Prosjekt‎ > ‎

Sund

Anna "Tinkel" Utne

lagt inn 20. okt. 2017, 15:02 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. nov. 2017, 06:48 ]

Anna Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafråkunnskapane om Glesvær, Steinsland og Sund. Oldefar hennar, Hans Gulbrandsen Bakke frå Steinsland, kjøpte den då 250 år gamle handelstaden Glesnesholmen ("Hølmen") i 1890 (Kjøpesummen var 8.500 kroner), etter ein særs vellukka tur på Lofoten. 
I Anna si barndoms- og ungdomstid vart gardsbruk, fiskebruk, skips- og landhandel, postopneri, telefonsentral, bakeri og notaloft drive av besteforeldra hennar. Ho var der i alle sommar- og juleferiar og ofte elles og. I vaksen tid har ho helde kontakten. Etter at besteforeldra døydde i 1958, ferierte ho hos si tante Aadel, og frå 2000 til 2014 budde ho fast i eige hus på Glesvær. Sjølv om ho har flytta til byen, er ho framleis aktivt med i lokalmiljøet i Sund. 
I dette intervjuet fortel ho om daglegliv og kultur fra siste halvdel av 1940-talet fram til i dag: Jorbruket og dyra, strilamålet, Dampen (DS «Vatlestraumen»), telefonsentralen, notaloftet, skarlagensfeberen, tuberkulosen og polyomyelittepidemien som ho sjølv var ramma av, sildafisket, brislingfisket og størjefisket, amerikatanter og stoffmangel, «Utapådalen» og «Heimapådalen», ungdomshus og religiøsitet, teatertradisjonar og dans, folkeviser og ikkje minst: Glesvær og Sund i dag. «Folk held på målet, samhaldet og styrken. Dei er oppdaterte og fylgjer med i tida – dei tilpassar seg det nye og held på det gamle på ein vellukka måte».

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 21. juni 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har og gjort dokumentasjonsarbeidet.


Anna "Tinkel" Utne:



Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/227606253#t=132m29s ) 

00:00:00 Kallenamnet Tinkel
01:53:00 Glesvær – verdas flottaste stad
02:16:00 Jamnleg på Glesvær frå 6-års alder
02:27:00 Fyrste språk var nordlandsk
03:45:00 Til Bergen som 6-åring
04:15:00 Strilamål hos bestefar og bestemor
05:05:00 Barndomsminne om kyrne på Glesvær
05:40:00 Slaktedagen og hønsehuset
06:12:00 Dampen – Vatlestraumen – kollfyring
07:02:00 Ytstaskjeret
07:48:00 Når Dampen kom – om laurdagen
08:46:00 Posten – tante hadde poståpneri
09:25:00 Telefonboks – vanskeleg ikkje å høyra
10:45:00 Straum – eige aggregat på Holmen
11:28:00 Notaloftet – fekk bli med bestefar
12:30:00 Bestefar var fiskargut
13:16:00 Kjøpet av Glesvær – Hans Guldbrandsen Bakke
13:36:00 Selde sild i Lofoten – kjøpte torsk
13:58:00 Klippvisk på Tjønnaskaget
14:30:00 Glesvær kom på sal akkurat då olderfar hadde fått pengar
15:35:00 Ingen «nessekonge»
15:41:00 Begge hadde lyst på Anna – bestefar vant
16:20:00 Steinsland og Golta
18:00:00 Øvre og nedre Golta
18:30:00 Skarlagensfeberen – tre barnekister på trappa
22:20:00 Mor sin eldste bror fekk ikkje lov å gifta seg
23:02:00 Kvifor skapte bestemor seg galen?
24:47:00 Mi forståing av tida før det eg kan hugsa
25:50:00 Onkel Hans var aktiv med teateret på ungdomshuset
26:38:00 Ungdomshuset
27:30:00 Teateret på Ungdomshuset held fram den dag i dag
29:01:00 Utapådalen, Heimapådalen, Midgarden og Garden
29:40:00 Ungdomslaget hadde nyleg 100årsjubileum
30:00:00 Bestefar likte å teikna hus
31:22:00 Steinsland var kommunesenter før Klokkarvik
32:20:00 Tantene var forretningsfolk med butikk og telefon
33:20:00 Fiskeribedrifter -damene styrte butikkane
34:01:00 Brislingfisket var det siste bestefar tok del i
34:39:00 "Vittra" – å vittra med messingstreng
36:03:00 Brislingen må gå av seg åten
38:40:00 Henting av stenget med hov
39:50:00 Meir om notaloftet
40:22:00 Islandsfiske med "Astraal"
41:02:00 Ein vakker sommardag -
42:15:00 Fiskelykke – eg måtte trakka i garn og nøter
44:50:00 Forlova – mannen vart godt mottatt på Glesvær
45:11:00 Godkjend, sjølv om han ikkje hadde målet
47:31:00 Poliosmitte – alvorleg sjuk på isolat i seks månader
49:19:00 Tida på sjukehuset
50:00:00 Ein stor butikk med Gladiolus
51:02:00 Bestefar vart endå snillare med meg ...
51:20:00 Fekk renna på ski – alpinsport – aktiv ennå
52:10:00 Meir om Poliomyelitten – mange vart ramma
53:30:00 Folk var livredde og ville ikkje ha noko med oss å gjera
54:50:00 Vaksinering er viktig
54:30:00 Epidemisalen på Haukeland – 20 senger med gamle og unge
56:14:00 Jernlunga
56:40:00 Fekk berre sjå mamma gjennom vindauget
58:30:00 Fellesmåltid på Glesvær
59:40:00 Hadde eigen båt – fiska – Real motor
61:20:00 Méd – hemmelege
63:27:00 Mor fekk tuberkulose på realskulen på Sand i Ryfylke
64:27:00 Sanatorium i Davos i halvtanna år – blei frisk
65:10:00 Både mor og eg arbeidde i helsevesenet
66:20:00 Strilamål og bymål – mor gjekk på Voss landsgymnas
66:40:00 «Glyvore emne»
67:50:00 Skulen på Glesvær hadde bokmål
69:20:00 Bestefar skreiv «De Mor» i brev til kona
69:48:00 Mor måtte ikkje snakka strilamål når ho studerte
70:40:00 «Å – høyr kor ho lyge, du!»
72:25:00 Huset på Glesvær
73:36:00 Oldefar kjøpte heile Glesvær
74:40:00 Wesselfamilien i byen eigde Gløesvær på 1600-talet
75:30:00 Oldefar fiska – oldemnor rodde frå Lerøy til byen med fisken
76:16:00 Mange byfolk hadde vore eigarar til Glesvær
77:14:00 Oldefar ville bli herre i eige us – og fekk råd til det
78:25:00 Likskapstradisjonane i strilekulturen
79:24:00 Å vera stril i byen
79:59:00 Likar strilamålet
82:40:00 Meir om brilingfisket og hermetikkfabrikkane
83:34:00 Fisk til middag kvar dag
85:00:00 Melkesuppe
85:40:00 Tante Klara reiste til Amerika
86:45:00 Fekk raudt silkestoff til bryllupp på Steinsland
88:35:00 Dei fyrste støvlettane etter krigen
88:47:00 Sjokolade var rasjonert
89:23:00 Bestemor si godteskuff
90:18:00 Eigen butikk i butikken med egg og «eggepenger»
91:08:00 Ektepar kalla  kvarande «mor» og «far»
92:00:00 Tante Klara og onkel Georg - Amerikadama og uteseglaren
95:10:00 Mamma si yngste syster reiste og til Amerika
95:37:00 Mamma teikna tusser og troll som ho hadde sett i gamlenaustet
96:16:00 I Porketøkjet var der små underjordiske menn
96:39:00 Dei gamle konene var små og gjekk med  "botlehuver" (svarthuver)
97:10:00 Kipe
98:35:00 To butikkar – Nausthaugen og Holmen, og holtreet imellom
100:20:00 Sildafisket – det var dans heile veka
102:45:00 Størjefisket
103:07:00 Eg begynte på dans før eg var komfirmert
104:00:00 Meir om størjefisket
104:57:00 Telavågarane var ikkje til å stola på

107:34:00 Naboane viste lite forståing for kva telavågingane hadde vore gjennom
108:35:00 Fiskarar er tøffe. Dei ventar at andre skal vera det same.
110:04:00 Litt misunning på grunn av at dei fekk nye hus i Telavåg
110:40:00 Oldermor drukna på veg til Telavåg
112:23:00 Juletrefestane – dei frå Tofta var flinkast til å syngja
114:20:00 Julekveldane på Glesvær. Alltid hummar frå Golta
115:54:00 Bestemor på Glesvær var haugianer – me fekk ikkje lov å spela kort
117:19:00 Haugianareane hadde skule på Steinsland
117:44:00 Strikking på sundagen var tabu
119:20:00 Bestefar var ikkje haugianar
119:30:00 Næraste bedehus var på Steinsland
120:00:00 Plystring og bading var ukvinneleg
124:03:00 Alkohol: Veldig lite, men ikkje avholdsfolk. Nokre få skilte seg ut. Tragiske historier
128:48:00 Glesvær i dag – har budd på Glesvær i 10 år
130:00:00 Martha på muren – fri leik i barneåra
132:29:00 Rømte til Glesvær – sju år gamal
136:00:00 Glesvær i dag – held på dialekta, klart seg godt, stolte, sunne i kropp og sjel.

Johannes Kleppevik skildrar strilalandet
140:21:00 Striden om bygdeboka og Arvid Skogseth
144:50:00 Femte bind i arbeid nå – generell historie
146:00:00 Arne Bjørndal-samlingane  og stevet om Tingel Tingelsen
147:20:00 Tingel Tingelsen og Tingel Tang – ein av songane etter Kirsti Skoge (barnepassar)
147:37:00 Samla songar etter Kirsti Skoge, tante Konstanse, mamma, Kari Golten o.a.
150:08:00 Nokre viser handla om moral – som den om brura som alt hadde skauta seg:
150:03:00 «Liten Ole mann» - om brura som alt hadde skauta seg
152:30:00 «Lambet går i linden skog»
153:19:00 «Den gamle manen sete og grine»
153:45:00 «Dei grøne liane»
154:30:00 «Siralandet»
155:34:00 «Kråkevisa»
157:00:00 «Tippe tippe tue»
157:55:00 Butikken på Glesvær
159:00:00 Om sundagen sto karane på Nausthaugen og sputta snus og snakka
160:00:00 Skeiselaup på radioen – Reidar Liakleiv
160:28:00 Fiskeribølgen - «hald kjeften din, så andre folk får snakka....»
163:50:00 Fiskeribølgen

Slutt.

Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy

lagt inn 29. jun. 2017, 23:09 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. jun. 2017, 23:10 ]

Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og til dyra. Dei haddee kyr, sauer, høns og ein hest. Hesten var rett nok mest på stas - han åt mykje og gjorde lite. Far var fiskar, som bestefar. Dei åt fisk til middag kvar einaste kvardag. Dei dei ikkje åt sjølve, leverte far eller bestefar på mottaket i Håkonsundet.  Mor stelte garden. Om vinteren var far vekke på fiskje mange månader. Det var koseleg å vera aleine med mo, men Annao var redd når det var mørkt. Ikkje for vanlege tussar og troll, men for Bakketenten. 
Det har vore ei kollosal utvikling i Anna Jorunn si tid: Dei fekk straum og elektrisk komfyr i 1951 eller 52, hennar fyrste symaskin fekk ho i 1964, vaskemaskin i 1967, kjøleskap og vassklosett like etterpå, sertifikat i 1972, oppvaskmaskin i 1978 og i 1982 gjekk ho på sitt fyrste datakurs.  I 1992 fekk ho modem. Ho gifta seg tidleg - då ho var 25 år hadde ho fem born. Saman med Odden flytta ho inn i nytt, stort, moderne hus med innlagt vatn og straum og heile 85 kvadratmeter buareal.  Det seier sitt om utviklinga at ho i dag lever aleine - i eit lite, koseleg hus på seg sjølv på 129 kvadrat... 

Intervjuopptaket vart gjort i Sund Folkeboksamling 24. mai 2017. Intervjuarar var Bjørn Enes og Bente Fosse. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes. 

Diirekte adresse til denne sida er Anna.Jorunn.Bjoroey.Memoar.no


Anna Jorunn Bjorøy


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/221239155#t=0h37m54s ) 
 
00:00:00Presentasjon
00:29:00Eit firkanta bord i stovo er det fyrste eg kan hugsa. Me var åtte i huset
01:23:00Om bestemor: Ho sat i sengja og lærte meg å spøta
02:35:00Om bestefar: Han var fiskar Me fekk brus når han leverte i Håkonsundet
03:28:00Om fisket
04:14:00Bestefar song – og lærte oss gamle songar
05:45:00Det var vanleg å bu saman med besteforeldra
06:30:00Skrå – det var ikkje greit med dei som sputta i omnen
07:18:00Dei vaksne hadde det ikkje så travelt. Pappa fiska – mor stelte garden.
08:58:00Far dreiv aleine. Me åt fisk kvar dag.
10:20:00Me jentene måtte hjelpa i floren. Me vart sterke.

Hesten var mest til staa - åt mykje og gjorde lite
12:45:00Meir om fiskjet . Turka longa på berget . Lyr vart vanka og malt til fiskakaka
13:25:00Arbeidsfordelinga heime
14:25:00Variasjonar av fiskemiddagane - me hadde alltid løk og timian til, men elles lite grønnsaker
16:00:00Sundagsmiddagane - då var det kjøtkaker eller anna kjøt.
17:39:00Slaktedagen - blodet måtte rørast. Innmat. Henging . Turking og salting.
19:19:00Kjøtet vart lagra i tunner i kjedlaren . Der hadde me brunn og.
19:30:00Klåravatnet mẗte me henta i elva. Me måtte bera vatn kvar dag.
21:12:00Då bestefar døydde. Open kista , heime i stovo.Presten kom og hadde andakt
23:00:00Gravferdsdagen . Det var leigd ein buss for å koma til kyrkjes
25:30:00Det var veldig kjekt i gravferd.
26:30:00Livets gang vart naturleg. Seksualundervising var å leia kyrne til okse.
27:37:00Om vinteren drog pappa  på fiskje i mange månader
28:40:00Det vr triveleg å vera med mor, og der var ikkje utearbeid om vinteren.
29:45:00Me måtte læra oss å arbeida tidleg. Eg trur det vr sunt.
31:10:00Det var nok ikkje lett å koma som ny, ung kona i slike trongbudde hus
31:46:00Eg ordna meg på ein annan måte då eg vart gift. Me budde hos onkelen hans.
32:19:00Odden vart sint og flytta då ordføraren ville gi Bjorøy til Laksevåg
33:40:00Småskuletida
35:30:00Me hadde noke bøker heima - mest med gotisk skrift.
36:20:00Om kveldane: Me hadde ikkje straum. Det var mørkt og eg var livande redd
37:50:00Om Bakketenten - hjelparen til Julereia.
38:17:00Songen om Monsmålsnotta 13. Desember (den som no heiter Lucianatta)
40:30:00Vanlege tussar og troll - og julanissen som budde i Høylandsfjellet.
41:30:00Jolaftan: Det var kvardag fram til mammo hadde vore i floren.
42:50:00Me var aldri i kyrkjo - men me høyrde på klokkene frå Klokkarvik
43:50:00Det hende at det kom emmisærar med lysbilete frå Afrika
44:58:00I Klokkarvik var der bedehus - dei var komne litt lenger der
45:30:00Meir om jula - eg hugsar berre ein julepresang, ein raud lakkportemoné
46:50:00Juladagen var alt forbudt
48:30:00Folk fortalde historier
49:05:00Eg hugsar dei snakka om Einar Gerhardsen
49:47:00Læraren min var nok meir interessert i politikk enn i skule
51:13:00Stortrivdes i huspost i Åsane etter skulen
54:53:00Lærarane mine: Dei var litt finare folk enn andre, saman med presten, doktoren og lensmannen
56:38:00Alle måtte stå opp ved pulten og lesa utanatleksene- Katekisma var vanskeleg.
59:50:00Framhaldskulen. Læraren var berre 19 år. Han hadde oss i alle fag.
1:00:48:00Dei som var betre stilte gjekk på relskule i bydn.
1:01:32:00Meir om husposten: Fri annakvar helg og annankvar onsdag - Duesleppet
1:03:25:00Tente akkurat nok til å reisa heim når det var dans på ungdomshuset.
1:03:55:00Tannlegen - heile framhaldsskulen reiste til bydn for å gå til tannlegen.
1:04:45:00Om å treffa andre ungdomar
1:05:59:00Eg gifta meg då eg var 18. Eg kunne både vaska og koka.
1:07:10:00Romantikken - syster mi hdde truffe mannen sin. Han hdde ein bror
1:08:32:00"Du treng ikkje seia nokonting - dei snakkar sjølve heile tida"
1:09:39:00Dobbeltbrudlaup i juni 1963. Eg var gravid heile tida.
1:11:39:00Me bygde hus på Kleppe. Me gjorde det mesta sjølve.
1:12:08:00Eg var gravid heile tid – fekk ungar frå eg var 18 til eg var 25
1:13:19:00Huset var ferdig - stort hus på 80kvm for for 24:000 kroner
 1:14:06:00 Bestemor si brudlaupstale
1:15:50:00Dei som ikkje måtte gifta seg, fekk ikkje ungar.
1:16:29:00Odden - mannen - kjøpte traktor. Etter kvart vart han maskinentreprenør.
1:17:24:00Eg tok handelskulen - og i 1972 tok eg sertifikat. 
 1:18:05:00 Om å byggja i Sund 
1:19:27:00Vskemaskin fekk me i 1967,
1:21:24:00Før kjøleskapet lagde eg mykje pannekaker, for me kunne ikkje kasta mølka når ho vart sur
1:22:54:00Eg hugsar då me fekk komfyr i 1951 eller 52. Før det brukte me primus
1:23:50:00Oppvaskmaskin i 1978
1:24:38:00Symaskinen ca 1964
1:26:02:00Mammo var ein gong ute av landet - det var i 1986, i Danmrk.Men husmorferie to gonger.
1:27:01:00Ferie var for byfolk.
1:28:00:00Eg slutta å sy på 1980-talet. Då vart klede så billege.
1:30:10:00Mammo hadde symaskin - trømaskin - og vev.
1:31:27:00Lefsebaking
1:33:32:00Blåmjølk
1:34:38:00Oppskrift på lefse
1:37:05:00Kvnner skal ha rettar, men må ikkje vera fanatiske.
1:41:58:00Innlandskultur og kystkulur

Eg ville ha sertifikat – bilen sto jo berre på stas, nett som hesten!
1:46:00:00Eg gjkk datakus 1982
1:48:20:00Me kjøpeme modem i 1992
1:50:57:00Ei kolloal uvikling – frå eit stort familiehus på 85 kvadrat, til eit lite koseleg hus for meg sjølv på 129...
1:53:20:00Pensjonistlivet er sterkt undervurdert!
 1:56:00:00 Slutt

Johannes Høyland

lagt inn 18. jun. 2017, 01:56 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. jun. 2017, 23:03 ]

Johannes Høyland vaks opp som sonen til jordmora, Ho arbeidde fyrst på Fjell, så Klokkarvik, Koparvik og Austevoll før dei flytta til Kalvaneset i Klokkarvik. Det var den 24. mai 2017 sat dette opptaket vart gjort med Johannes - i godstolen på Folkeboksamlinga i Kommunehuset i Sund. Planen var at han skulle fortelja om skulen. Men han var no innom ganske mykje anna og, både sosialhistorie og språkhistorie og kulturhistorie ikkje minst. Utanom alt det han sjølv har opplevd, sit dei godt i minnet, alle dei sogene som bestefar hans fortalde.  "Det var ei kjerne av sanning i det meste som bestefar fortalde", seier han. Det er ikkje umogleg at det kan seiast det same om han sjølv. Heldigvis let han seg ikkje bremsa unødig av dette spørsmålet. Hadde han det gjort, hadde ettertida gått glipp av forteljinga om korleis Tinen flaug på kavaien då veren som hadd gått i skårafeste stanga han utfor ein regnversdag, medan bestefaren til Johannes låg og balte med eit makrellsteng på den andre sio tå vågen. Du kan gå rett til den forteljinga her). Heile forteljinga til Johannes er over to timar lang. Du kan gå rett til delforteljingane frå lista under - eller du kan sjå heile flaumen av levd liv. Me tilrår det siste! 

Intervjuarar var Bjørn Enes, Helge Bjorøy og Bente Fosse.






Johannes Høyland


00:00:00 Presentasjon – Johannes Høyland - Mor var jordmor i Fjell, Sund, Kopervik, Austevoll 
01:15:00 Me budde hos Jette på Austevoll 
01:50:00 Mor brukte å plystra – mange rekna det som synd 
02:10:00 Uraslåtten 
02:40:00 Kalvaneset – der hadde me innlagt vatn – men utedo. 
04:00:00 Osvald var sterk. Ein gong hadde han med snus på skulen
04:40:00 Meir om jordmorjobben - kvinner som skulle føda kom og budde hos oss.
07:40:00 Mor og doktoren reiste rundt og tok pirquéprøvar
08:17:00 Småskulen – oppstilling på geledd 
09:37:00 Femtoms spiker - «Austevoldarar» 
10:06:00 Me var åtte i klassen og gjekk annankvar dag 
11:25:00 Berre ein lærar – dette var før psykologane kom 
12:25:00 Storskulen – Ingebrigt Skoge. Den fyrste som dreiv friluftsliv 

Skautakleivo – Longavatnet 
13:00:00 Polyemielittutbrot i 1956 
13:30:00 Storskulen – oppstilling. 
14:00:00 Storefri – når læraren slutta å eta, slo me ballen til havs 
14:30:00 Ingebrigt Skoge var god å fortelja – me opna ikkje boka i soga og biblehistoria 
15:30:00 Sløyd dei siste to vekene før ferien. Det var høgdepunktet 
16:30:00 Jentene hadde handarbeid. Dei fekk ei sy-lærarinne frå byen. Me testa ho med å slå klubba i veggen... 
17:00:00 Bading før ferien. Symjeopplæring – Ingebrigten hadde investert i livbelte 
18:20:00 Ein gong kom grisane til Ingebrigten og la på sym 
18:40:00 Pellefino, Sofus og Larris heitte sauene til Ingebrikten 
19:20:00 Arnfinn i posten fortalde om hauggubben og gamlaløo som måtte flyttast.
21:05:00 På Huldrahaugen sette dei ut ungar og spedalske 
21:58:00 Meir om grisane til Brigten – kappriding
22:30:00 Når det lei mot jul kom besto frå Liafjellet . Då hadde ikkje grisane lenge att
25:35:00 Det var flotte jenter på Liafjell.
26:00:00 Dampen – Båtane – Karmsund, Bremneset
27:39:00 Gamlekarane var på kaien – Arnfinn i posten, Absalon 
28:30:00 Karmsund gjekk Stolmenruto, Bremnesen gjekk 
29:20:00 Heile bygdafolkjet møtte på kaien når båten kom. 
29:40:00 Særleg var deet spanande nå\r det kom damer frå byen 
31:29:00 Det var tre butikkar i Klokkarvik: Barakken, Opsethen og i Neset. 
33:25:00 Ei Lerøydama kom med kaninskinsbikini 
34:40:00 Ingebrigten sa litt som var sant, men laug for det meste
35:10:00 Handelsmannen fortalde om den store hummaren 
36:49:00 Presten, doktoren og lensmannen skulle det helsast på. Og trygdesjefen
38:08:00 Hjemmet på Nordstrand og alkisane frå bydn – Greven, uteseglar Odin og Arne, kongen på Nordstrand
40:38:00 «Me var så heldige at me ikkje hadde SFO»
41:48:00 Tene pengar - Skraphandlaren – og juleheftesal – og sal av fisk. Seinare vart det jobb på kaien. 
43:40:00 Danielsen privatgymnas – me hadde gamle Danielsen i soge og geografi 
46:40:00 «Hva badet Kleopatra i?»
47:10:00 Ikkje vanleg å gå på skule. Berre dei som budde på Klokkarvik gjorde det..
49:00:00 Eg gjekk på skule saman med folk frå Kalfaret 
51:17:00 Eg gjekk der for eg ikkje hadde nok poeng til å koma inn på offentleg skule 
52:54:00 Det var forlskjell på folk frå Klokkarvik og andre 
55:30:00 Om språk og dialektutviklinga, R'ane og ulike dialektar i grendene i Sund.
57:25:00 På Steinsland seier dei ARR 
58:00:00 Det kan variera frå¨den eine familien til den andre 
59:00:00 Sjølv snakkar eg bymål med røyrleggjaren 
1 time 
00:00:00 Utdanningt – lærarskulen i Tromsø og jobb i Verdal – attende til Sund i 1972
00:50:00 Jobba som fiskar – lærte meir om skulen på fiskje enn på lærarskulen
02:15:00 Kulturkollisjon å koma attende til skulen – det skulle vera møte om alt mogleg 
04:00:00 Me slo saman kroppsøving og naturfag på 1990-talet
06:10:00 Laksetrapp
06:50:00 OstraMonsen og ToftaMonsen
08:00:00 Då Toftamonsen skulle slakta 
09:14:00 Då veren til Toftamonsen daua 
10:00:00 OstraMonsen mista det eine auga 
11:20:00 Folk ville ha OstraMonsen til å skyta kval nett då han skulle berga turrhøyet 
12:20:00 OstraMonsen såg ut som Robinson Crusoe 
13:40:00 Bada og skifta klede to gfonger i året 
15:32:00 SmåLarsen og bokken som hadde gått i skårafeste
16:55:00 SmåLarsen hadde taus – bygdefolkjet sende bod på presten 
17:38:00 SmåLarsen handla årsforbruket i butikken på Sundsjødn på vetlajulafto kvart år. 
18:28:00 Ei dama oppe ved Noresjødn hadde dreng – bygdefolket kravde at dei måtte gifta seg 
19:52:00 Eg hugsa då betefar fortalde slike soger 
20:54:00 Tinen – var ein røynd kvalskyttar, han skaut 68 kvalar. 
22:05:00 Tinen hadde nett som ei skei inni skallen 
22:57:00 Då Tinen vart stqanga ut frå fjellet av ver som hadde gått i skårafeste
25:30:00 Ein slu bergensar fekk høyre denne forteljinga 
26:10:00 Jensen var frå Klepparviko. 
26:57:00 Då Jensen skulle sko hesten 
27:30:00 Johannessen hadde brekt rompetongen 
28:46:00 Ein kval hadde kome seg or noto.
30:15:00 Grisakassen var for liten 
31:50:00 Med landnota til Bestefar - Ei påske kasta me 100 hl sild, og fkk større løt enn dei som var 
35:30:00 Symjeopplæringf 
36:22:00 Når det var nisa i vågen, skaut dei den og 
38:15:00 Me budde 15 – 18 menneskje i myra – bestefar kokte krabbar 
39:22:00 Han var den siste som malte i kvedna på Lonehaugen – havramjøl i sinkstampar på loftet 
40:12:00 Tyskarane oppdaga aldri at han var største kornbonden i kommunen 
40:50:00 Fiskaturen – han sat i bakrongji og song 
42:34:00 På saueleiting 
44:05:00 Slåttekarane – tigersprang over hesjenbe – kappspringing
45:12:00 Snu hjøyet 
45:33:00 Vêrteikn: Når Folgefonna vert svart, kjem det regn
47:20:00 Orrfugljakt 
48:02:00 Alfred var sjølvlært dyrlækjar 
48:40:00 Ein måtte alltid ha sprit når kua var dårleg 
50:17:00 Bikini på avbetaling 
51:01:00 Tronge kår – kamp om graset – å «gå i båt som ei Goltakui» 
52:15:00 Lyse på maten 
52:50:00 Storabåten og Lessemento – skatevengjer fulle av makk 
54:40:00 Dei hadde landnotlag, men ungane fekk ikkje oppgjer Onkel Karsten braut ut. 
56:00:00 Nygårdsvolden og Splinten 
56:55:00 Stønot 
57:20:00 Bestefar sette fiskjen  ut i mer og selde heile sommaren 
58:18:00 Størja – "la meg få ein ti tolv stykkje" 
58:45:00 Bestefar fekk så mykje fisk at han heldt på å forlisa 
59:40:00 Mykje politisk diskusjon når båtane skulle stoffast 
2 timar 
00:15:00 Etter middag gjaldt det om å koma seg på dass før gamlekarane kom for å diskutera politikk 
01:30:00 Klede – amerikanske marineuniformar frå Trysklandsbrigadane – den fyrste olabuka – lappane 
02:00:00 Slutt for denne gongen.

1-3 of 3