Ressurssenter‎ > ‎

3 - Dokumentasjon

I dag er det blitt enkelt og rimeleg å arkivera munnleg historie i form av lyd- eller videoopptak. Men det er enno eit stykke fram til innhaldet blir søkbart utan grundig dokumentasjon. Derfor er dokumentasjon ein føresetnad for at munnleg historie skal bli bevaringsverdig.

  • Dokumentasjon handlar om å laga detaljert og søkbart oversyn over kva ein lyd- eller videofil inneheld, og kor i filen ein kan finna det. I tillegg handlar det om å gjera ei etisk vurdering av om eit opptak kan publiserast, eventuelt om det må lagast ein versjon der deler som bryt med god presseskikk er fjerna. (Ver varsam-plakaten). Til sist handlar det om å laga ein lyd- eller videofil som kan brukast og som kan gå inn i større samlingar som kan bli konverterte i masseomfang til framtidige format.

  • Memoar har tillempa metodikk frå dokumentarfilmproduksjon til arbeidet med munnleg historie. Kort forklart lagar med ein innhaldslogg med stikkordsmessig registrering av innhaldet, nærast minutt for minutt. Me tilstrebar bruk av definerte emneord – og me supplerar emneordlistene under dokumentasjonsarbeidet. Me markerar også sekvensar som eignar seg for produksjon av sjølvstendige utdrag, og me markerar sekvensar som treng ei nærare etisk eller juridisk vurdering.

Dette er arbeid som eignar seg svært godt til dugnad eller «Citizen science» - samarbeid mellom forskarar og lekfolk med kjennskap til saksfeltet som ei innsamling handlar om. Memoar har utvikla eit eige dagskurs for folk som kan tenkja seg å hjelpa til med dokumentasjonsarbeid.

  • Kurset kan gjennomførast som dagskurs eller (med fordel) som fleire samlingar samtidig med at kursdeltakarane arbeider individuelt, sidan det i stor grad handlar om erfaringsdeling og diskusjon om reelle problem og dilemma. Andre tema er etikk, emneord/søkeord, organisering av samarbeid og arbeidsdeling.

Nest siste del av dokumentasjonsarbeidet handlar om å redigera ein endeleg videofil. Dette er også arbeid som kan gjerast på dugnad, men det er langt frå så tidkrevjande som dokumentasjonsarbeidet, og dersom dokumentasjonsarvbeidet er gjort godt, kan det vera god økonomi i å setja sjølve klippejobben bort.

  • Dersom det skal utviklast eigen redigeringskompetanse i historielaget/museet, kan Memoar bidra med kurs i klipping og produksjon av publiseringsfilar og kortvideoar til bruk i formidling, opplasting til prosjektarkiv og til publiseringsteneste på internett (Minner.no, Vimeo eller YouTube) med passord.

Til slutt er det berre sjølve arkiveringa som står att. Ei ferdig personmappe i prosjektarkivet skal bestå av den publiseringsklare videofilen (evt. lydfil), ein innhaldslogg med detaljerte stikkord og tidskodar (minutt og sekund frå start), eit tekstsamandrag om kva fila inneheld og ein signert avtale med samtykkeerklæring og klargjering av korleis videoen kan brukast. Når alt dette er på plass, kan personmappa avleverast enten ved venleg deling eller ved «klipp ut/lim inn» f.eks. i Minner.no.

Til hjelp i budsjettering:

  • Tommelfingerregel er at profesjonelle brukar dobbelt så lang tid som sjølve intervjuet på å dokumentera det. Viss det skal gjerast av uøvde dugnadsmannskap, bør ein rekna med det tre- eller firedobbelte.

  • Dagskurs dokumentasjon og dagskurs redigering vil i utgangspunkgtet kosta for 6000,- for kvart. Ta kontakt med post@memoar.no for disusjon om konkret budsjett til konkrete prosjekt.

28/11 2018 BE

Comments