Produksjon‎ > ‎Sjøfart‎ > ‎

Etter gullalderen

Bergen Sjøfartsmuseum - 29. oktober kl. 12:00: 

Sjøfartsliv etter "gullalderen"

I siste halvdel av 1960-åra tok sysselsetjinga i sjøfarten til å minka. Rasjonalisering var blitt eit ny-ord. Tid og pengar var blitt det grunnleggjande reknestykket. Snart kom oppfinningane på rekke og rad som gjorde arbeid og drift meir effektivt: Europapallar, containerar, ro-ro-skip, automatisering i maskinrommet, baugthrustar og nye navigasjons- og sikkerheitssystem – for ikkje å snakka om jarnkua og alt som fylgde i stuerten sitt ansvarsområde.

Omlag på same tid tok det norske lønsnivået att canadarane og amerikanarane. Utflagging vart ein måte å spara store pengar på for reiarane. Og så tok «gullalderen» slutt.

Men sjøfartshistoria tok ikkje slutt. Tvert om: Med gode grunnar spør mange seg om korleis Noreg ville ha sett ut i dag, om ikkje sjøfolka sine kompetansar og tradisjonar hadde blitt «frigjort» og tilgjengelege for andre verksemder enn handelsflåten.

Sundag 29. oktober skal fem sjøfartsveteranar fortelja og samtala om sine liv etter gullalderen. Dei fem er:

  • Gustav Jørgen Myklebust  – Båtsmann i handelsflåten. Tok fagbrev som dieselmekanikar og begynte på Ekofisk i 1978. Der tok han seinare også fagbrev som automasjonsmekanikar, og arbeidde i fleirfagleg reparatørteam på Ekofisk. (Han vart direrre forfhindra i å ta del i arr.)
  • Ragnar Nielsen – navigasjonsoffiser i Sjøforsvaret. Seinare gjekk han over i kommersiell og operativ drift og leiing av ulike norske reiarlag. Siste del av arbeidslivet bygde han opp og var leiar for ei norskeigd reiarorganisasjon i Singapore, parallellt med at han var leiar av  shipping aktiviteten i eit tidlegare norskeigd reiarlag i Thailand
  • Per Gustav Steimler – styrmann i handelsflåten, gjekk over supplyfart i Nordsjaøen (kaptein frå i 1977). Seinare Maritim inspektør i Hydro – og etter det oljevernkonsulent.
  • Tom Grasbakken  – kaptein, gjekk over i berging. Seinare tok han del i  ulike forsøk på hurtigbåtdrift, mellom anna  internasjonale oppdrag med utanblandske mannskap. Han var krigseglar under Iran-Irakkrigen
  • Egil Røstvær –  styrmann, gjekk over i skipskonstruksjon, deretter tekniske sikkerhetssystemer  og kvalitets- og HMS ledelse i petroleumssektoren.

Samtalen vart leia av Bjørn Enes, frilansjournalist og ansvarleg for Sjøfartsmuseet, Skipperforeningen og Memoar si innsamling av munnleg sjøfartshistorie.  


Comments