Raufoss

Memoarprosjektet “Folkeverksted for industridokumentasjon” pågår i  2020 og 2021. Målet er samling, dokumentering og formidling av 40 livsløpsintervju frå to ulike industreistader i Noreg, Raufoss og ein industrikommune på Sør- eller Vestlandet.


Vi skal arbeide med fire intervjuformer:

1) kortintervju i studiorigg som står over tid i bibliotek, museum el.l., 

2) Oppsøkande intervju, oftast heime hos forteljaren, 

3) Forteljarverkstad kombinert med praksis, f.eks. bedriftsbesøk eller demonstrasjon av arbeidsprosess, 

4) Forteljarkveldar, medlemsmøter etc med publikum. 


Fase 1- Raufoss (Finansiert av Kulturrådet):

I løpet av 2020 skal det etablerast eit nytt industrimuseum på Raufoss. Det er eit bygg på Raufoss Fabrikker som skal byggast om. Fyrste ombyggingstrinn skal vera ferdig i juni 2020, og fyrste utstilling i det nye museet skal opne i desember. Det er stor interesse for å gjera munnleg historie til eit satsingsområde for dette museet, og derfor bør vi konsentrera oss om å bruka desse ressursane der. 


Internt:

Framdriftslogg
Fyrsteutkast arbeidsplan (april 2020): 
  • Mai: Innkjøp av teknikk til fast studiorigg i det nye industrimuseet på Raufoss. Trening. 

  • Juni: Installering av studio. Utval av forteljarar og planlegging av konkrete arr. 

  • August: Konkrete avtalar med forteljarar 

  • September: Intervjuopptak - Produksjonshistorie “Vendepunkt 1975” 

  • September: Folkeverkstad 1 - kortintervju i studio Raufoss industrimuseum. 

  • September: Kurs  for frivillige intervjuarar og loggarar på Raufoss (MHA)

  • September-oktober: Logging og publisering av intervju 

  • Oktober: Folkeverkstad 2 - Forteljarkveld i Raufoss industrimuseum eller Fyrverkeriet

  • November: Logging og produksjon av munnleg materiale til industrimuseum, 

  • November: Artikkel eller videoreportasje om Folkeverkstad som metode i industridokumentasjon.

  • November: Artikkel (fagfellevurdert) om munnleg historie som industridokumentasjon på Raufoss. 

  • Desember: Opning av museumsutstilling 01, Raufoss Ind.museum. 

  • Desember: Sluttrapport Fase 1 


Kontaktpersonar:
Inter Christine Årstad, Mjøsmuseet
Bjørn Enes, Memoar
Hans Jakob Ågotnes, Universitetet i Bergen





Comments