Protokoll frå stiftingsmøte 2. juli 2015 -
Memoar.
Torsdag 2. juli kl 12 - 13 vart det
gjennomført stiftingsmøte for organisasjonen Memoar.
Møtet vart gjennomført i Nordbøveien
16 med elektronisk deltaking av tre medstiftarar som ikkje kunne møte
personleg på grunn av reise. Dei som tok del i stiftingsmøtet var:
Bjørn Enes (til stade), Astrid Helene
Olsen (til stade), Jostein Saakvitne (tilstade over telefon), Lars
Ole hafsmo (tilstade over telefon) og Gunn Marit Sæbæ Meyer (til
stade over telefon)
Fylgjande saker vart gjennomgått:
Presentasjon av bakgrunnen for
møtet. Dette vart gjort ved at Bjørn Enes gjekk gjennom
forhistoria slik den er oppsummert på nettsida www.memoar.org.
Forslag til vedtekter. Forslaget
var sendt ut på førehand. Det vart einstemmig vedtatt som
vedtekter fram til fyrste ordinære årsmøte hausten 2015.
Val av styre: Fylgjande styre vart
vald:
Leiar: Bjørn Enes
Øvrige
styremedlem: Jostein Saakvitne, Lars Ole Hafsmo, Gunn Marit Sæbø
Meyer, Astrid Helene Olsen, Tove Heggø.
Arbeidsplan: Fylgjande plan vart
vedteken:
Styret skal arbeide
for å etablere intervjustudio og serverløsying i samarbeidf med
Bergen Bibliotek og Bergen Byarkiv.
Det skal
produserast og publiserast eit knippe videoforteljingar snarast råd.
Me skal forsøke å
gjennomføre tre åpne møter i haust.
Innan jul skal me
ha starta medlemsverving, innkalt og gjennomført det fyrste ordinære
årsmøtet.
Budsjett: Fylgjande budsjett vart
einstemmig vedteke:
Oppgradering av
studio i samarb. med biblioteket: kr. 20.000,-
Kostnader utanom
arbeidskost (domene, epost etc) Kr. 2.000,-
Annonsering kr.
3.000,-
Sum kostnader i
interimperioden kr. 25.000,-
Søknad
kulturkontoret i Bergen kr. 25.000,-
Astrid
Helene Olsen og Bjørn Enes vart valde til å signere protokollen.
Møtet vart avslutta kl. 13
Ssigner:
Astrid Helene Olsen /s Bjørn Enes /s
Protokolltillegg - stiftingsmøte 2. juli 2015 - Memoar.
I etterkant av stiftingsmøte er det peika på at det vart vald ein person for mykje til styret, i og med at
paragraf 6 i vedtektene slår fast at det skal velgjast tre eller fem personar til styret.
Etter ei telefonisk rådslaging mellom styremdlemmene har det vist seg at det er semje om at det
sjette styremedlemmet, Tove Heggø, ikkje skal reknast som innvald i styret. Heggø er orientert om
dette, og har ingen innvendingar mot det.
Det har vore semje om at denne saka er reint formell og ukontroversiell, og at det ikkje er naudsynt
å kalle inn til formelt møte. Men det var semje om at det skulle utformast som eit tillegg til
stiftingsprotokollen for av omsyn til registreringsprosessen i Eings- og Frivillighetsregisteret.
8. juli 2015
Bjørn Enes