Ressurssenter‎ > ‎

6 - Infrastruktur

I løpet av våre tre fyrste år har Memoar bygd opp ein infrastruktur for intervjuopptak og etterarbeid (arbeidsarkiv, dokumentasjon og redigering) fram til ferdig video, klar til å "trykkast" som DVD, publiserast på nett eller avleverast til museumssektoren sitt nyte innsamlingsverktøy www.minner.no

Det er lettast å forklare denne strukturen gjennom å skildra arbeidsprosessen fram til avlevering og formidling av den munnlege kulturarven me arbeider med. 

1. Intervjuopptak.
På mangemåtar er sjølve intervjuopptaket det enklaste i prosessen. Alle har ei forteljing å dela - og veldig mange har naturleg talent for å intervjua. Samtale er jo det eldste og det vanlegaste forma for menneskeleg kommunikasjon, og me kunne langt på veg ha sagt at alle kan intervjua og. 
Offentlege studio: Me har til no etablert eit offentleg intervjustudio i samarbeid medeit offentleg bibliotek. Det er i Bergen, der alle innbyggarar i prinsippet kan låna plass til å gjera intervjuopptak me kven som helst. I tillegg har me kome langt i samarbeid med biblioteka i Sund og Kristiansand.  Me synest det er meiningsfylt å argumenterafor at mange bibliotek og musé bør hadette tilbodet. 
Mobile studio: Me vil gjerne byggja opp - eller samarbeida med andre som byggjer opp ein ustrtyrspark som historielag, musé eller andre kan nytta for å gjera intervjuopptak. Førebels (hausten 2018) kan me berre låna ut utstyr i Hordaland. men tagjerne kontakt får andre stader i landet. Det er når me får behovet opp på bordet at me kan gjeranoko med det!
Privat utstyr: Gode intervjukamera er ikkje lenger dyre. Me bistår gjerne med erfaringsutveksling om dei løysingane me har erfaringmed, når folk vurderar og kjøpa utstyr sjølve.
Nett av frilansarar: Ved intervjuopptak - som ved alt anna kulturarbeid - kan det nokre gonger vera naudsynt eller klokt å leiga inn profesjonell hjelp.

Avlevering til offentleg arkiv:

Memoar arbeider for at det offentlege skal etablera «eit munnleg riksarkiv» der både profesjonelle og frivillige kan avlevera bevaringsverdig munnleg kjeldemateriale på same måte som for skriftleg kjeldemateriale. Vinteren 2018/2019 samarbeider me med Norsk etnologisk gransking om å utvikla www.minner.no til eit slikt avleveringspunkt.

Fram til drifta av eit slikt «munnleg riksarkiv» er sikra, kjem Memoar til å bygga og oppretthalda eit mellombels arkiv for alle som har avleveringsklart munnleg kjeldemateriale. Dette mellombels arkivet har form av ei nettskyløysing i samarbeid med Dropbox, WeVideo og Vimeo.

Infrastruktur: 

Kort skissert ser dette slik ut:


  • Prosjektarkiv: Straks eit intervju er gjort, blir råopptaket lasta opp til ei prosjektmappe i Dropbox.

  • Redigering: Frå prosjektarkivet blir råstoffet tatt inn i det skybaserte redigeringsprogrammet WeVideo for enkel redigering av publiseringsbart intervju og/eller kortare utdrag til bruk i formidling. Etter redigering blir videoane lasta attende til prosjektarkiv.

  • Publisering: Lange og/eller korte videoar som skal publiserast blir kopiert over frå prosjektarkiv til den skybaserte publiseringstenesta Vimeo. Derifrå kan videoane strøymast il internet, byggast inn i nettsider eller mobilapplikasjonar, QR-kodast, geotaggast etc.

  • Parallelt publiserar me også gjennom Minner.no. Når/viss den får tilsvarande funksjonalitet som Vimeo vil den bli primær publiseringskanal.

  • Arkivering / avlevering: Når arbeidet med dokumentasjon og redigering er fullført og skriftleg avtale om bruk er signert, vert personmappa i prosjektarkkivet merka klar for avlevering. Avhengig av kva som er avtalt i det einskilde prosjekt vil mappa så bli avlevert til lokalt arkiv eller museum og/eller til Norsk Folkemuseum gjennom Minner.no.

  • Viss det ikkje lukkast å få avlevera til offentleg bibliotek, museum eller arkiv, vil mappene bli verande i Memoars mellombels arkiv fram til «eit munnleg riksarkiv» er på plass.

Musé og historielag kan dela:

Historielag, musé, bibliotek eller arkiv som ynskjer å bli med på å bygga dette ut til ein felles infrastruktur, er velkomne til å leiga seg inn for eit år om gongen til desse prisane:

Prosjektarkiv: Kr. 1500,- pr. 1,5 Tb

Redigering: kr. 150,- per brukarlisens.

Publisering gjennom Vimeo: Kr. 1.000,- pr. 1Tb

Arkivering: Inkludert i prosjektarkiv.

Ta gjerne kontakt for å drøfta kortare eller lengre tids tilknytting til denne infrstrukturen. Kontaktpunkt: post@memoar.no, att. Bjørn Enes 

Comments