Den 2. februar 2017 kom byråd Julia Andersland til Memoar og fortalde at organisasjonen hadde blitt tildelt Bergen Kommune sin kulturvernpris. I denne videoen presenterer ho gladmeldinga for Bjørn Enes, som har vore leiar for Memoar sidan starten. Han kvitterte med å gi ein presentasjon av kva Memoar har gjort så langt - før han gjekk over på å gjennomføra eit minneintervju med Andersland. Ho fortel om korleis ho vart politikar, litt om overgangane frå ungdomspolitikar til parti, vidare til bystyre - og så til Byrådet. Ho fortel om dilemmaer når "små" og store saker kjem på kollisjonskurs - som for eksempel interessekonflikten mellom parsellhagar og vegutbygging. Les meir på memoar.no - og på hennar eiga memoar-side: Julia.Andersland.Memoar.no |
Tematiske prosjekt > Bergen: >