Sjøfart‎ > ‎2019‎ > ‎

Helge Brudvik

lagt inn 27. okt. 2019, 14:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. okt. 2019, 14:42 ]
Helge Brudvik gjekk til sjøs som 17-åring, på MS Taranger, tilhøyrande  Westfal-Larsens rederi i Bergen. Den gjekk i Inter Ocean Line, mellom Europa og den amerikanske austkysten. Han trivdest så godt at han blei ståande ombord i to år. Då han endeleg kom heim, var han blitt for gamal til å få læreplass som tømmermann, slik han eigentleg hadde tenkt seg. Så han blei verande på sjøen. 

Den tredje båten hans var MS Meteor, Bergenske Damskipsselskaps cruise- og passasjerbåt. Han var kvitmalt, bygd i Aalborg i 1955 og gjekk i hovudsak på cruise i Middelhavet, Skottland og norskekysten heilt til Svalbard. Han fortel om særtrekka ved arbeidet på cruisebåt samanlikna med lastebåt, om style ved flaggheising og -firing, gangveivakt og anna. Som mannskap på cruisebåtar kjem ein mange interessante stader som ein aldri kjem til med andre båtar. 

Cruiseskip brukt som gledeshus


Helge Brudviks andre skip, MT Pollux, var resultat av ein byttehandel med Sverige i 1951/52. Noreg var i stor tonnasjemangel etter krigen. Malmoereiaren Einar Hansen fekk overta\\xA0\\\"Stella Polaris\\\", mot at Bergenske fekk overta nybygget som fekk namnet Pollux. A0
Stella Polaris vart rekna som eit av verdas vakraste skip. I oktober 1940 tok tyskarane henne til gledeshus for U-boot-mannskap i Bergen. (I videoopptaket hugsa Brudvik feil og sa at det var gamle DY \\\"Meteor\\\" som vart bytta med Pollux).
Han tok styrmannskulen i to omgangar. Det var stor etterspurnad etter andre-styrmenn sist på 50-talet, så skulen var delt i to for å få fleire klare til mønstring. Seinare seilte han i Bergenske si Scandinavian West Africa Line. Han fortel om  Kongo i tida rundt 1960, då Belgia avslutta koloniherredømet og den rikaste provinsen Katanga forsøkte å lausriva seg. Mellom, anna frakta dei kopar frå gruvene i Katanga. Han fortel også om hamnene i Angola og det tidlege opprøret mot den portugisiske kolonimakta der, og om handtering av  store teakstokkar som kvar vog mellom fem og seks tonn.

Han fortel om korleis han opplevde "palle-revolusjonen" utover 1960-talet. Det var mykje diskusjon om fordelar og ulemper - ofte tok dei last ombord med pallar, men stua om slik at dei fekk plass til meir i romet. 
Bergenske var seine med å bygga om slik at dei kunne køyra med truckar på dekk og i rom. Men dei hadde ein styrmann som var så ivrig på pallar at han fekk kallenamnet "Palle Pallesen".  Ei tid produserte Bergenske også sine eigne pallar. Sist på 1970-talet tok endeleg rederiet skrittet fullt ut, og nybygget MS Astrea fekk både palleheis og slette dørkar.  Men då var "container-revolusjonen" alt i full gang. 

Brudvik var med å ta ut MS Astrea - men så fekk han oppmoding om å gå over på cruise att. Bergenske var med i Royal Viking Line, og no ville dei ha Brudvik som staff captain på Royal Viking Sea. Han fortel om arbeidet til ein staff captain, som har meir med mannskap og besetning å gjera enn sjølve sjømannskapet.  Seinare blei han kaptein på Royal Viking Star

I starten gjekk desse båtane berre halvfulle. Det tok tid å bygga opp marknaden for cruise. Utgangspunktet var USA. Dei opererte Royal Viking Lines frå San Fransico, og dei bygde opp ulike tilbod fyrst og fremst for den amerikanske marknaden. 
I 1986 blei båtana flagga ut til Bahamas. Norsk mannskap vart bytta ut med fillipinsk, men mange av offiserane blei ståande. Brudvik blei i Royal Viking Lines heilt til slutten i 1994. Han fortel om reisemål som Pitcain Island, Påskeøya og Kapp Horn.   

Etter Royal Viking gjekk han over i det japansk eigde og amerikansk drivne rederiet Crystal Cruises.  Han begynte med å ta ut Crystal Symphony frå verft i Finland, og var seinare også på Crystal Harmony
I 2000 gjekk Helge Brudvik i land for godt. Han registrerar at det er ein veldig vekst i cruisefarten, og trur den kjem til å halda fram - viss næringa klarar å ta miljøet på alvor. Drift med tungolje i trange fjordar og hamner høyrer fortida til, seier han.

Opptaket var gjort på Bergens Sjøfartsmuseum den 12. mars 2019. Intervjuar var Bjørn Enes. Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Helge Brudvik. 


Helge Brudvik:

Stikkord om innholdet i intervjuet:

(Tal til venstre er tidskoder - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskoder er klikkbare.

Du kan lage egne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/327897539#t=1h3m15s)

    

Utskriftsvennlig stikkordliste

'

00:00 Født i Sandviken i 1938. Far hadde vore sjømann. Dro til sjøs etter realskulen, 17 år gml
00:01 Mange reiste ut då dei var 15 - med eller utan mors underskrift
01:40 Fyrste båt var MS Taranger, Westfal-Larsen, som hjelpegutt. Stelte for mannskap og underoffiserar
02:45 Fekk seinare overføing til dekk - men gjekk ned i hyre
03:10 Me var eit mannskap på over 30 mann. Båten var førkrigsbygd, tysk
03:40 Gjekk i Interocean Line, frå Bergen til Vancouver - ein tur tok tre månader
03:50 Gjekk ombord i Dagenham i London. Lasta bilar. Derifrå direkte til Panama.
04:20 Reiste med MS Meteor til England. Mye rulling - blei sjøsjuk. Tog NewCastle- London. Blei møtt der.
05:05 Dagenham var ein del av hamneområdet i Themsen, nedanfor slusene
06:20 Blei ikkje sjøsjuk seinare.
06:35 Forskjellige aldrar på mannskapet. Krigsseglarar kom og gjekk - ofte folk som aldri var i Noreg
Flotte foolk - mnen dei var komne litt skeivt ut
08:00 Fyrste tur var flott- me såg flygefisk. Panama var fantastisk - bunkra i Cristóbal, var i land
09:00 Lokale folk tok trossene i kanalen
09:35 Vestkysten - Long Beach, San Fransisco, Oakland - kunne ligge to tre dagar kvar hamn
10:10 Lasta ballar med mekanisk masse i Oakland
10:40 McCarthytida - immigration spurte om me var kommunistar. Beskjed om å seie nei til alt
Lege kontrollerte at me ikkje var sjuke
11:35 Velferd og kyrkje stelte i stand mykje i land
12:05 Tre messer: Offiserar, underoffiserar og mannskapsmesse. Vår var felles for maskin og dekk
12:40 Båtsmann, tømmermann og maskinassistent satt i underoffisermessa. Dei var ordensfolk.
13:30 Eg hadde ni månaders kontrakt
13:45 Steig i gradene til jungmann og lettmatros før eg gjekk i land.
14:25 Spleising, vasking. smøring - me tok ned mesteparten av riggen når me gjekk til havs.
15:10 Ein heil dags arbeid å ta dei ned og rigga dei opp att. Rutina hang att frå gamle dagar.
15:58 Kontakten med offiserane var god. Dei var med på fotballkampar. På brua lærte dei oss opp
Eg lærte å ta solhøgda
16:40 Forklarar korleis ein tar solhøgda og reknar posisjon.
18:30 Me hadde tabellar til hjelp i utrekninga. Me målte om dagen, og rekna ut om natta.
19:15 Så lenge du såg sola, var det ikkje så vanskeleg å måla. Klokkeslettet var viktig
20:09 No er det ei heilt anna verd.
20:20 Me hadde radiopeiling, Decca og Loran. I skumsringa og demringa kunne me ta stjernene på same måten
31:30 Solhøgda var veldig viktig. Framleis tar navigatørane solhøgda av og til.
22:10 Me hadde radar. Men det var styrmannen sin. Gamle kapteiner likte ikkje at me brukte han for mykje.
Det var mykje reparasjonar - lamper og komponentar. Starta berre når nødvendig.
23:40 Sto ombord i Taranger i to år. Ville bli tømmermann etterpå - men var eg for gamal til å få lærekontrakt.
23:30 Ut att etter eit halvt år. Tankbåten Pollux, Bergenske Dampskipsselskap. 9 månaders kontrakt
25:30 Tredje båt var cruisebåten MS Meteor - den same som eg reiste med til England . Matros.
Fyrst Middelhavet - så Skottland og norskekysten - og til Svalbard
26:40 Meteor var ikkje så stor - tok 250 passasjerar. Kvitmalt.
27:56 Tendring - tok passasjerande i land med småbåtar. Me hadde to stykk ombord, ein dory med stålkjøl
28:00 Den anbdre tenderbåten var ein livbåt.
28:30 Alle passasjerane hadde felles spisesal. Mannskapet hadde mannskapsmessa (dekk og maskin)
Betjeningsmesse (hotellbetjening) og offisersmesse og salong til passasjerane
29:35 MS Meteor hadde ligge i opplag i Laksevåg om vinteren, der gamle DY Meteor brukte å ligge.

Tyskerane brukte cruisebåtane til losji. "Stella Polaris" blei brukt som gledeshus. Seinare bytta mot Pollux
31:40 Tankbåten var 15.000 ton. Det var stort for Bergenske. Men for losane i Karibia var det ein liten.
32:25 Var på dekk på Meteor fram til styrmannskolen. Pussa mykje teak. Alltid unioform
33:05 Flaggheising og -senking måttre mannskapet alltid vera med på .
33:20 Dekksfolka hadde ikkje omgang med passasjerane. Offiserane blei ofte invitert - "ladies night""
34:00 Meir hierarki?
Meir folk - større besetning. Meir formelt enn på lastebåt.
35:00 Gangveivakt må vera pent kledd. Spersielle folk trives på cruisebåt. Meir interessante hamner
36:15 Fekk høve til å koma i land på frivakt. Faste avgangstider. Flaggheising og senking - det var style
37:20 Var eit halvår - så blei eg overtalt til å begynna på Styrmannskulen.
Dette året ble styrmannskulen toårig. Det var viktig å utdanna mange 2.styrrmenn. Ferdig mai 1960
38:08 Reiste eit år - så tok eg andre år og skipperskulen i eitt. På Nordnes. Skikkeleg skule den gong.
40:18 Eg hadde realskulen, og kunne begynne ein månad etter dei andre. Det var interessant
Nokre av lærarane blei veldig godt kjende. Ein tok oss med på taket om natta for å læra stjernebilete
42:08 Lite studentaktivitet utanom skuletida. Dei fleste hadde familie eller kjærast
42:40 Eg møtte min kone på Meteor. Vi seilte eit år saman etter styrmannskulen. Vest-Afrika.
43:20 De siste åra har ho også vore med som passasjer.
43:50 Scandinavian Vest-Africa Line, Bergenske etter strymannskulen
44:40 Skifta til Crystal Cruises siste år. japansk eigd, amerikansk drive.
45:10 Royal Viking flagga ut. Nå har Fred Olsen to av båtane, eit tysk rederi har ein og Holland American Line har ein
Royal Viking heldt på i tjue år. Eg var med i tolv av dei.
46:20 Vest-Afrikalinja. Ned med stykkgods. Opp att med kaffe, sisal og kopar frå Katanga.
Kongo - det var FNtroppar der nede i 1960. Me gjekk opp elva til Matadi
47:30 Me var i Angola og i Fransk Kongo, Point Noir, og henta svære teak logs. Stort sett i rommet.
Kvar stokk vog fem-seks tonn.
48:20 Dei lokale lossarane var flinke. Når me lossa måtte me nokre gonger hiva dei svæøre teakstokkane på sjøen.
49:35 Ellers kaffi og sisal i store buntar. Kopar frå Katanga. Dei ville lausriva seg - derfor blei det krig.
Ferdig raffinert kopar kom med jarnbane frå Katanga til Angola. Fine havner i Angola.
50:50 Me høyrde snakk om opprør kvar dag. Dei kvite formennene gjekk med revolver. 
51:30 Portugisarane var stygge med dei innfødde. Eg forstår at dei gjorde opprør.
52:05 Ein tur fylte vi 900 tonn tørrfisk som naudhjelp til Kongo. Hjelpeprogram. Lossa
52:45 Dei var vande med tørrfisk. Historia om taktekkiing har eg høyrt men aldri sett
53:15 Då dei blei frie, kom alle i kvite skjorter som dei hadde stole i bujtikkane.
53:40 Pallane kom i sekstiåra. I 1963 var eg på Delfinus. Den var bygd for å kunne ta pallar.
Hamburgruta. Kvar tur måtte me bestemma om me skulle ha pallar eller stua av.. Utan pallar fekk me plass til meir last.
54:55 Bergenske lagde sine eigne pallar. Før måtte me låna pallar i Hamburg.
55:45 Ein styrmann fekk tilnamnet Pallesen - han ivra for pallar på kystbåtane.
Bergenske satsa poå pallar på grunn av han. Men bygde ikkje pallebåtar - der var dei for seine.
56:40 Bergenske fornya seg ikkje nok. Dei bygde mange båtar rett etter krigen - alle blei gamle på same tid.
57:25 Dei skulle begynt å fornya seg tidlegare.
57:50 Ei stund fekk de selt dei gamle båtane til Austen. Dei bygde MS Astrea sist på 1970-talet
Palleheis og rampe akterut og kran for containarar på dekk. I 1979. Bygd i Fosen, saman med Nordenfjeldske
59:00 Eg var med å ta han ut. Det var oppsving ein periode. Så ville rederiet ha meg på cruise att.
59:30 Det gikk nedover med Bergenske. Men cruisefarten heldt seg bra.
01:00:30 Fyrste tur var eg staff captain - Royal Viking Sea. Panama, austkysten og rundt Sør-Amerika
01:01:44 Deretter Roayl Viking Star som kaptein i -81, Middelhavet og norskekysten.
. Royal Viking Star var den fyrste som blei forlenga med 29 meter. Det gjorde dei seinare med alle
01:03:15 Staff captain har vedlikehaldet og mannskapssaker - det blir alltid noe når det er 400 mannskap
01:04:00 Av og til måtte avskjedige. Dette med narkotika var på sitt høgaste på den tida.
01:04:55 Fyrst var det norsk mannskap og europeisk besetning i
01:05.25 Flagga ut i 86. Det blei filippinske mannskap på dekk og maskin. Nokre offiserar blei ståande.
01:06:07 Dekk og maskin gjekk ned i hyre. Offiserane blei lønna omlag som før - men utan sjømannspensjon.
01:07:25 Mange reiste heim. Nokre kom ombord att - dei fekk avmønstring, og så kom dei ombord att...
01:08:10 Det gjekk veldig greit med fillipinsk mannskap.- dei var alle tiders. God utdanning. Mange var styrmenn
Dei var betre enn dei norske ved gangveien
01:08:50 Også i dei andre besentingane blei det fleire fillipinarar etter kvart.
01:10:20 "Repeaterar var nøgde når dei fann kelneren og stewardessa - dei var dei same, for dei går på prosentar ")
11:40 Offiseriane hadde ofte betalt mykje inn til pensjon. Dei fekk lite igjen. Eg hadde full opptening
12:45 Narkotikaproblemet var i en periode - alle skulle forsøke.
13:15 Ein kelner gjekk i land i Peru og sa ja til å transportera kokain til Fort Lauderdale.
Han blei tatt i gaten. Me trudde det var planta. Vi leverte tepper til han i fengselet. Satt i eit par år -
Og blei gift med advokaten sin. Han blei visst ein halden mann. Han var greker
15:30 Kapp Horn - der hadde me alltid fint vær. Gjekk innaskjærs Kapp Horn - der hadde me alltid fint vær.
16:40 Det var militær signalstasjon der. Berre mannskap gjekk i land.
17:30 Me var også på Pitcain Island. Doktoren skulle i land for nokon var sjuk. Eg var med i land.
. Kjøpte ei huve med Bounty på. Men det var veldig vanskeleg å gå i land. Det var veldig rød jord.
19:45 Me var og såg gravplassen og skulestova. Og Bibelen frå Bounty
20:25 Me var også på Påskeøya - tendring inn til land.
21:10 Machu Picchu fekk eg også sett.
21:30 Repeaterane er slike som kjem omatt og omatt. Dei blir alltid invitert i "Skald-party" på Royal Viking.
Dei fekk litt akkevitt. Repeaterane er viktig gruppe. Dei fleste er amerikanarar, nokre tyske og engelske
Berre 4 % av amerikanarane visste om cruise. Repetarane var viktige for å auke kjennskapen til crfuise
24:25 I starten gjekk Royal Viking nesten tom på verdenscruise. Så ble det meir og meir.
25:30 Juleruise frå Fort Lauderdale til San Fransico -
Innom Curacao, Cartagena Colombia, Panama City, Caldera, Acupulco
26:50 Inn og ut av San Pedro spiller sjømannskirka Ja vi elsker
27:40 i San Fransico var der både sjømannskyrkje og eit eige hotell for norske sjøfolk.
28:45 Crystal Cruises. Begynte med byggetilsyn på Crystal Symphony i Finnland. Ferdig 1995. sto til 2000.
30:00 Norske offiserar på dekk og maskin, fillipinsk mannskap og europeisk hotellbesenting.
Eigd av japansk rederi. For forsikringa sin del hadde me to japanske kapteinar ombord.
31:20 Den japanske kapteinen hadde ansvar for den sida av båten som ikkje låg til kai...
32:05 Vi meinte dei skulle ha ansvar for noko. Når me kom til Japan var dei viktige.
33:10 Eigd japansk - drifta amerikansk. Dei som dreiv han var gamle kjende frå Royal Viking.
34:10 D-dagen var eg med Harmony til Normandie.
Også battlefield cruise i Stillehavet. Okinawa - veteranar heldt foredrag ombord.
35:30 Cruisefart veks veldig. Viking Sky ligg her i dag for å bytte folk - heile vinteren.
36:10 For ti år sidan foreslo eg Hardanger i mai for å sjå bløming. Nei - for tidleg på året, sa rederiet.
1:37:20 Torstein Hagen frå gamle Bergenske har bygd opp eit veldig imponerande rederi. Nå har dei norsk flagg.
38:10 Viking Venus kjem snart. Kapteinen som tar ut dei nye kjenner eg.
38:50 Dei gamle som brukar tungolje må ut av trafiukk.
01:40:10 Det er tidsspørsmål før dei må kutte ut for å koma inn.
40:50 El-anlegg: Utbygginga går ikkje fort nok. Og båtane må byggast om slik at dei kan ta mot straum.
42:00 På Delfinus hadde me ein hjelpemaskin som heitte Bolinda berre for å laga lys - me tenkte ikkje på forureining
Framtida er å kutte forureining. Straum under land
44:16 Bergens framtrid som cruiseby?
44:45 Viking er jo fylt opp i USA. Tyskarane vil kanskje ut på havet, ikkje berre elvecruise.
46:28 Kanhende fleire er interesserte i å gå til Fløyen eller Blåmanen. Det er mykje ein kan gjera...
Lysøen er og eit populært turistmål. Fjordturar er og ein god idé.
49:35 Japanarane trur visst at dei får fornuftige born viss dei er laga under nordlyset.
50:10 Det var ein stor overgang å skifta frå lastebåt til cruise. Måtte halda talar - vanskeleg før det blei vane
51:30 Amerikanarane har ein voldsom respekt for offiserar.
52:20 Ein tur på Royal Viking Queen - der måtte kapteinen tale på tysk. Då var det bra å ha realskulen.
SLUTT
Comments