Tre kvinnelege sjømenn - dei kallar seg alle så - fortel om levd liv til sjøs, frå 1960-talet fram til i dag:
* Ingebjørg Sæther tok telegrafistskulen i 1963 - før ho hadde sett sine bein ombord i eit handelskip. Ho segla utanriks i "gullalderen" - og gjekk i land i 1973.
* Arnhild Vada Eggum begynte som salongpike i 1970, tok telegrafistskulen og segla fyrst i utanriksfart, så på riggar og plattformar. Då ingen hadde bruk for telegrafistar lenger, gjekk ho over i arbeid som purser på Hurtigruten.
* Kjersti Selvik Wengshoel starta som vaskedame på ferja mellom Forsand, Lauvvik og Oanes i 1990. Ho "glei over" i dekksarbeid etter kvart, og etter ti år på ferja vart ho med i ei gruppe som tok styrmannskulen i Stavanger. Ho begynte å segla som styrmann frå 2002 - og avanserte til kaptein før ho sa farvel til ferjene og drog ut på storhavet. Ho har segla som styrmann og overstyrmann i supplyflåten fram til krisa i 2015 - då vart ho arbeidslaus for fyrste gong. Men berre i eit halvt år - så sto ho på brua att, denne gong på Hurtigruten.
Søndag 6. mai 2018 deler dei minner med kvarandre, samtaleleiar Bjørn Enes frå Memoar - og alle som har lyst å høyra, på Sjøfartsmuseet i Bergen. Arrangementet startar kl 13.
Prosjektet "Sjøfartsminne" er eit samarbeid mellom Memoar, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening.
Det fyrste året har det blitt samla inn 12 grundige intervju om livet til sjøs.
Frå nå fram til desember 1919 er målet å bygge opp ei samling på minst 75 grundige forteljingar frå fyrstehands kjelder om livet til sjøs og på land i Bergensk og vestlands sjøfartsnæring.
Per Gustav Steimler - Del 2I oktober 2015 fortalde Per Gustav Steimler om sitt liv i handelsflåten, frå fyrstereisa i 1962 til han gjekk over til forsyningsskip i Nordsjøen i 1976. I dette opptaket frå ...
Lagt inn 19. okt. 2017, 23:56 av Bjørn Enes
Bjørn Henning Stockmann37 år gamle Bjørn Henning Stockmann er ikke helt sikker på hvorfor det ble sjøen for hans del. Men han tok i alle fall Bergen maritime skole etter ungdomsskolen og ...
Lagt inn 23. sep. 2017, 00:11 av Bjørn Enes
Tom GrasbakkenTom Grasbakken hadde aldri sett havet da han som 15-åring mønstret på. Han vokste opp på et småbruk ved Lillehammer og dro ut som førstereisgutt fra Porsgrunn i 1955 ...
Lagt inn 26. sep. 2017, 09:16 av Bjørn Enes
John Arne HeggJohn Arne Hegg reiste ut som 15-åring i 1957. Han hadde aldri vore i tvil om at han ville bli sjømann, og gjekk rett frå Framhaldsskulen til si fyrste ...
Lagt inn 25. mar. 2017, 02:42 av Bjørn Enes
Edmund Hellman, BergenEdmund Hellman hadde knapt sett sjøen då han bestemte seg for å ta eit firemånaders kurs på Risøy Folkehøgskule for sjøfolk i 1954. Fire månader seinare fekk han si fyrste ...
Lagt inn 18. jan. 2017, 22:48 av Bjørn Enes
Sigurd SkagenSigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han ...
Lagt inn 23. okt. 2016, 02:09 av Bjørn Enes
Olav VindedalOlav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til ...
Lagt inn 24. okt. 2016, 09:54 av Bjørn Enes
Gustav Jørgen MyklebustDet
mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då
hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av
cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River ...
Lagt inn 28. feb. 2017, 22:27 av Bjørn Enes
Ludvig MyrlandI dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som ...
Lagt inn 5. jan. 2017, 10:16 av Bjørn Enes
Paal Strand ("Pablo")Paal Strand reiste
til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til
2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt,
motormann, maskinassistent, båtsmann ...
Lagt inn 24. okt. 2016, 13:18 av Bjørn Enes
Nils Audun Mugaas VassendenVassenden vaks opp i Klokkarvik på Sotra, der mineleggaren KNM Tyr var stasjonert då det nærma seg krigsutbrotet. Han vart kjend med styrmannen ombord, og var augevitne til deler av ...
Lagt inn 5. jan. 2017, 10:27 av Bjørn Enes
Ole Christian NæssOle Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968. Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store ...
Lagt inn 24. okt. 2016, 09:56 av Bjørn Enes
Håkon DrangeHåkon Drange var 16 år då krigen
slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta
til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før ...
Lagt inn 24. okt. 2016, 09:27 av Bjørn Enes
Per Gustav Steimler - Del 1Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter, juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for ...
Lagt inn 20. okt. 2017, 23:14 av Bjørn Enes
Audun OlsenAudun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi ...
Lagt inn 24. okt. 2016, 09:08 av Bjørn Enes
Bjørn HaaveBjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og
flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn.
Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for ...
Lagt inn av Bjørn Enes
I dette opptaket frå januar 2017 held han fram derifrå.
Han fortel om pionertida i Nordsjøen, dei fyrste supplybåtane, problem med amerikanske båtar og utstyr som var utvikla for Mexicogulfen - og amerikansk organisasjons- og leiingskultur - og miljøet i Aberdeen på 1970- og tidleg 80tal.
Han karakteriserer båttypen UT 704 som eit vendepunkt, ikkje berre når det handla om skipskonstruksjonar, men generelt når det gjeld utvikling av utstyr for tilhøva i Nordsjøen. Nyssgjerrig på alt dette nye som kom, vart han ein av dei tidlege brukarane - mellom anna av utstyr for dynamisk posisjonering, heilt frå det var basert på loddline til fast punkt på botnen til det etter kvart vart basert på satelittar og GPS.
Han fortel om tøffe strider, mellom anna kampen for påbod om hydrauliske pelikankrokar i hekken på alle forsyningskip. Han reflekterer om sikkerhetskulturen, og meiner at den fyrst og fremst har røter i godt sjømannskap: "HMS er sjømannskap og sunn fornuft sett i system". Etter kvart kom oljeselskap etter, og i starten var mange av prosedyrane svært nyttige. Han nemner særskilt "Sikker jobbanalyse" (SJA). Men han er kritisk til den siste utviklinga - i dag er prosedyreverket prega at at HMS er blitt eit yrke i seg sjølv. Det bygger ikkje lenger på godt sjømannskap og sunn fornuft. Det kan bli farleg, dersom respekten for HMSprosedyrane vert undergrave, meiner han.
Han fortel om krisa i 1987, som vart dramatisk for hans del: Båten hans - UDI Rimfonn (ex Balder Davis) - vart tatt i arrest i Aberdeen og seinare seld på tvangsauksjon. Han bestemnte seg då for å gå i land, og sat ei tid og fraus i ei hytte på nordsida av Osterfjorden mellom skift som maritim transportkoordinator på Mongstad. Men så vart han henta inn til jobb som maritim inspektør i Hydro, med ansvar for flytting av boreriggar. Dermed bar det for ein stor del til sjøs att - men utan vaktplanar.
"Eg har aldri sett deg så lite som etter at du fekk jobb i land.." sa kona. Steimler tok imot eit godt tilbod om sluttpakke då Hydro og Statoil fusjonerte i 2007. Etter det har han drive sitt eige konsulentfirma innan oljevern.
Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 17. januar 2017. Intervjuar var Bjørn Enes
Per Gustv Steimler (2)
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
lagt inn 22. sep. 2017, 23:55 av Bjørn Enes
[
oppdatert 23. sep. 2017, 00:11
]
37 år gamle Bjørn Henning Stockmann er ikke helt sikker på hvorfor det ble sjøen for hans del. Men han tok i alle fall Bergen maritime skole etter ungdomsskolen og ble deretter motormannlærling. Best husker han årene på kjemikalietankeren Trans Arctic fra Seatrans i Bergen, 1997-1999. Guttungen som mønstret på i Rotterdam hadde lyst til å se verden, og det fikk han også. Stockmann forteller om livet ombord, der kvinnelig mannskap var tabu, der det det var mye fest og gøy, men kanskje litt for mye alkohol etter hvert.
Intervjuet er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek i desember 2016. Intervjuar var Bjørn Enes. Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Lindstad.
Bjørn Henning Stockmann
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
lagt inn 20. sep. 2017, 00:21 av Bjørn Enes
[
oppdatert 26. sep. 2017, 09:16
]
Tom Grasbakken hadde aldri sett havet da han som 15-åring mønstret på. Han vokste opp på et småbruk ved Lillehammer og dro ut som førstereisgutt fra Porsgrunn i 1955. Det ble starten på en 50 år lang karriere til sjøs.
Etter tre år tok han styrmannsskolen, og senere skipperskolen. Han seilte på alle verdenshav, og gikk blant annet med bananer i Sør-Amerika i mange år. Han hadde noen farefulle måneder i Persiagulfen under krigen mellom Iran og Irak, han jobbet offshore i Nordsjøen og gikk med korn til Shanghai.
Men best likte han seg på de ulike hurtigbåtene, det være seg mellom Zanzibar og Dar Es Salaam, Helsingfors og Estland, eller han trafikkerte Middelhavet.
Opptaket ble gjort 08.02.2017, og intervjuer var Bjørn Enes. Dokumentasjonen er utført av Siri Lindstad
Tom Grasbakken
Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h) minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:
https://vimeo.com/231250036#t=0h1m35s )
00:00:00:00
Sjøen var eneste mulighet. Yngst av tre. Lillehammer
lagt inn 25. mar. 2017, 01:36 av Bjørn Enes
[
oppdatert 25. mar. 2017, 02:42
]
John Arne Hegg reiste ut som 15-åring i 1957. Han hadde aldri vore i tvil om at han ville bli sjømann, og gjekk rett frå Framhaldsskulen til si fyrste hyre som hjelpegutt på frakteskøyta Kannaskjær, som gjekk med alt frå murstein og plank til kolonialvarer og øl til handelsmenn og bønder rundt Tronedheimsfjorden. Om hqausten tok han eit tre månaders kurs på skuleskipet "Trøndelag" - og der fekk han tilbod om å reisa til Amerika for å mønstra. Hans fyrste båt var MS "Sønnavind" av Porsgrunn (Borgestad). Han ville helst i maskin, men var for ung og måtte på dekk. Under ein grisete reingjeringsjobb i rennesteinen nedst i romet, bestemte han seg for å bli styrmenn. I fyrste del av intervjuet fortel han om dei fyrste åra til sjøs fram til han var ferdig på styrmannskulen og hadde vore lenge nok i marinen til å få si andre landlov...
Opptaket er gjort 1. februar 2017 i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuar er Bjørn Enes
Embed gadget
Logg over innhaldet i intervjuet:
0:00:33 Frakteskøyte «Kannaskjær»
tømmer, murstein, øl og brus
0:03:14 Bestemte seg på framhaldsskulen –
mange sjøfolk i familien
0:04:30 Draumen om å sjå verda - reiseskildringar
0:05:45 Meldte seg på skuleskipet
«Trøndelag»
0:06:45 Vill i maskin - dmpmaskin
0:08:12 Fekk tilbod om å hyre i USA -
pass og visum
0:09:50 -Til USA med fly, desember 1957
0:10:55 Brann i flymotoren på Island
0:12:05 Sjømannshjemmet i New York -
fyrste blåveis
0:14:45 På tur i New York - i Mariusgenser
0:16:28 Fekk båt - mønstra som dekksgutt
«Sønnavind» av Prosgrunn
0:17:35 Mannskapet - mange uteseglarar
og krigsseglarar
0:18:40 Å purra ein krigsseglar ….
0:20:35 Maskinsjefen - hovudskade frå krigen
0:21:30 Kaptenen var også krigsseglar
0:21:59 "Sønnavind" - 18 år gammel -
treluker
0:22:30 Det var style den gongen
0:23:15 Rutiner - gjera båten sjøklar - lukene
0:24:20 Skjærstokkar, kongestokk og
blindstokk
0:25:05 Shelterdeck
0:25:55 Presenningane og skalkejern
0:28:05 Treluker vanleg fram til 1970-talet
0:28:45 McGregorluker - balanseluker
0:31:25 Lukene har blitt større og større
0:33:40 Bommane skulle leggjast ned
for å bli sjøklare
0:33:15 Dekksmannskapet - ti mann,
fordekk og akterdekk
0:34:12 Fyrstereisa på austkysten av USA
Sjauarane i Newark - skulle vera vakt - «bloody eye»
lagt inn 18. jan. 2017, 22:47 av Bjørn Enes
[
oppdatert 18. jan. 2017, 22:48
]
Edmund Hellman hadde knapt sett sjøen då han bestemte seg for å ta eit firemånaders kurs på Risøy Folkehøgskule for sjøfolk i 1954. Fire månader seinare fekk han si fyrste hyre på M/S "Avance", som tilhøyrde Jens Henriksen rederi i Risør.
Han møstra på i Antwerpen, hadde fyrste landlov i Puerto Rico og vart så gåande i to år i sukkerfarta mellom Karibia og den amerikanske austkysten. Han trivdest betre enn han hadde gjort nokon gong: "Eg ville ikkje heim att. Sjølivet var blitt den nye heimen min!" Fortel han i dette opptaket frå august 2016.
Han gjekk frå båt til båt - stort sett på Amerika, Sør-Amerika og Fjerne Austen. Korte opphald i land var den einaste avvekslinga frå livet ombord. Han gløymde reint å tenkje på å sende brev til dei der heime. Kvar gong han fekk høyre at båten han var på skulle til Europa, mønstra han av. Bortsett frå ein gong då han ikkje fekk slutte, og rømte i staden. To gonger, frå same båt. med det resultatet at han vart svartelista og blei gåande på bommen i New Orleans. "Det var ei herleg tid!" Seier han no.
Han fekk vener, både ombord og i land. Og han fann kjærleiken - igjen og igjen. Då han til sist sette kursen heimover kom han nygift frå Japan. Då fyrst kom han på at han berre hadde gitt eit einaste livsteikn frå seg på ti år. Det var eit telegram om å sende pengar den gongen han fekk krav om å erstatte rederiet sine kostnadar med rømingane...
"Eg angrar ikkje på nokon ting - det har vore eit herleg liv! " seier han. Han segla alltid i maskinen eller som reparatør. Då rasjonaliseringane sette inn gjekk han i land - for snart å reise ut att som reiserparatør for Øgrey Mekaniske og som Nordsjøarbeidar. Det var i Nordsjøen han trefte si noverandre kone - og det var ho som henta han til Bergen.
Intervjuet vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 26. september 2016. Intervjuar var Bjørn Enes .
lagt inn 17. sep. 2016, 07:40 av Bjørn Enes
[
oppdatert 23. okt. 2016, 02:09
]
Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger" (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. I Marinen sat han på kontor - fjernskrivarkontor - men fartstid det fekk han likevel, slik at han kunne begynne på styrmannsskulen etterpå. Sjølv om han var nyforlova strauk han til sjøs att etterpå for å samle pengar til skipperskulen. Etter eit år vart forleveden lei av å vente, og reiste etter: Dei gifta seg i sjømannskyrkja i Rotterdam.
Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt.
Han fortel spennande både om linjefart på Lake'ane og stykkgodsfart på Madagaskar, Reunion, Mauritius og Komorane. Og han fortel om utfordringane med å vere skipper. Mot slutten fortel han også litt om Bergens Skipperfeing, der han har vore i styret i ein mannsalder.
Intervjuar er Bjørn Enes. Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016.
lagt inn 15. jun. 2016, 20:34 av Bjørn Enes
[
oppdatert 24. okt. 2016, 09:54
]
Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten.
Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Han startar med å fortelje om krigen, som sette djupe spor i minnet hans, sjølv om han enno ikkje var blii fire år i april 1940. 16 år gamal fekk han fyrste kontakt med handelsflåten gjennom Samvirkelaget i Årdal. Dei konkurrerte hardt med den andre butikken i bygda om å levere til båtane som kom med oksid aluminiumsverket. I 1955 begynte han på Telegrafistskuleni Bergen, utan ein dags fartstid. Fyrste bår vart MS "Heina" (Mowinckels rederi) som gjekk i linjefart på Europa og USA. Han fortel om telegrafisten sitt arbeid og teknologi på 1950-talet - og om krigsseglarar han arbeidde saman med.
Videdal si tid som "ekte sjømann" varte berre i fem år. Så har han desto lengre erfaring frå rederisida på land. Han tok til på mannskapskontoret i Rekstens rederi i 1962, og avanserte etter kvart til personaldirektør. Han arbeidde under Hilmar Reksten då alt peikte oppover, gjennom "katastrofen" i 1975-76 og heilt fram til reiaren gjekk bort i 1980. På slutten av Reksten sitt liv arbeidde dei to nært saman - ikkje med sjøfart, men med å gjere klar kunstsamlinga hans for ettertida. han fortel også om heimkjøpet av "Statråd Lemkuhl" - og historia om spleisebrødet.
lagt inn 10. jun. 2016, 01:59 av Bjørn Enes
[
oppdatert 28. feb. 2017, 22:27
]
Det
mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då
hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av
cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River,
New York, den 1.mars 1959.
Men elles manglar det ikkje på hendingar
- frå sjukeavmønstring i Belgisk Kongo, arrestasjon i Japan,
redningsoperasjon under tyfon i Stillehavet, ein periode på bommen i
New York - og revolusjon i Havana.
Han sigla i handelsflåten under
"gullalderen" på 50-og 60tal, og frå slutten av
1970-talet tok han del i oljeeventyret i Nordsjøen.
Han fortel om Sjøgutlinja på Framhaldsskulen i Bergen, skuleskipet
"Gann", "Liberty-båtar" ("C4-båtar")
- og familietradisjonar i ei slekt der alle var sjøfolk.
Opptaket vart gjort på Bergen
Sjøfartsmuseum den 10. april 2016. Intervjuar var Bjørn Enes frå
Memoar.
lagt inn 29. apr. 2016, 02:53 av Bjørn Enes
[
oppdatert 5. jan. 2017, 10:16
]
I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.
Opptaket vart gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.
Fleire detaljar om innhaldet i samtalen fylgjer under videovinduet.
Ludvig Myrland startar med å fortelje om barndomsåra. Dei vart dramatiske, for ei ulykke gjorde far hans arbeidsufør. Foreldra dreiv butikk i Sandviken, men mor makta det ikkje aleine og gjekk konkurs. Familien vart sett på gata i 1938. Etter at avisa "Samarbeid" skreiv om dei, fekk dei hjelp til ein bustad i Svaneviken. Der vaks Ludvig opp under krigen - med russiske og serbiske slavearbeidarar i tyske fangeleirar som næraste naboar. "Eg såg meir enn ein unge skal sjå", fortel han.
Mange menn frå Svaneviken seilte nok ute under heile krigen, men bortsett frå to syskjenborn hugsar han ikkje så mykje om det. Derimot hugsar han svært godt dei som drog ut like etterpå, for etter berre ein tur kom dei heim "med Wranglerdress og Chesterfield i brystlomma" - og motorsykkel. Det ville Ludvig og, og då han vart femten trassa han mor sine planar om elektrolære og fekk faren til å skrive under på at han hadde tillating til å ta hyre.
Fyrste båt var damptankararen "Vally" som tilhøyrde Thv. Halvorsens rederi. Ludvig tok rutebåten til NewCastle og tog til Middelsborough utan å kunne eit ord engelsk, berre med ein adresselapp i neven.
"Båten var ny og såg fin ut - på avstand..." Men då han kom ombord viste det seg at båten var full av drit. Han meiner årsaka var at Thv. Halvorsens rederi ikkje fekk skikkeleg mannskap på grunn av at den opphavlege reiaren var landsvikdømt. "Det var mykje pakk ombord, rett og slett". Mellom anna vart messeguten banka opp regelmessig - han fekk kallenamnet "blåveispiken". Han fortel om valdsbruk mot dei yngste både ombord og i land. På fyrstereisa møtte han hamnehorer også for fyrste gong, blei trekt med på "sjåverde" - og fekk nye knyttneveslag av skipskameratar i bakrus etterpå. "Hadde det vore skikkelege sjøfolk ombord, ville nokon teke gutungane i forsvar. Men ingen gjorde det," fortel han.
Han sto ikkje kontraktperioden på 18 månader ut, men mønstra av i London og kom heim etter eit år - med Chesterfield i brystlomma. han kjøpte motorsykkel og. Trassi den dårlege erfaringa å fyrstereisa, var han snart på veg ut att: "Eing gjømann - alltid sjømann. Eg kjenner dragninga kvar vår enno, sjølv om det er mange år sidan eg gjekk i land for godt!" seier han.
Den neste båtane var heilt andre erfaringar med flotte mannskap - sjølv om båten i seg sjølv såg så gamal og sliten ut at han sa opp med ein gong han kom ombord fyrste gong ved brygga i Vaksdal. han måtte stå ein tur - og fekk oppleve Leningrad i 1953 før han returnerte til Vaksdal med korn frå Ukraina og tok toget derifrå rett heim til Minde.
I denne omgangen stoppar me Ludvig Myrland si forteljing der.
lagt inn 10. feb. 2016, 22:04 av Bjørn Enes
[
oppdatert 24. okt. 2016, 13:18
]
Paal Strand reiste
til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til
2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt,
motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over
til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen,
noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå
verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet
- ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i
sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.
Han
fekk oppleve gullalderen i norsk skipsfart - og på godt og vondt
fekk han oppleve endringane utover 1970-talet. På den eine sida vart
det mogleg å invitere alle ombord - mannskap, offiserar og
passasjerar - til grillfest på akterdekket. På den andre sida vart
bemanninga bygd så ned at det i vere sjømann vart eit einsamt yrke.
Han
fann kjærleiken i SørAmerika - "Frieriet
kosta 110 dollar i telefonrekning"
- og budde i mange år i Columbia. Men sist vart det så langt mellom
hyrene i utanriksfarten at han tok med seg familien heim til Fana -
og begynte på Askøyferja.