Samandrag:Memoar søker hausten 2016 om kr. 200.000,- i støtte frå Neptunstiftelsen til det fyrste året av eit treårig prosjekt for å samla inn, dokumentera, arkivera og formidla munnleg kjeldemateriale om sjøfarten i Bergen / Bergensområdet i åra etter 1945. Prosjektet har som hovudmål å samle minst 140 timar video fordelte på minst 72 djupintervju innan utgangen av 1919. (Målet for 2017 inkludert forprosjektet er 32 intervju) Opptaka skal dokumentast, gjerast søkbare og avleverast til Sjøfartsmuseet i Bergen, Bergen Byarkiv og sjøfartssamlinga til Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet. Når forteljarane ynskjer det, skal dei dokumenterte opptaka også publiserast på ei eiga nettside. (Sjå vedlegg 2) I tillegg skal prosjektet arbeide med å utvikle og lage måtar å formidle munnleg sjøfartshistorie i Bergen Sjøfartsmuseum, i ulike mobile applikasjonar og gjennom sosiale media. Prosjektet skal også utdanne frivillige minnesamlarar for å skape ein permanent kultur for innsamling av bevaringsverdig munnleg sjøfartshistorie. Prosjektleiar skal vera frilansjournalist Bjørn Enes. Faglege rettleiarar skal vera Per Gustav Steimler (sjøkaptein), Bård Gram Økland (konservator ved Bergen Sjøfartsmuseum) og Lilli Marie Ingvaldsen (undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmueum). Rettleiarane skal også vera styringskomite i prosjektet. Forhistorie:Det har tidlegare ikkje vore gjort systematiske innsamlingar av munnleg sjøfartshistorie, av di det har vore for dyrt å lagre originale lyd- og videoopptak og for arbeidskrevjande å transkribere dei. No har imidlertid opptaks- og lagringskostnadane gått kraftig ned, på same tid som det er utvikla metodikk for å gjera munnlege kjelder søkbare.Organisasjonane Memoar, Bergen Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening starta derfor hausten 2015 samarbeidsprosjektet "Sjøfartsminner" for å samla inn, dokumentera, arkivera og publisera munnlege minneforteljingar av og om om sjøfolk og sjøfart. I praksis vil det seie minner frå perioden 1945 til i dag. Me meinte at det hastar med å dokumentera forteljingar frå dei generasjonane sjøfolk og reiartilsette som opplevde "gullalderen", rasjonaliseringane, kommunikasjons-revolusjonen og ikkje minst den nye Nordsjøepoken. Pr 11. november 2016 har me gjort 15 djupintervju på video, i alt ca. 24 timar opptak. 12 av desse er ferdig dokumenterte. Alle 12 er etter ynskje og samtykke frå forteljarane publiserte på internett. Dei er tilgjengelege på www.Memoar.no. Direkte snarveg til prosjektsida er http://Sjofart.Memoar.no Det er lagt ned eit stort antal dugnadstimar i dette forprosjektet. Prosjektleiar har i tillegg registrert 260 timar profesjonelt arbeid med intervju, dokumentasjon og publisering. Fagmiljøet i museet har bidratt med fagleg rettleiing, rekruttering av forteljarar og organisering. Prosjektleiar sitt arbeid har vore finansiert av han sjølv. Museet sitt arbeid har vore finansiert over drift. Øvrig frivillig innsats har vore reint dugnadsarbeid. Av "friske pengar" har prosjektet fått ei tildeling på kr. 13.800 frå reiarlaget SeaTrans AS. Desse pengane har blitt brukte til å dekkja tekniske kostnader.
Planar for 2017:Sjøfartsmuseet, Memoar og Skipperforeningen vil vidareføre dette dette samarbeidet i fyrste omgang fram til sommaren 2017. Prosjektleiar har lova å leggje inn yttarlegare 140 timar på eiga rekning. Viss det lukkast å finne finansiering til arbeid ut over dette, vil prosjektet halde fram ut 2019 med ei målsetjing på 20 dokumenterte intervju kvart år i 2017, 2018 og 2019, til saman 60 intervju (72 til saman med dei som alt er laga) Det er denne utvidinga av det frivillige prosjektet me no søker Neptunstiftelsen om, og dei planane for produksjon og formidling som er refererte nedanfor har som føresetnad at det lukkast å finne finansiering:
Produksjon:Med "kproduksjon" meiner me arbeidet med å finna fram til og gjera avtalar med forteljarar (informantar), førebu og gjennomføra intervjuopptak (normalt mellom ein og tre timar lange), dokumentera innhaldet slik at det vert søkbart, avtale bruksrettar med forteljarane, arkivera og evt. publisera bearbeidd opptak og dokumentasjon og avlevera arkivmaterialet til offentleg arkiv):
Dei ti intervjua i forprosjektet vart alle gjort "på dekk" i museet med adgang for publikum. Det var stort sett vellukka, men det ekskluderte forteljarar som ikkje var komfortable med å ha tilskodarar under intervjuet. Difor løyser me opp på den forma, og frå hausten 2016 kan dei ulike forteljarane velgja om dei vil gjera opptaket på dekk med publikum eller på tomannshand med Bjørn Enes i studio på Bergen Bibliotek.
Formidling / bruk av munnleg kjeldestoff.Til no har alle forteljarane delt dei ferdig dokumenterte opptaka på internett. Dette har vore ei positiv erfaring både for dei og for oss, og me vi halde fram med å oppmode dei om å gjera det. På den måten vert mykje verdfullt materiale tilgjengeleg alt under arbeidet. Bruksstatistikkane viser at det er betydeleg interesse for stoffet.
Men timelange intervju er eit vanskeleg format, og arbeidsområde to i prosjektet vil vera å utvikla andre måtar å bruka det delte materialet på.
Kort om metodikken:I Storbritania har det gjennom tretti år vorte samla inn munnleg kjeldemateriale gjennom tematiske prosjekt. "Oral history" er blitt eit omgrep både i folkeleg engasjement og i akademiske disiplinar (sjå Oral History Society - www.ohs.org.uk). I USA er tradisjonaqne endå lengre og skriv seg heilt attende til 1930-talet og voksrullane si tid. I løpet av dei siste 12-13 åra har prosjektet Story Corps samla inn og arkivert meir enn 50.000 intervju frå meir enn 80.000 deltakarar. Deltakaren får ein kopi som ho/han kan dele med kven dei vil. Ein annan kopi vert arkivert i American Folklife Center, som er ein del av Library of Congress. (Sjå www.storycorps.org) I "fastlands-Europa" har interessa for munnlege forteljingar fram til nyleg vore konsentrerte om andre verdskrigen. Men her og veks interessa for dokumentasjon munnlege kjelder. Eit eksempel er det spanske (katalanske) prosjektet "Memorial Democratic" som har bygd opp mediet "Banc Audiovisual de Testimonis" http://bancmemorial.gencat.cat) I Noreg var Edvard Bull d.y. ein foregangsmann på dette feltet, og saman med Norsk Folkemuseum dokumenterte han minner frå norsk industri i perioden 1880-1950. Innsamling av minne i tekstformat om sjøfarten har helde fram og pågår stadig i regi av Norsk etnologisk gransking. NEG viser stor interesse for minneinnsamling på video, og lanserte nyleg den norske minnebasen www.minner.no og eit medium bygd over lestet til Nordiska Museets medium www.minnen.se Faghistorikarane hadde også i Noreg stor interesse for munnlege kjelder på 1980- og 90-talet. Men dei siste tjue åra har berre eit fåtall norske faghistorikarar hatt fokus på munnleg historie, og i den frivillige historierørsla har det ikkje vore arbeidd systematisk med opptak. Det arbeidet som starta opp i Bergen i 2015 er difor eit slags nybrottsarbeid med perspektiv ut over både byen og saksområdet. Memoar sin visjon er å at det skal utvikle seg til eit norsk "Oral history society". Det er naturleg og rett av sjøfartshistoria vert ein bærebjelke i eit slikt selskap. Intervjumetoden: I munnleg historie (oral history-) skal opptak normalt foregå som mest mogleg frie forteljingar om korleis informantane hugsar skip, fart, arbeidet, tekniske og organisasjonsmessige endringar, omgangsformer, vitsar og vandrehistorier, humor, konfliktar, kjønnsbilete, gruppeidentitetar (eigne og andre sine), statussymbol og tabuar, framtidstru og -frykt, formelle og uformelle hierarki, endringsprosessar, bustadforhold og bumiljø, flyttingar og migrasjon, klassetilhøve, kulturkonfliktar osb osb. Ei temaliste til intervjusamtalene er lagt ved som vedlegg 1. Dokumentasjonsmetoden: Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale og dokumentasjon hos ein institusjon i den offentlege ABMsektoren. Forteljarane (informantane) skal kunne dele opptaket (eller utdrag frå det) i sosiale media, og det skal gjennomførast aktivitetar for å bruke pilotopptaka til å skape engasjement rundt innsamling av arbeidsminner.
Organisering av prosjektet
Samarbeidspartnarar:
Prosjektframdrift:Alle involverte partar ynskjer å drive fram dette forprosjektet snarast råd. Vona er å kunne ha skildra og samla eit partnarskap til eit hovudprosjekt slik at arbeidet med å søkje finansiering kan starte tidleg i 2016. På søknadstidspunktet har me gitt oss sjølve desse fristane:
BudsjettDet er ikkje mogleg å gjennomføre eit så stort prosjekt som trengst på dette feltet med berre frivillig arbeid. Memoar tek derfor sikte på ein "delingsøkonomi" der frivillig innsats er hovudmetoden blant forteljarane og til dels blant intervjuarane, medan dokumentasjons- og formidlingsarbeidet vil krevje ein større innslag av profesjonelt arbeid. Den frivillige innsatsen er ikkje tatt med i dette budsjettet (med unntak av prosjektleiar sine ufakturerte timar). Utanom Neptunstiftelsen går det søknader til sjøfartsnæringane i Bergensområdet og til sjømanns- og sjøoffisersorganisasjonane. Hordaland Fylke bidreg indirekte gjennom at deler av midlane som Mmomar har fått til sitt kulturelle utviklingsprosjekt vil bli brukt i Sjøfartsminner. AvsluttingEndringar i økonomi, konkuransetilhøve, teknologi, organisajon, kultur og politikk er vanskelege å sjå når ein står midt oppi dei. Går det for lang tid ettrpå, kan det vere vanskeleg å sjå og forstå den kompleksiteten som dei opplevde, dei som sto midt oppi endringane. Prosjekt Sjøfartsminner skal dokumentera munnleg historie frå ein periode som enno ikkje ser ut til å ha blitt "gamal nok" for historikarar flest - men der kjeldene alt tek til å tynnast ut. Sett i lys av dei økonomiske stormkasta som i desse dagar slår inn over offshore-verksemdene, er refleksjonar og lærdomar frå tidlegare uvær høgaktuelle. På søknadstidspunktet er den historie- og kulturvernfaglege kvaliteten i dette prosjektet sikra gjennom samarbeid med og rettleiing frå fagmiljøet ved Bergens Sjøfartsmuseum, medan den sjøfartsfaglege kompetansen er sikra gjennom samarbeidet med Bergens Skipperforening. Memoar har på si side markert seg med kompetanse innan munnleg historie og minnekultur, og me reknar med at både sjøfartsfaglege, historiske og kulturvitskapleg miljø vil fylgje prosjektet med kritisk interesse. Prosjektleiar Bjørn Enes er ein erfaren journalist som har arbeidd både med tekst og video. Utanom journalistikken har han arbeidd mykje med tidsvitneintervju frå krigsåra i Noreg (også litt i Russland). Parallelt er ha prosjektleiar for eit tilsvarande minneprosjekt i prosessindustrien (http://Industri.Memoar.no). Han er også dagleg leiar av Memoar. Sjå meir på www.enes.no. Årsaka til at me berre søker om støtte til det fyrste av tre prosjektår er at me frå før ikkje har nokon relasjon til Neptunstiftelsen. Me vil gjerne få lov til å søka om støtte til eitt års framdrift for å få høve til å vise kva me er gode for. Det er aktuelt å kome attende med ein oppfylgjingssøknad dersom me om eitt år har grunn til å tru at Stiftelsen er nøgd med ei eventuell fyrste investering. For ordens skuld legg me også til at vårt prosjekt er skalerbart - både nedover og oppover.
Bergen -10.november 2015
For Memoar - Bjørn Enes (Kontakt: bjorn.enes@memoar.no) ' Prosjektleiar / dagleg leiar av Memoar.
|
Tematiske prosjekt > Sjøfart >