Produksjon‎ > ‎

Nordhordland

Nils Gjerde

lagt inn 3. feb. 2018, 13:50 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. feb. 2018, 14:00 ]

Nils Gjerde frå Radøy har bygd opp meinigheita Betel i Sletta. Ein periode var han ordførar for KrF. Her fortel han om barndom i 1930-åra, krigsåra, etterkrigstida og åra fram til dagens samfunn.


 "Far dreiv småbruk og eg var einebarn. Men det var dårlege tider, så eg vart ikkje bortskjemt av den grunn. Me som vaks opp i dei harde 30-åra hadde inga framtid. Skulle ein få koma inn som læregut i ei bedrift, måtte det muter til for å få læregutstillinga.
Eg har vore med på å byggja opp den frikyrkjelege meiningheita Betel i Radøy, og eg vart sjølv døypt 19 år gamal. Me kunne bruka ungdomslokala til møta våre, men kyrkjer og bedehus var lukka for oss.

Krigen kom som ei utrygg tid. Ein visste ikkje om naboar var NS-medlemer eller ikkje. Me hadde likevel ikkje restriksjonar frå Wehrmacht si side når det gjaldt møteverksemda vår i pinsemeiningheita Betel. Sjølv om me ikkje hadde radio under krigen, beundra me Kong Haakon. Og Max Manus var litt av ein sprellemann.

Eg tykte ein var urimeleg hard med dei såkalla tyskarjentene etter krigen. Dei var unge og uerfarne, og kjærleiken har ingen grenser mellom nasjonane. Kvinner har ein svakheit for alt som heiter glitter. Denne svakheita kom også fram under krigen då jentene vart blenda av dei tyske uniformerte soldatane. Om det var tyskarar, engelskmenn eller russerar i uniform, så gjorde den same svakheita seg gjeldande.

Eg har og ein teori om kvifor folk melde seg inn i NS. 1.maifeiringa, med raude flagg, verka på mange nesten som ein boikott av 17.mai. Eg trur borgarskapet var luta lei av dette. NS hadde ein appell til dei svake sjelene, som ikkje tenkte så veldig mykje, om å slutte seg til det som var norsk, og NS fikk soleis ein del medlemer på dette grunnlaget. Men tidlegare NS-folk bør ikkje lenger fordømast. Nok er nok! Eg er likevel samd i dødsdomane som vart avsagt over dei store landsforrædarane, gestapistane og torturistane.

Etter krigen har eg site 24 år i kommunestyret og åtte år i Fylkestinget. Det kan vere mangelfullt med eldreomsorg her i landet, men det er himmelvid skilnad samanlikna med korleis det var før. I dag får folk som treng det penger rett i handa. Det er nesten for godt til å vera sant! Eg meiner at me ikkje har noko inn i EU å gjera, og eg trur at Danmark, Sverige og Finland gjorde eit forhasta vedtak."

Nils Gjerde

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/237714101#t=0h22m40s ) 


00:00:00   Heim og oppvekst
00:45:00   Dårlege levevilkår
03:25:00   Oppbygginga av menigheita Bethel
10:43:00   Søndagsskulearbeid
13:10:00   Tilhøvet til dei "verdslege"
14:40:00   Nokon som spotta dykk?
15:25:00   Aldersfordeling og kjønn i menigheita
16:35:00   Sentrale namn i vekkelsesbølgja
18:50:00   Krigstida, 9.april, tyskerane
21:40:00   Kvinneleg svakheit for uniformar
22:40:00   NS i Nordhordland
23:47:00   Politisk engasjement
24:40:00   Syn på politikk og samfunn

John Pettersen

lagt inn 3. feb. 2018, 13:41 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. feb. 2018, 13:45 ]

Her fortel John Pettersen om krigsinnsatsen sin. Ute til sjøs då han fekk nyheita om den tyske okkupasjonen av Norge. Militær opplæring i USA, kom til England, med under invasjonen i Normandie og frigjeringa av Nederland og Belgia. Gifta seg etter krigen og flytta attende til Radøy etter at familien budde nokre år i USA.

   "Eg var nummer tre i rekkja av fire brør. I motsetnad til mange andre så var far i fast arbeid, og me svolt aldri. Eg var med i avhaldslosjen og ungdomslaget. Det hendte at me fekk lov til å følgje jentene heim, men skikken var at gutane måtte halda fleire meters avstand til jentene når dei gikk heimover saman. Eg vart forlova i mars 1939 og reiste til sjøs kort tid etterpå. 

9. april 1940 var me på veg frå Japan til USA, då telegrafisten kom med nyheita om den tyske okkupasjonen av Norge. Etter å ha mønstra av, registrerte eg meg på det militære kontoret i Brooklyn. Etter å ha fått opplæring i ein norskamerikansk skibataljon i Colorado, vart me sendt med ein hurtigkonvoi til England i september 1943. Me trente natt og dag i leiren utanfor London ,og me skjøna at noko var i emning. 6.juni 1944 vart me køyrt nedover mot ein leir i nærleiken av kanalen. Ingen fortalte oss at D-dagen var byrja, då me drog over kanalen i ein amerikansk troppetransport. Utanfor Normandie vart me liggjande på reia i 3 – 4 døgn før krigsmateriell og me soldatar vart sett i land. Det gjorde eit voldsomt inntrykk då me såg alle dei hvite krossane på kyrkjegardane. Eigne avdelingar hadde allereie begravd dei falne soldatane.

Då me hadde rydda Cherbourgh, kom general Eisenhower på inspeksjon. Vakta frå vår tropp hadde fått beskjed om ikkje å sleppe nokon gjennom, og vakta stoppa general Eisenhower, som heller ikkje slapp gjennom. Resultatet vart at generalen forlangte 50 mann frå vår tropp til å vakte hovudkvarteret sitt. Etter at kontrollen over Cherbourgh var oppretta, gjekk troppen vår sørover i Frankrike. Major Hansen leia oss på resten av felttoga som eg var med på, og me heldt fram marsjen gjennom Belgia, Holland og Tyskland. Major Hansen vart seinare mangeårig amerikansk ambassadør i Norge.

Gleda var stor då me omsider fekk greie på at krigen var slutt i Norge. Me kom til Oslo 4.juni 1945. Då Kong Haakon kom 7.juni sto me vakt, skulder ved skulder, på Karl Johan. I august fekk eg åtte dagar permisjon og reiste heim til jenta som eg hadde vore forlova med sidan 1939. Ho hadde venta trufast i alle år. Me var begge 30 år då me gifta oss. I 1944 hadde eg fått amerikansk statsborgarskap, og eg reiste attende til USA saman med troppen vår for å verta dimittert. Eg fekk jobb på eit skipsverft, og kona og den eit år gamle sonen kom over med Stavangerfjord i 1946. I 1953 drog me tilbake til Radøy der eg overtok farsgarden, fekk meg arbeid, og me slo oss ned for godt."

Meir om John Pettersen:
  • Lukten glemmer du aldri - BA 8/7-2014
  • Strilen 3/7-2012:  Bataljon 99 - 70 år


Jon Pettersen

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/239405440#t=0h23m55s ) 


00:20:00   Oppvekst
01:27:00   Levevilkår den gong
03:05:00   Jolaftan
03:40:00   Fritidsaktivitetar
05:14:00   Forloving
06:07:00   Sjømannsliv
11:00:00   9.april
13:25:00   Militær opplæring i USA i norsk bataljon
17:35:00   Til England 1943, trening natt og dag
20:10:00   Invasjon i Norge?
20:40:00   Førebuing til invasjonen i Normandie
22:00:00   Kvardagsliv i leiren
23:55:00   Invasjonen
26:45:00   Mine opplevingar før invasjonen
31:00:00   Landing
32:57:00   Fæle inntrykk
33:40:00   Framrykking
34:55:00   Blanda velkomst av dei sivile
35:47:00   Møte med Eisenhower
40:30:00   Gjennom Frankrike med gen.Patton
41:40:00   Gjennom "heile" Europa
42:24:00   8.mai 1945 ingen fest
43:00:00   Til Norge, æresvakt for Kongen
44:44:00   Møte med jenta mi, giftarmål
49:00:00   Åra etter 1945, tilbake til USA
52:05:00   Liv i USA
54:00:00   Tilbake til Norge, tek over farsgarden 1953
55:50:00   Politiske synspunkt

1-2 of 2