Memoar er ein liten organisasjon med store prosjekt.
Me arbeider saman med frivillige og profesjonelle over heile landet for å fremja visjonen vår:
At me som lever no skal legga etter oss rike munnlege kjeldesamlingar om vår tid.
Vår tid er manns minne - dei åra me kan dela livserfaringar om. I praksis dei siste omlag hundre åra. Det er "vår tid".
Så har me sett at det å dela livserfaringar og forteljingar mellom oss som lever her og no også er viktig.
Derfor samlar med for framtida - på same tid som me deler med notida.
Det er kjerna i alle våre prosjekt!
Hovudprosjektet i 2019-2022 - mogleg takka være støtte frå #SparebankstiftelsenDNB . Styringskomite: Line Esborg (NFS), Audun Kjus (NEG), Anne Marie Kollhus (frivillige) og Bjørn Enes (Memoar). Prosjektleiar er Line Førre Grønstad | Sjøfartsprosjektet har fått støtte frå Norsk Kulturfond - Det inngår også i eit stort felles utviklingsprosjekt der Memoar samarbeider med Norsk Folkemuseum og 12 andre musé om å utvikla verktøyet Minner.no. Forprosjekt - Senter for munnleg historie er eit forprosjekt for å utvikla eit forslag for kulturbyråd, abm-, utdannings- og kunst - og frivillig sektor i Bergen om samlokalisering av fagmiljø og aktivitetar som arbeider med munnleg historie og immateriell kulturarv. Forprosjektet er strøtta av Bergen Kommune. |