Sjøfart‎ > ‎

Håkon Drange

lagt inn 22. okt. 2015, 04:22 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:27 av Leiar Memoar ]

Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket.

Direkte adresse til denne sida er:http://Haakon.Drange.memoar.no/

Håkon Drange fortel om:


  • Kvifor han vart sjømann

    Håkon Drange

  • Fyrstereisa mai 1947 - våren 1948

  • Mosquitofarten på Aruba (nederlandske Antiller)

  • Sjømannskyrkja der

  • Mannskapsutskifting

  • Aircondition / standard ombord

  • Turen heimover

  • Korleis han vart stuert

  • Krigsseglaren "Stillehavbets skrekk"

  • Bryllupp og familieliv

  • Rasjonaliseringane på 60- og tidleg 70tal

  • Båtane D/T "Tiger", MS "Risanger", MS "Høyanger".

  • Og litt om 23 år som terminalarbeidar på skur 22 på Dokkeskjerskaien  


Meir sjøfart:  Sjofart.Memoar.no
Comments