2020 har fem personar vore lønna deltid eller delar av året  (Barbro Matre, Inger Christine Årstad, Line Grønstad, Bjørn Enes og Johan Knutsen). I tillegg har seks personar utført frilansoppdrag – i hovudsak i samband med Koronaprosjektet. 
Den andre hovudposten er reisekostnader, Sjølv om pandemien sete ein stoppar for mykje av reisinga, har vi likevel gjennomført kurs og opptakstrening i Porsanger, Steinkjer, Gudbrandsdal. Raufoss,  Kapp, Oslo, Arendal, Åseral og Kristiansand. Det meste av reisinga har vore i MHA-prosjektet (munnleg historie for alle) – men to av Raufossreisene har vore del av Industriprosjektet. 
Infrastruktur og spesialverktøy handlar begge om utstyr og programvare for digitale arbeidsprosessar. Konkret handlar det om programvarelisensar på Google Enterprise, Dropbox, Vimeo, WeVideo og rekneskapssystemet Fiken. Vi nyttar kontoen «Spesialverktøy» til alt utstyr som har samband med intervjuoptak, redigering, dokumentasjon, arkivering og formidling. I praksis handlar det om ganske vanleg data- og film- og lydutstyr. Vi har fram til nå halde oss til det prinsipp at vi så langt som råd held oss med utstyr som eit kvart historielag skal ha råd til å kjøpa.  («Utstyrsfilosofien» er skildra på www.memoar.no/infrastruktur 
Driftsoverskot 2020: 94.000  
Prosjektmidler er øyremerka til dei prosjekta dei skal støtte. Dei skal brukast til formålet, eller betalast tilbake. Alle våre prosjekt er fleirårige  eller flytta til 2021. Etter at det er gjort, har vi att eit reint overskot av eigne («frie») driftsmidler på kr. 94 337. Rekneskapet er revidert av Ann-Mari M. Juvik  i Advisor Revisjon og er vedlagt årsmeldinga. 
Munnleg historie for alle - Årsrapport for 2020

No er 2020 straks over, og prosjektet Munnleg historie for alle har heldt på i om lag 1,5 år. Medan førre halvårsrapport frå juni 2020 viste til ein organisasjon som arbeidde med omstilling og tilpassing av aktiviteten for å kunne halde fram med arbeidet trass koronapandemi, har siste halvår handla om utprøving av metodar, nye innspel til delprosjekt og strategisk arbeid med å fremja munnleg materiale som kjeldekategori. Vidare har prosjektleiar Line Grønstad både levert og forsvart doktorgradsavhandlinga si.
Økonomisk har både epidemisituasjonen og det at Line har vore i ubetalt permisjon delar av tida gjort at MHA har hatt meir midlar til disposisjon enn det vi har hatt høve til å nytte i 2020. Vi har tidlegare signalisert eit ønske om å få høve til å overføre midlar til 2021, og forlenging av prosjektet til 30 juni 2023, og til å få høve til å nytte delar av midlane til utstyr, og er svært takksame for at vi fekk dette innvilga i november. Vi signaliserte då at dette gjaldt 200-250 000 kr. Den nøyaktige summen er blitt høgare enn det, og er på 459 045,-. 
I denne rapporten byrjar vi med å gå gjennom delprosjekta som inngår i MHA. Så tar vi for oss noko av det meir generelle utviklingsarbeidet for munnleg historie som felt, som vi har gjort i haust. Det inkluderer arbeid med høyringssvar opp mot forskingsetikken, museumsetikken, og kulturpolitikken til Bergen kommune. Vidare inngår Memoarkonferansen i dette, og også arbeidet med eit senter eller tilsvarande for munnleg historie.
Om delprosjekta
Prosjekta har alle fått eit nummer som viser til den kronologiske rekkefølga dei starta i. Nokre av prosjekta har bakgrunn frå initiativ starta før MHA tok til, men er gjort moglege å gjennomføre og/eller vidareføre gjennom MHA. Dei er også inkludert her.
Ei generell erfaring er at eitt kurs, med få unnatak, er for lite for å sørge for vidare framhald og framdrift i dei enkelte historielaga/musea/områda. I tillegg har epidemien gjort at mange har tenkt på andre tema, og prioritert vekk munnleg kjeldedokumentasjon. Våren 2021 vil i stor grad måtte gå med til oppfølging av prosjekt frå heile MHA sin portefølje.
1. Hallingdal - planer om oppfølging og vidareføring i løpet av hausten 2020, men dette har blitt utsett.
2. Sunnhordland - jamleg kontakt, logging og formidling har blitt gjort ved museet. Bjørn Enes gjennomførte nye intervju desember 2020. Framhald i 2021.
3. Skuleprosjekt Bergen/Fridalen – gjennomført og avslutta før andre halvår 2020.
4. Kvalfangst - planer om oppfølging, dei har sjølv arbeidd vidare etter kurs. Dei har gjennomført intervju, og skal gjennomføre loggekurs, men dette vart utsett frå hausten 2020 til 2021 pga eit dødsfall i gruppa, og den generelle pandemisituasjonen.
5. Bergen/Bydelshistorie, heiter no Bydelene forteller, del av 950-årsjubileet i Bergen i 2020. Prosjektet blir forlenga, og det skjer mykje aktivitet i samarbeid med Amatørkulturrådet og lokale historielag, mellom anna stubbkart for Bergen.
6. Grefsen, Kjelsås og Nydalen historielag. Her var det planlagd kurs i haust som er utsett til våren 2021. I tillegg har det vore aktivitet gjennom intervjuopptak og dokumentasjon av Årvoll.
7. Romani - søkt midlar, dei har vidareutvikla dette lokalt, Glomdalsmuseet og frivillige har heldt fram med arbeidet. Vi har vore tilgjengeleg som fjernstøtte og med infrastruktur for prosjektet. Råd og rettleiing.
8. Industri/Raufoss: Prosjektet kom i gang med fleire intervjuopptak om levd liv i arbeiderbrakka “Boli’n” og oppveksthistorier på Raufoss i siste halvdel av februar 2020. Den 19/2 stilte 84 industriveteranar på møtet i Fyrverkeriet Kulturhus for å markere oppstarten av industriprosjektet som Toten Historielag og Memoar samarbeider om. Som nemnd har dette prosjektet fått ei tilleggsløyving frå Kulturrådet 100 000kr. Det vart gjennomført ei stor innsamling 2-5 desember 2020. 10 nye enkeltintervju og 1 gruppeintervju med 10 personar i gruppa. I tillegg har det blitt gjennomført intervju i Kristiansand i haust, og oppfølgingsintervju i desember 2020.
9. Midt-Troms - planlegg oppfølging som har vore utsett pga. korona. Fullføring av dokumentasjonsarbeid, evt. dokumentasjonskurs står som neste trinn. Det har ikkje vore aktivitet hausten 2020, men planlegg vidare oppfølging i 2021. 
10. Skuleprosjekt i Kristiansand, Møvik ungdomsskule og Kanonmuseet i Kristiansand. Resultatet vart ein installasjon som fekk namnet “Ungdom møter Møvik” og var vart opna 18. juni. Dette prosjektet vart gjennomført og avslutta før andre halvår 2020.
11. Skuleprosjektet “Lokalhistorie i skulesekken” saman med Historietorget og Møhlenpris Oppveksttun i Bergen. Fram til skulen stengte, arbeidde vi med planar om ei konsentrert veke med opplæring og intervjuopptak. Denne blei utsett til hausten. Prosjektet vart gjennomført november 2020, og skal avsluttast med ein klassefest der klassa ser filmen dei laga. Denne filmen er tilgjengeleg for allmennheita  (https://vimeo.com/490782076).  Her fekk vi inn ekstra prosjektmidlar organisert gjennom Landslaget for lokalhistorie.


Foto: Glimt frå filmen produsert som del av sluttrapporten til prosjektet snublesteinane, 
med Møhlenpris skule hausten 2020.



12. Kurs og opptaksøkter i Porsanger blei gjennomført (27-29. januar). Oppfølging, dokumentasjon og samtykke står att for ferdigstilling. Noko vart gjort i høve Aldringsfestivalen i felles prosjekt med Fremtenkt hausten 2020 knytt opp mot berekraft (sjå lengre nede). Koronapandemien har vore ein medverkande årsak til at det har vore vanskeleg for dei sjølve å halde fram med arbeidet.
13. Oppstart av Mjøsaksjonen. Opptak vart gjort 17 og 18. februar. Det har ikkje vore aktivitet hausten 2020, men prosjektet blir med vidare inn i 2021.
14. Kurs og opptaksøkter i Gudbrandsdal (Ringebu) blei gjennomført 19-21. februar. Oppfølging i 2021. Det har ikkje vore aktivitet her andre halvår 2020.
15. Arendal. Hausten 2020 har det vore noko oppfølging i høve bruk av materiale til Aldringsfestivalen (sjå Fremtenkt under). Oppfølging og dokumentasjonsarbeid er planlagd i 2021.
16. Koronasamtalar. Prosjektet heldt fram hausten 2020. Totalt seks personar har vore involvert som frilansintervjuarar (Bjørn Enes, Mailinn Byrknes, Kathrine Klinkenberg, Cathrine Hasselberg, Johan Knutsen, Sara Kohne). I alt er i overkant av 120 intervju samla inn. Vi ser for oss at dette innsamlingsprosjektet held fram. Våren 2021 er to artiklar basert på dette materialet under planlegging, ein som skildrar innsamlingsprosjektet til fagtidsskriftet Tidsskrift for kulturforsking, og ein meir populærvitskapleg til Norsk Folkeminnelag sitt Folkeminne der eksempel frå intervjua blir nytta. Prosjektet har vidare fått fleire avleggarar i samarbeid med Norsk Folkemuseum – bok og podkastserie, med 100 000 i ekstra prosjektmiddel til bokproduksjon, og 50.000 til podcast frå Fritt ord.
17. Steinkjer 23-25 september: Kurs om munnleg historie og forteljarkunst i samarbeid med Midt-Norsk Fortellerforum og Hilmarfestivalen. Har ført til to nye samarbeidsprosjekt i 2021.
18. Halden 16-18 september 2020 skulle vi hatt introduksjonskurs til munnleg historie i samarbeid med Østfoldmuseene. Dette vart utsett på grunn av pandemien.
19. Tromsø 8-10 oktober skulle vi ha starta opp med kurs som skulle leie til to dokumentasjonsinnsamlingar, den eine om ishavsfangst, den andre om bydelsidentitet. Samarbeidspartnarar er Tromsø bibliotek og arkiv, og historielaga i Tromsø. Dette vart også utsett pga. koronapandemien.
20. Åseral 12-14 oktober. Oppstart av delprosjekt Åseral i samarbeid med Åseral sogelag, Agder historielag, Åseral kommune og Minne kultursenter. Åseral kommune har som fyrste kommune i landet sett munnleg historie og Memoar inn i kommuneplanen. Dette kurset blei gjennomført. Oppfølging og dokumentasjonsarbeid står att.
21. Møhlenpris, bydelshistorie. Sommar og haust har Memoar vore til hjelp når Historietorget (Djerv idrettslag) har oppretta eige intervjustudio gjennom innkjøp av utstyr og opplæring. Utstyret har blitt vidarefakturert Frivillighetssentralen, og dermed ser det ut som vi både har kjøpt meir utstyr og hatt meir inntekt enn vi har hatt i rekneskapet.
22. Fremtenkt.no er ein sosial entreprenør som arbeider med ulike prosjekt knytt opp mot berekraftsmåla. Våren 2020 søkte vi saman om eit felles prosjekt knytt opp mot Aldringsfestivalen, og fekk 14.400 kr til dette. Prosjektet kom ordentleg i gang hausten 2020. Memoar si rolle i prosjektet har vore å finne og sette saman videosnuttar der forteljarar deler erfaringar som kan knytast opp mot FN sine 17 berekraftsmål. Her inngår forteljingar om helse, skule, bymiljø, arbeidsmiljø osb. Sidan Aldringsfestivalen i løpet av perioden endra form og ikkje lenger kunne arrangerast som opphavleg tenkt, vart formidlinga av snuttane endra. Dei vart i staden sendt ut som adventskalender. Dette prosjektet gav verdifulle erfaringar om bruk av munnleg kjeldemateriale til nye og andre prosjekt, og korleis tenke rundt emneord og elles dokumentasjonsarbeid.
23. Søndre Aker historielag. Kurs planlagd haust 2020, men utsett pga korona. Digital versjon av kurs under planlegging.
24. Kampen historielag. Kurs planlagd haust 2020, men utsett til 2021. Har fått tilbod om digitalt kurs.
25. Tekstlab/Interkulturelt museum: Bydelsidentitet Grønland. Kurs gjennomført 4-5 oktober. Føremål å bruke i kunstprosjekt og til arkiv. Deltakarar var ungdom frå Grønlandsområdet og tilsette ved IKM.
26. Tekstlab/Interkulturelt museum: Kjærleik i 2021. Kurs gjennomført 4 + 6 oktober. Føremål å bruke i museumsutstilling og til arkiv. Deltakarar var ungdom frå Grønlandsområdet og tilsette ved IKM. Ungdomane i desse to Tekstlab/Interkulturelt museum-prosjekta var ikkje same gruppe.
27. Brannfolk. Intervju gjennomført 15.12.2020. Dokumentasjonsprosjekt for Bergen brannfolk som held fram våren 2021.
28. Motkultur er eit tematisk prosjekt som Memoar byrja med tidleg, men som har vore brakk dei siste åra. No har vi hatt høve til å friske opp i prosjektet, og har hausten 2020 gjennomført fleire intervju med mellom andre Audun Engh som tidlegare var redaktør for Gateavisa, i tillegg til Terje Nypan, Christian Vennerød og Jan Bojer Vindheim som var aktive i glanstida til Gateavisa. Geografisk har Oslo vore i fokus her. Dokumentasjon og publisering står att, i tillegg til mange intervju som blei utsett pga. pandemien.
29. Årvoll skole, Oslo, Lokalhistorie i skolesekken. Vi søkte om finansiering til skuleprosjekt og fekk 27 625, det vi søkte om, til gjennomføring våren 2021. Sjuandeklassingar skal intervjue personar i nærmiljøet om Årvoll og framveksten av denne ganske nye bydelen.
30. Christi Krybbe Skoler, Bergen, Lokalhistorie i skolesekken. Til dette prosjektet søkte vi om, og fekk 23 725 kr, til gjennomføring våren 2021. Også her er det sjuandeklassingar som er målgruppa. Dei skal gjennomføre videointervju med tidlegare tilsette, naboar og tidlegare skuleelevar ved skulen sin, den eldste skulen i Norden. Slik komplimenterer desse to skuleprosjekta kvarandre på ein fin måte. Dette er siste året finansieringa under namnet Lokalhistorie i skolesekken er tilgjengeleg, og tildelingsgruppa har formidla begeistring over munnleg historie som metode for historieinnsamling, historieformidling, og historieforståing. Dei var difor ikkje i tvil om at arbeidet som Sparebankstiftelsen DNB har gjort mogleg, var noko dei også ønskte å vere med på å støtte.
31. Tamilsk diaspora: Kontakt er oppretta hausten 2020. Memoar skal vere med og halde innlegg om muntleg historie for fleire tamilske organisasjonar, for det meste organisert på austlandet. Dette blir gjort i samarbeid med Oslo kommune, Nasjonalbiblioteket, Bergen kommune og Arbeiderarkivet. Føremålet her er å spreie kunnskap om munnleg historie til diasporamiljøa for så seinare å kunne opprette samarbeid om å gjere innsamlingar.
32. Besteforeldrenes klimaaksjon: I høve det historiske klimasøksmålet mot staten av Natur og ungdom, Greenpeace og Besteforeldrenes klimaaksjon, er det sett i gang eit større dokumentasjonsprosjekt i Oslo. To intervju vart gjennomført hausten 2020. Fleire står att. Dokumentasjon og publisering står att.
33. Stubbkart for Oslo: I samarbeid med Grefsen-Kjelsås-Nydalen historielag blei det gjort opptak av eit lokalt skulesekkprosjekt i skogane ved Grefsenkollen som det blei produsert stubbar av i etterkant.
Sporar til nye prosjekt
Moglege nye prosjekt er også på trappene. Vi er i startgropa på eit mogleg dokumentasjonsprosjekt på Nordøyvegen, der Sunnmøre Museum og Haram kulturhistoriske lag er aktuelle samarbeidspartnarar. Vi har også ein prosjektsøknad inne til vurdering hos bydelshusa i Bergen innan psykisk helse. Vidare er vi i samtalar med Grønland historielag om bydelidentitet som høver fint saman med Tekstlab-prosjektet om bydelsidentitet blant unge på Grønland. Vi har også hatt møte med Gestapomuseet for å lufte tankar om moglege fellesnemnarar og fellesprosjekt.
Memoar har blitt med i eit nettverk om forteljingskunst, TALE. Vidare er vi i samtalar om eventuelle samarbeid med Jakob Sande-senteret og det Nasjonale forteljesenteret ved Liv Hege Skagestad (https://jakobsande.no/?). Dette arbeidet ser vi fram til å vidareføre i 2021. Vi har også byrja å ta opp kontakt med Deichmanske bibliotek i Oslo med tanke på eventuelle framtidige samarbeid eller utvikling av intervjustudio på bydelsavdelingar.
Memoar har saman med Fellesrådet for historielag i Oslo og Regionalt historielag for Sør-Trøndelag søkt om midlar til eit digitaliseringsprosjekt av audiovisuelt materialet hos Kulturrådet på 500 000kr. Dette er tenkt som eit pilotprosjekt. Vi ventar på svar på søknaden hos Kulturrådet.
Vi er i samtale med medisinhistorikar Magnus Vollset om deltaking i undervising for medisinstudentar ved UiB, med vektlegging på medisinhistorie og endring i medisinpraksis over tid. Planlegging vil i så fall gjerast i 2020, med undervisingsopplegg tentativt i januar 2021.
Vidare arbeider vi med infrastrukturen vår, og har søkt om hjelp av Prosperastiftelsen. På dette ventar vi på svar. Vi veks, og mengda med materiale blir berre større. Å tilpasse arbeidsmåten til tida og økonomien vi har til rådigheit er viktig.
Heilt på tampen av 2020 byrja vi også å snakke om arbeid med munnleg historie opp mot barn og unge meir generelt, med fokus på erfaringsutveksling og inspirasjon til kursleiarar og lokalhistorielag.
Utviklingsarbeid
Vi arbeider med å gjere munnleg historie kjent som kjeldekategori, og styrke feltet på ulike vis. Hausten 2020 vart intervjustudioet i Bergen offentlege bibliotek oppgradert av biblioteket, og er no mykje betre utstyrt. I det følgjande er det høyringssvararbeidet, Memoarkonferansen og arbeidet med planlegging av eit senter eller funksjon for munnleg historie vi skildrar.
Høyringssvararbeid
Hausten 2020 har vore prega av planarbeid og forming av innspel. Det gjeld utforming av høyringsinnspel til dei Nasjonale forskningsetiske komiteer (NESH) som reviderer sine forskingsetiske retningslinjer for Humaniora og Samfunnsvitskap. Svært mykje av forskinga som kan ta utgangspunkt i munnleg kjeldemateriale gjer det i samråd med dette rammeverket. Både Memoar sitt høyringssvar og høyringssvaret frå Forening for kulturforsking der Line sit i styret, har særleg tatt inn behov som munnleg kjeldemateriale har.
Bergen kommune har i haust søkt etter innspel til to planar. Den eine er Plan for deltagelse og mangfold i kunst- og kulturfeltet 2021-2030. Memoar leverte høyringssvar til dette utkastet. Den andre planen var tidlegare i prosessen, Plan for museum og kulturvern. Her søkte kommunen særleg etter idear og innspel som kan vere med når dei utformar planen, og planarbeidet inkluderte mellom anna ein innspelskonferanse fredag 22. oktober 2020, der Bjørn representerte Memoar med ein film og ein presentasjon. Til denne planprosessen har vi også levert eit skriftleg innspel. Eit av momenta som Memoar har foreslått for Bergen kommune har vore tanken som ligg bak Senter for munnleg historie, og at ein slik funksjon kan vere til støtte for mange målsetjingar og behov innan kultur(arvs)feltet.
I 2019 og 2020 gjennomførte Norsk ICOM og Norges museumsforbund eit samarbeidsprosjekt om konkretisering av ICOMs museumsetiske retningslinjer for å tilpasse dei behov i norske museum. Også her leverte Memoar eit høyringssvar der munnleg historie vart lagt vekt på som eigen og relevant kjeldekategori.
Memoarkonferansen
Memoarkonferansen vart gjennomført fredag 22. til laurdag 23 oktober. I tillegg var det eit frilansseminar torsdag 21. oktober. Hovudtemaa for konferansen var ‘Personvern og ytringsfridom’, ‘Krisedokumentasjon’ og ‘Minnespor’ - eit utval av munnleg historieprosjekt i Skandinavia. Vi gjennomførte konferansen gjennom ei hybridløysing. Eit knippe menneske var til stades i salen på Bergen offentlege bibliotek, medan det store fleirtalet deltok digitalt. Det var om lag 50 til stades totalt sett. Diskusjonane som gjekk føre seg under konferansen har vore viktige for den faglege utviklinga av feltet, ikkje minst den viktige forskingsetikkdiskusjonen. Program står det meir om på www.memoarkonferansen.no. Her er det også lagt ut videoar av foredraga der foredragshaldarar godkjente dette.
 
Her er Vibeke Flesland Havre i gang med sin presentasjon under Memoarkonferansen 2020. 
Foto: Line Grønstad
Senter for munnleg historie
Føremiddag før Memoarkonferansen gjennomførte vi eit seminar i tilknyting til konferansen der eit senter/funksjon for munnleg historie vart diskutert. Her var akademia, museum, frivillig sektor med i diskusjonen. Omgrepet Senter vart av enkelte peika på som problematisk fordi det kunne gje assosiasjonar til ei sentralisering av funksjonen. Føremålet med seminaret var opphaveleg å skape ein organisasjon for det vidare arbeidet med senteret, men det var allereie på førehand klart at initiativet enno ikkje var modent nok hos mange nok til at dette var mogleg å gjennomførte på denne dagen. Forslaget til føremål som foreslått tidlegare på nettsida til initiativet blir ståande som det er. www.munnleghistorie.no / www.muntlighistorie.no. I forkant av initiativet samla komiteen inn signaturar for støtte av initiativet. Desse kan sjåast nedst i framsidedokumentet. I skrivande stund, 18.12.2020 har 62 personar signert på initiativet. Vi arbeider vidare med initiativet, mellom anna gjennom politisk arbeid.
Organisasjon
I løpet av sommaren bestemte Barbro Matre seg for å gå tilbake til sin opphavlege sektor, nemleg barnehagen. Sjølv om vi saknar Barbro, veit vi at det er ein veldig heldig barnehage som har fått henne som tilsett.
Vi hadde eit styringskomitémøte i Bergen 10.08.2020, der Line Esborg, Audun Kjus, Anne Marie Kollhus, Bjørn Enes og Line Grønstad var til stades. Høve vart også nytta til å samle frilansarane og andre tilknytta Memoar og prosjektet. Ada Freng, Johan Knutsen, Jonas S. Rudjord, Sara Kohne, Cathrine Hasselberg, Marie Nicolausen var til stades store delar av dagen.


Frå venstre: Bjørn, Cathrine, Line E, Johan, Sara, Marie, Anne Marie og Audun (Ada var også tilstades). Foto: Line Grønstad


På dette møtet vart det gjort eit prinsippvedtak om at MHA skulle halde fram med å nytte frilansarar inntil vidare framfor å søke etter og tilsetje ein ny person i fast prosjektstilling. Dette høvde også godt sidan aktivitetsnivået endra seg med epidemien.
I perioden har Johan Knutsen lagt arbeidet i Memoar (Sjøfartsprosjektet) på is for å konsentrere seg om masteroppgåva si. Jonas Rudjord som har vore tilsett som praktikant, har i periodevis vore ute av verksemda på grunn av heimekontorsituasjonen. Bjørn Enes har vore aktiv gjennom heile perioden, og når Line Grønstad har vore oppteken med doktorgradsarbeidet, har Bjørn vore vikar som prosjektleiar for MHA. Line disputerte 11. desember 2020, og er no ferdig med doktorgraden sin.
Tilknytt som frilansarar i 2020 har vore Mailinn Byrknes, Sara Kohne, Cathrine Hasselberg og Kathrine Klinkenberg. Medan dei fleste frilansarane etter kvart har blitt opptekne på anna hald, har Kathrine Klinkenberg heldt fram som frilansar, og Cathrine Hasselberg har dei siste månadane av 2020 arbeidd fullt med Memoar/MHA i Oslo. Vi har saman sett opp eit kontor på Etterstad, og dette har gjort det mogleg å ha målretta arbeid i Oslo opp mot historielaga der, men også tematisk opp mot det nemnde Motkultur-prosjektet, Deichmanske bibliotek og skuleprosjekt.
Vi har hausten 2020 utforska digitale arbeidsmåtar med mellom anna livesendingar. Dette har vist seg meir sårbart enn opphavleg tenkt på grunn av fare for ustabile nett. Der nettet har vore stabilt, har dette fungert veldig bra. Det har også vist seg som ein måte å skaffe tilleggsinntekt på og gir verdifull erfaring til ein mogleg framtidig driftsmodell.
Vi fekk kompetansemidlar av Bergen kommune på 77 000 kr til tilpassing av drift gjennom innkjøp av utstyr og kurs til meir digitale arbeidsmåtar. Vi har arbeidd med fjernintervju og teknologi for dette. Vidare har vi nytta midlar på kurs i USA og Storbritannia.
Cathrine Hasselberg har erfaring frå podkastarbeid, og heldt kurs for Memoar som ein del av styringskomitémøtet 10. august. Dette inspirerte oss. Så langt har vi produsert ein podkast i tillegg til serien med podkastar som Cathrine er i ferd med å lage ut frå koronasamtalane i lag med Audun Kjus og Norsk Folkemuseum.
Cathrine og Bjørn gjennomførte undervisning for bachelorstudentar om videointervju på UiO 24 august og 7. september. Dette var lønna oppdrag, og vart gjort i tillegg til ordinært arbeid, men basert på erfaring og arbeidsmåte frå Memoar.

Skjermdump frå Bergen kommune sine nettsider.
Bjørn vann kulturprisen for Årstad bydel for 2020. Prisen vart delt ut tysdag 8.desember 2020 av kulturbyråd Kathrine Nødtvedt. Sjølv var han til stades på arrangementet på oppdrag for å filme og dokumentere arrangementet for Amatørkulturrådet, men enda opp med sjølv å miste mål og mæle. Arbeidet gjennom Memoar, og ikkje minst alt han har gjort i MHA var viktige grunngjevingar for kvifor han fekk denne prisen, og ekstra stas var det at det var Line som nominerte han.
Hausten 2020 byrja vi å planlegge digitale kurs innan dokumentasjon/logging, men også som erstatning for fysiske kurs. Dette blir uansett ikkje det same, og vi opplever at det digitale ikkje kan erstatte fysiske møte mellom menneske. Men digitale kurs høver inn i porteføljen av aktivitet, og der det ikkje er mogleg med fysiske kurs kan digitale kurs vere eit høve til å halde fram med arbeidet.
Organisasjonen Memoar har etter søknad fått komme på eiga linje på Bergen kommune sitt budsjett, med 100 000 kroner for 2021. Dette vart vedtatt i bystyret 16.des.2020. Dette gir ein tryggleik for organisasjonen og er eit viktig bidrag til at arbeidet kan halde fram også meir uavhengig av enkeltoverføringar og prosjektmidlar, og er med på å dekke driftskostnader.
Året avslutta med at Line fekk representere Memoar under førpremieren av filmen Bergen i all beskjedenhet 22. desember, ein slags dokumentarfilm der Bjørn og Ada Freng sto på lista over personar som vart takka i rulleteksten.
Økonomi
Som vist i førre rapport, har MHA blitt påverka økonomisk dette året. Vi har brukt vesentleg mindre enn vi har hatt rom for. Dette har fleire årsaker. Ein er at vi i mindre grad har hatt høve til å reise. Vidare har omlegging av korleis vi har arbeidd gjort at vi mellom anna har heldt fram med frilansarar framfor å tilsetje nokon fast i prosjektet som erstatning for fråfall i staben. Line sine ubetalte permisjonar for ferdigstilling av doktorgradsavhandling og for førebuing til disputas har også ført til at kassa har stått stille framfor å minske dette halve året. Ein siste og viktig grunn er at Sparebankstiftelsen DNB si støtte til MHA har gjort det mogleg å lage prosjekt som andre ønskjer å støtte, og vi har i 2020 fått tilleggsmidlar til Memoar/MHA frå Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Vest,  Lokalhistorie i skulesekken, Fritt ord og Kulturrådet. Denne såkornfunksjonen er svært viktig og gjer at munnleg historie blir synleg som relevant og sentralt for mange aktørar. Dette arbeidet er noko dei vil vere med på også.
Noko meir har gått med til utstyr, og til auka frilanskostnader.
Rekneskapet følgjer med som separat vedlegg.
Takk for eit underleg, men også produktivt år. Vi ser fram til det neste året!

Bergen - 10. februar 2021



Bjørn Enes Line Førre Grønstad 
Styreleiar – Memoar prosjektleiar «Munnleg historie for alle»



Comments