Prosjekt‎ > ‎Sund‎ > ‎

Anna "Tinkel" Utne

lagt inn 20. okt. 2017, 15:02 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. okt. 2017, 15:03 ]
Anna Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafråkunnskapane om Glesvær, Steinsland og Sund. Oldefar hennar, Hans Gulbrandsen Bakke frå Steinsland, kjøpte den då 250 år gamle handelstaden Glesnesholmen ("Hølmen") i 1890 (Kjøpesummen var 8.500 kroner), etter ein særs vellukka tur på Lofoten. 
I Anna si barndoms- og ungdomstid vart gardsbruk, fiskebruk, skips- og landhandel, postopneri, telefonsentral, bakeri og notaloft drive av besteforeldra hennar. Ho var der i alle sommar- og juleferiar og ofte elles og. I vaksen tid har ho helde kontakten. Etter at besteforeldra døydde i 1958, ferierte ho hos si tante Aadel, og frå 2000 til 2014 budde ho fast i eige hus på Glesvær. Sjølv om ho har flytta til byen, er ho framleis aktivt med i lokalmiljøet i Sund. 
I dette intervjuet fortel ho om daglegliv og kultur fra siste halvdel av 1940-talet fram til i dag: Jorbruket og dyra, strilamålet, Dampen (DS «Vatlestraumen»), telefonsentralen, notaloftet, skarlagensfeberen, tuberkulosen og polyomyelittepidemien som ho sjølv var ramma av, sildafisket, brislingfisket og størjefisket, amerikatanter og stoffmangel, «Utapådalen» og «Heimapådalen», ungdomshus og religiøsitet, teatertradisjonar og dans, folkeviser og ikkje minst: Glesvær og Sund i dag. «Folk held på målet, samhaldet og styrken. Dei er oppdaterte og fylgjer med i tida – dei tilpassar seg det nye og held på det gamle på ein vellukka måte».

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 21. juni 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har og gjort dokumentasjonsarbeidet.

Videoen er inntil vidare utstyrt med passord. Spørsmål om passordet kan rettast til Anna Utne, tlf. 951 33 310.   

Anna "Tinkel" Utne:



Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/227606253#t=132m29s ) 

00:00:00 Kallenamnet Tinkel
01:53:00 Glesvær – verdas flottaste stad
02:16:00 Jamnleg på Glesvær frå 6-års alder
02:27:00 Fyrste språk var nordlandsk
03:45:00 Til Bergen som 6-åring
04:15:00 Strilamål hos bestefar og bestemor
05:05:00 Barndomsminne om kyrne på Glesvær
05:40:00 Slaktedagen og hønsehuset
06:12:00 Dampen – Vatlestraumen – kollfyring
07:02:00 Ytstaskjeret
07:48:00 Når Dampen kom – om laurdagen
08:46:00 Posten – tante hadde poståpneri
09:25:00 Telefonboks – vanskeleg ikkje å høyra
10:45:00 Straum – eige aggregat på Holmen
11:28:00 Notaloftet – fekk bli med bestefar
12:30:00 Bestefar var fiskargut
13:16:00 Kjøpet av Glesvær – Hans Guldbrandsen Bakke
13:36:00 Selde sild i Lofoten – kjøpte torsk
13:58:00 Klippvisk på Tjønnaskaget
14:30:00 Glesvær kom på sal akkurat då olderfar hadde fått pengar
15:35:00 Ingen «nessekonge»
15:41:00 Begge hadde lyst på Anna – bestefar vant
16:20:00 Steinsland og Golta
18:00:00 Øvre og nedre Golta
18:30:00 Skarlagensfeberen – tre barnekister på trappa
22:20:00 Mor sin eldste bror fekk ikkje lov å gifta seg
23:02:00 Kvifor skapte bestemor seg galen?
24:47:00 Mi forståing av tida før det eg kan hugsa
25:50:00 Onkel Hans var aktiv med teateret på ungdomshuset
26:38:00 Ungdomshuset
27:30:00 Teateret på Ungdomshuset held fram den dag i dag
29:01:00 Utapådalen, Heimapådalen, Midgarden og Garden
29:40:00 Ungdomslaget hadde nyleg 100årsjubileum
30:00:00 Bestefar likte å teikna hus
31:22:00 Steinsland var kommunesenter før Klokkarvik
32:20:00 Tantene var forretningsfolk med butikk og telefon
33:20:00 Fiskeribedrifter -damene styrte butikkane
34:01:00 Brislingfisket var det siste bestefar tok del i
34:39:00 "Vittra" – å vittra med messingstreng
36:03:00 Brislingen må gå av seg åten
38:40:00 Henting av stenget med hov
39:50:00 Meir om notaloftet
40:22:00 Islandsfiske med "Astraal"
41:02:00 Ein vakker sommardag -
42:15:00 Fiskelykke – eg måtte trakka i garn og nøter
44:50:00 Forlova – mannen vart godt mottatt på Glesvær
45:11:00 Godkjend, sjølv om han ikkje hadde målet
47:31:00 Poliosmitte – alvorleg sjuk på isolat i seks månader
49:19:00 Tida på sjukehuset
50:00:00 Ein stor butikk med Gladiolus
51:02:00 Bestefar vart endå snillare med meg ...
51:20:00 Fekk renna på ski – alpinsport – aktiv ennå
52:10:00 Meir om Poliomyelitten – mange vart ramma
53:30:00 Folk var livredde og ville ikkje ha noko med oss å gjera
54:50:00 Vaksinering er viktig
54:30:00 Epidemisalen på Haukeland – 20 senger med gamle og unge
56:14:00 Jernlunga
56:40:00 Fekk berre sjå mamma gjennom vindauget
58:30:00 Fellesmåltid på Glesvær
59:40:00 Hadde eigen båt – fiska – Real motor
61:20:00 Méd – hemmelege
63:27:00 Mor fekk tuberkulose på realskulen på Sand i Ryfylke
64:27:00 Sanatorium i Davos i halvtanna år – blei frisk
65:10:00 Både mor og eg arbeidde i helsevesenet
66:20:00 Strilamål og bymål – mor gjekk på Voss landsgymnas
66:40:00 «Glyvore emne»
67:50:00 Skulen på Glesvær hadde bokmål
69:20:00 Bestefar skreiv «De Mor» i brev til kona
69:48:00 Mor måtte ikkje snakka strilamål når ho studerte
70:40:00 «Å – høyr kor ho lyge, du!»
72:25:00 Huset på Glesvær
73:36:00 Oldefar kjøpte heile Glesvær
74:40:00 Wesselfamilien i byen eigde Gløesvær på 1600-talet
75:30:00 Oldefar fiska – oldemnor rodde frå Lerøy til byen med fisken
76:16:00 Mange byfolk hadde vore eigarar til Glesvær
77:14:00 Oldefar ville bli herre i eige us – og fekk råd til det
78:25:00 Likskapstradisjonane i strilekulturen
79:24:00 Å vera stril i byen
79:59:00 Likar strilamålet
82:40:00 Meir om brilingfisket og hermetikkfabrikkane
83:34:00 Fisk til middag kvar dag
85:00:00 Melkesuppe
85:40:00 Tante Klara reiste til Amerika
86:45:00 Fekk raudt silkestoff til bryllupp på Steinsland
88:35:00 Dei fyrste støvlettane etter krigen
88:47:00 Sjokolade var rasjonert
89:23:00 Bestemor si godteskuff
90:18:00 Eigen butikk i butikken med egg og «eggepenger»
91:08:00 Ektepar kalla  kvarande «mor» og «far»
92:00:00 Tante Klara og onkel Georg - Amerikadama og uteseglaren
95:10:00 Mamma si yngste syster reiste og til Amerika
95:37:00 Mamma teikna tusser og troll som ho hadde sett i gamlenaustet
96:16:00 I Porketøkjet var der små underjordiske menn
96:39:00 Dei gamle konene var små og gjekk med botlehuver
97:10:00 Kipe
98:35:00 To butikkar – Nausthaugen og Holmen, og holtreet imellom
100:20:00 Sildafisket – det var dans heile veka
102:45:00 Størjefisket
103:07:00 Eg begynte på dans før eg var komfirmert
104:00:00 Meir om størjefisket
104:57:00 Telavågarane var ikkje til å stola på
107:34:00 Naboane viste lite forståing for kva telavågingane hadde vore gjennom
108:35:00 Fiskarar er tøffe. Dei ventar at andre skal vera det same.
110:04:00 Litt misunning på grunn av at dei fekk nye hus i Telavåg
110:40:00 Oldermor drukna på veg til Telavåg
112:23:00 Juletrefestane – dei frå Tofta var flinkast til å syngja
114:20:00 Julekveldane på Glesvær. Alltid hummar frå Golta
115:54:00 Bestemor på Glesvær var haugianer – me fekk ikkje lov å spela kort
117:19:00 Haugianareane hadde skule på Steinsland
117:44:00 Strikking på sundagen var tabu
119:20:00 Bestefar var ikkje haugianar
119:30:00 Næraste bedehus var på Steinsland
120:00:00 Plystring og bading var ukvinneleg
124:03:00 Alkohol: Veldig lite, men ikkje avholdsfolk. Nokre få skilte seg ut. Tragiske historier
128:48:00 Glesvær i dag – har budd på Glesvær i 10 år
130:00:00 Martha på muren – fri leik i barneåra
132:29:00 Rømte til Glesvær – sju år gamal
136:00:00 Glesvær i dag – held på dialekta, klart seg godt, stolte, sunne i kropp og sjel.

Johannes Kleppevik skildrar strilalandet
140:21:00 Striden om bygdeboka og Arvid Skogseth
144:50:00 Femte bind i arbeid nå – generell historie
146:00:00 Arve Bjørndalsaamlingane  og stevet om Tingel Tingelsen
147:20:00 Tingel Tingelsen og Tingel Tang – ein av songane etter Kirsti Skoge (hushjelp)
147:37:00 Samla songar etter Kirsti Skoge, tante Konstanse, mamma, Kari Golten o.a.
150:08:00 Nokre viser handla om moral – som den om brura som alt hadde skauta seg:
150:03:00 «Liten Ole mann» - om brura som alt hadde skauta seg
152:30:00 «Lambet går i linden skog»
153:19:00 «Den gamle manen sete og grine»
153:45:00 «Dei grøne liane»
154:30:00 «Siralandet»
155:34:00 «Kråkevisa»
157:00:00 «Tippe tippe tue»
157:55:00 Butikken på Glesvær
159:00:00 Om sundagen sto karane på nausthagen og sputta snus og snakka
160:00:00 Skeiselaup på radioen – Reidar Liakleiv
160:28:00 Fiskeribølgen - «hald kjeften din, så andre folk får snakka....»
163:50:00 Fiskeribølgen

Slutt.
Ċ
Bjørn Enes,
20. okt. 2017, 15:03
Comments