36:10:00 | Me gjekk vest for IRland med håbrannline. Men fisket var over. |
| Me leita nordover, til Færøyane, etc. Såg mørkt ut. Kom til Ekkofiskfeltet. Tett med stor pigghå. Me heiv ut line. Liner på fløyt. Full klaff! |
| 50-60 tonn fisk, men tomt for is. Me ringde til Olav Svendsen - med radiosenfdaren gjekk kaputt. Sildabåtar like ved "Møgsterfjord", ringde for oss. |
| Han sat i lettbåten og lodda etter silda. Full fart i Melingsvågen! Kom andre også med pigghå, det ryktast fort. Måløy hadde også mottak. |
| Og Bremanger. Rikt fiske i mange år. På det meste 128 tonn på is. Maks 8 dagar. Svendsen kontrollerte sjølv. |
| Skinna fisken og pakka ned reine filetar, buklappar. Konene skar filetane, veldig aktivitet. På vinteren dreiv vi vestafor Shetland, Island. |
| Ikkje lenge heime inn imellom fisketurane. Ikkje fripersiodar. |
41:44:00 | Me ville ha ny og større båt i 1979. Skaaluren Skipsbyggeri. 120 fot. Stålbåt. Då vi skulle døype han i november, storm, mykje kast! |
| Søstra mi måtte halde på hatten! 14 millon. Kombinert fiskebåt, isabåt og fryseri. Pigghå, så over til rundfisk. Slutt på |
45:00:00 | På Gamle HORDAGUTT: (Tilbakeblikk) Frå handagning til agnemaskin (autoline) 1976. SÅ og så mange stampar med line. Nokre var raske. |
| Dårleg resultat med autiline i starten. Me var nummer to som prøvde. Mykje skepsis. Gjekk seg til. Handegninga gav såre nevar, |
| åta i makrellen terte på huda. Harde liner, etc. Pigghåen stakk oss med piggane på ryggen. Dei såg ikkje ut…Ingen blei sjuke. |
| Eg var skipper, så eg slapp unna! Lange dagar i styrehuset. |
48:27:00 | Nye HORDAGUTT: Navnet kom frå fylket. Føringsbåt som heitte "Hordafisk", til salslaget. Me tok Hordagutt. |
49:29:00 | Etter pigghå vart det fiske på rundfisk (kvit fisk). Shetland, Nordsjøen, Island, vest om Irland. Linefiske. Torsk i Barentshavet. Kvote utover 1985 |
| Vart rein frysebåt etterkvart. Pakka i kartongar frosen. Me måtte sløya. Bløgga, let han ligga, så sløya me. |
50:50:00 | Kvotane endra seg, lite kvotar på oss. Strukturering: For å kvitte seg med for mange båtar. Kunne kjøpa kvotar av andre, slå saman to-tre kvotar. |
| 1990-talet. Me danna A/S. Måtte velje..kjøpe kvotar eller å selgja båten med kvote. Den blei seld med ei torskekvote 2001. Slutten. |
53:07:00 | Inviesterte i ein trålar "Hordafisk". Ca 1983. Ingen suksess. Selde han tilbake til seljar! |
53:40:00 | Ny stilling: Fiskerirettleiar i Sunnhordland vart sjuk, eg steppa inn som vikar. Statleg institusjon. Eg kjende systemet frå før. |
| Hadde med fiskerinemnda i kvar kommune å gjera. Også med oppdrett. Ikkje konsesjonsbelgt i starten. Oppdrettarane hade ikkje registrert seg. Vikariatet varte i 1 1/2 år. |
| Reetablering. Dei som hadde starta utan konsesjon, om dei kunne beviste drifta. 7-8 stk dette galdt. Eg og Tordis Hareide sende brev til |
| og bad dei søke og sende inn dokumentasjon. Eksplosjon av folk som ville søke! Me hjelpte dei å søke, dei fleste fekk ja til |
| reetablering. Kurt Arne Tyse kjøpte eit anlegg i Ølen som hadde fått ja til å reetablere. No er mange av dei millionærar. |
58:45:00 | 1985 var eg medeigar i eit anlegg, men fekk stillinga som Fiskerirettleiar. Difor selde eg meg ut etterkvart til Eidesvik Settefiskanlegg, til Magne. |
| Eg dreiv reiarlaget for båten vår samstundes, hyrte mannskap, selde fisk, etc. Andre reiste som skipper for meg. |
| Mange oppfordra meg til å søke stillinga då forrige mann gjekk av med åensjon. Tidleg 1990. Der blei eg til eg pensjonserte meg som 60 år. |
| Pensjonist i 20 år. Har framleis drive båten. |
1:0041:00 | Organisasjonsliv: Begynte i Norges Fiskarlag som ung. Salslaget Hordafisk, som blei til Vestnorges Fiskesalslag. |
| Blei med i Goddo fiskarlag/Bremnes fiskarlag. Mykje med i forhandlingar. Inge HALstensen låg i gangen og sov med sko under hovudet. |
| Veldig interessert i organisajonsliv. Var mykje vekke. Kona fekk av og til vere med på landsmøter. |
1:03:06:00 | Gift som 27 år. 4 døtre. 12 år i kommunestyret, Bømlo. For Høgre. Unge Høyre arrangerte dansar, og ein måtte melde seg inn for å få vere med. |
| Eg blei verandre. Olav Svendsen var varaordførar for Høgre. Interessante tid. "Gutta på tur" kvar torsdag. |
01:06:54:00 | Brislingfiske: Første turen i 1953, nett konfirmert. Not på dekk. Basen for med loddestreng. "Pikkinga" i strengen fortalde kor tett fisken stod. |
| Etterpå gjekk dei nni nota og lodda. Dei flinke kunne ruse fangsten. Ordre om kasting, og så snurpa dei nota saman. Tetta botn. |
| Kava nota inn, dvs. strama den inn til ein liten pose. Båten med fangsten blei taua til land, fangsten "turka" (tømming) over i merdar der |
| brislingen gjekk seg rein. Venta i nærleiken. Lyren kunne hoppa oppi. Fann stimen ved å sjå på måsen, sildasyner, niser, brunkar, etc. |
1:14:15:00 | Sameleis på sildefisket. Island om sommaren, me fiska på makrell og sild. I dag ser dei han på asdic. Før rodde dei notbåtane, så fekk dei lov |
| å ha motor i den eine doryen. "Motoren skræmde silda!" Motstand mot framskritt. |
1:16:05:00 | Sildafisket: Me lossa i hektoliter, fiska frå botnagarnfiske. Tungt å lossa. |
1:16: 40:00 | Det sanitære: Vatn på bysso, kattavask. Sirio, gjere ditt fornødne.Me hade zinkbøtter med kvass kant. Utan lok. Kaggestampar med tamp var |
| framskritt. Nokre gjekk inn i byssa, når kokken ikkje kokte mat. |
1:18:40:00 | Masse fiskarar som gjekk i land på Island ved uvvær eller i helgene: Slagsmål. Vekkelseskampanje i Måløy. "Jesus kjem att til helga!" |
| Pumpelukta sette seg i kleda. Når me gjekk på land, snudde folk seg etter oss. |
1:20:47:00 | Goddo fekk bru i 1974. Eg var ei veke i Haugesund for å ta lappen. Gløymde handbrekken! Men fekk meg bil og sertifikat. Kona mi også. |
| kort veg til sentrum no. Bur framleis på Kruneneset. Innflytting: Blei ordna av andre slektningar. |
1:24:20:00 | Tekniske nyvinningar innan fiske: Lite hjelpemiddel i starten. Ekkoloddet kom tidlg. SEISKJÆR: Navigasjon ved å høyre på radio frå England, Consol, |
| kartet delt opp i sektorar med prikkar eller strekar. Dettte høyrde me på radioen. Men ikkje noko krysspeiling. Radiofyr overalt. |
| Ved hjelping brukte me kartet for å finna dei som hadde ropt opp. Seinare kom amerikanske Loran, så DECCA. No: Gps. |
| Langs heile kysten gjekk me berre etter fyr og sektor-kodar frå radio, seinar radar. |
| |