Sjøfart‎ > ‎

Edmund Hellman, Bergen

lagt inn 18. jan. 2017, 22:47 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. jan. 2017, 22:48 av Leiar Memoar ]
Edmund Hellman hadde knapt sett sjøen då han bestemte seg for å ta eit firemånaders kurs på Risøy Folkehøgskule for sjøfolk i 1954. Fire månader seinare fekk han si fyrste hyre på M/S "Avance", som tilhøyrde Jens Henriksen rederi i Risør.

Han møstra på i Antwerpen, hadde fyrste landlov i Puerto Rico og vart så gåande i to år i sukkerfarta mellom Karibia og den amerikanske austkysten. Han trivdest betre enn han hadde gjort nokon gong: "Eg ville ikkje heim att. Sjølivet var blitt den nye heimen min!" Fortel han i dette opptaket frå august 2016.

Han gjekk frå båt til båt - stort sett på Amerika, Sør-Amerika og Fjerne Austen. Korte opphald i land var den einaste avvekslinga frå livet ombord. Han gløymde reint å tenkje på å sende brev til dei der heime. Kvar gong han fekk høyre at båten han var på skulle til Europa, mønstra han av. Bortsett frå ein gong då han ikkje fekk slutte, og rømte i staden. To gonger, frå same båt. med det resultatet at han vart svartelista og blei gåande på bommen i New Orleans. "Det var ei herleg tid!" Seier han no.

Han fekk vener, både ombord og i land. Og han fann kjærleiken - igjen og igjen. Då han til sist sette kursen heimover kom han nygift frå Japan. Då fyrst kom han på at han berre hadde gitt eit einaste livsteikn frå seg på ti år. Det var eit telegram om å sende pengar den gongen han fekk krav om å erstatte rederiet sine kostnadar med rømingane...

"Eg angrar ikkje på nokon ting - det har vore eit herleg liv! " seier han. Han segla alltid i maskinen eller som reparatør. Då rasjonaliseringane sette inn gjekk han i land - for snart å reise ut att som reiserparatør for Øgrey Mekaniske og som Nordsjøarbeidar. Det var i Nordsjøen han trefte si noverandre kone - og det var ho som henta han til Bergen.

Intervjuet vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 26. september 2016. Intervjuar var Bjørn Enes .



Edmund Hellman:



Tidskodar Tekst
00:40:00 Bestefar var svensk rallar
01:55:00 Oppvekst hos bestemor
03:05:00 Ein kamerat drog til sjøs
04:02:00 Eit plutselig innfall – Stormbrua
04:50:00 Risøy ungdomskule for sjømenn, Tvedestrand
06:50:00 Fyrste båt MS Avanse 1954-
07:15:00 Nordberg diesel – heilsveisa C4-skip

(Meir om «Libertybåtane» og C4)
08:00:00 Fyrste landlov i Karibia
09:22:00 M/S «Avance» -
10:50:00 Nordberg Diesel
11:50:00 Sjøvakter
13:20:00 18-mnd kontrakt
13:45:00 sukkerfarta
14:40:00 Sukkerarbeidarane på Cuba
16:40:00 Scandinavia Bar
17:20:00 Der er jenter....
18:25:00 Europa er hardare
19:20:00 Nassau
20:15:00 DS «Askeladden» - Farsjø, Oslo
20:36:00 Dampmaskin fra Fredrikstad Mek
21:22:00 Open veiv
22:40:00 Fyrbøter
23:05:00 Bermudatriangelet
23:15:00 Tre hurricanar
24:40:00 Talerøyr (med signalfløyte)
26:30:00 Utan framdrift – storm, kollisjonskurs, borgarkrig – dynamittlast... ......

27:50:00 Mytane om Bermudatriangelet
29:25:00 Storm i Sør-Kinahavet
33:00:00 Dekk og maskin

33:42:00 New York 1956 – fyrste avmønstring
34:27:00 Shippinga i NY
35:36:00 Ville ikkje til Europa....
37:42:00 «Heime» blei å vere til sjøs
38:13:00 New Orleans
39:16:00 Hornet
40:42:00 På rømmen i Santos
42:20:00 «- kan ikkje rømma med koffert, veit du!»
43:46:00 Ny rømming i New Orleans
45:43:00 Husvertinna
47:12:00 Svartelista
48:50:00 Hjelp frå kyrkja
49:40:00 På bommen i New Orleans
52:40:00 Cubakrisa 1962
55:40:00 Santos – stor og lille rabalder
56:00:00 Trikken i Santos
57:25:00 Møte i Montevideo
1 time
00:51:00 Brukte berre kallenamn
02:10:00 Sjøsjuke
02:58:00 Bakkstørn
04:22:00 Bar ombord
06:13:00 Krigsseglarar
07:04:00 Høyrde alltid at linjebåtar var verre
09:37:00 Romantikk i fjerne austen
10:00:00 D/S «Orania». Smith Sørensen, Arendal
10:08:00 Trippel dampmaskin
10:10:00 D/S «Byfjord», Kornelius Olsen, Tavanger
10:52:00 Bombay (Mumbai) - sjukeavmønstring
13:29:00 Dassane i Egypt

15:34:00 Fjerne austen
15:40:00 Tre typar dampmaskin
16:28:00 Ferie i Japan
17:14:00 Forelska i Kobe
18:53:00 Forelska i Nagoya
20:45:00 Avskjedbrev – båten kom ikkje attende
21:44:00 Gift i Japan
22:54:00 Nygift heim – etter 10 år utan livsteikn
26:10:00 Forelska i Rio
27:10:00 (Bjørn Enes fortel Yelida)
34:28:00 Norsk-Karibiske tradisjonar
35:16:00 Skotjuvane i Haiti
36:20:00 Klokketjuvane i Santos
37:40:00 Respekt for skytevåpen...
39:50:00 Reppen
41:14:00 Brot på vifteaksling
43:49:00 Utanbords naudreparasjon
47:49:00 God hjelp i godt rykte
48:32:00 Oppdal før mobiltelefonen
51:14:00 Siste båt Bergljot 1972 – Gill Johannessen
51:28:00 Rasjonaliseringane
53:23:00 Elefantbordet
59:12:00 I land for godt
2 timar
00:14:00 Cuba
03:43:00 Unge kvinner og unge menn: Ein viktig del av historia
09:07:00 Reisereparatør for Einar Øgrey
13:32:00 Nordsjøen
15:00:00 Amerikanarane
15:52:00 - og ho er eg gift med henne..
Comments