Sjøfart‎ > ‎

Nils Audun Mugaas Vassenden

lagt inn 8. jan. 2016, 03:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jan. 2017, 10:27 av Leiar Memoar ]
Vassenden vaks opp i Klokkarvik på Sotra, der mineleggaren KNM Tyr var stasjonert då det nærma seg krigsutbrotet. Han vart kjend med styrmannen ombord, og var augevitne til deler av kampane mellom Tyr og tysk marine etter 9. april.  Den same styrmannen vart redninga då Vassenden snaue to år etter krigen mønstra på skuleskipet Statsraad Lemkuhl. Han var då berre 14 år gamal, for ung til skuleskip. Men styrmannen gjekk god for han.  
I dette intervjuet fortel Vassenden utfyllande om tida på Statsraaden i 1947.  Han held fram med å fortelje om fyrstereisa si på Ditlef Simonsen sin lastebåt MS "Skagerrak", der det var eit stort innslag av krigsseglarar ombord. 
Han fortel levande om topedonerver og nattlege mareritt for dei - om om heimlengt og rømmingar mellom nygifte unggutar som måtte stå hyre i opp til 30 månader om dei var uheldige. 
Han mønstra som jungmann i september 1947 - og kom heim som matros, knapt 17 år gamal i 1949, etter to år på Austen og SørAmerika.  
Han fortel og om interessante år i Marinen på 1950-talet. 
Etter 1961 har han arbeidd i sjøforsikring og sjørett. (Sjå hans eigen utfyllande tekst nedanfor)  
Opptaket vart gjort med publikum til stade på Sjøfartsmuseet i Bergen, sundag 13. desember 2015. Intervjuar var Bjørn Enes





  (Utskrift)


Nils Audun Mugaas Vassenden

Direkte adresse til denne sida er http://Vassenden.memoar.no/ 


Stikkord i samtalen:

Klokkarvik i Sund på Sotra

Skuleskip - 14 år

Statsraad Lemkuhl 1947

Seglmakaren

Forpleiing

"Work-up"

Knopar og segl

Ingen safety

Faste plassar

211 gutar

Sjøsjuke i riggen

Forhistorie i Klokkarvik 1940

KNM "Tyr" 1940

Gjensyn på Statsraaden

Sjølvjustis

"Kongens kvarter"


Sjøvakter

Baut

Statsraaden i dag

Motoren

Tokt

Tatovering

Gløymd ventil

Landvakter

Disiplin

Avslutning på Statsraaden

Fyrstereis på MS Skagerak

Krigsseglarar

Mareritt

Forhistorie - Liverpool 1941-45

Då dei kom heim.....

Krav om seks års skatt

Bitterheit

India 1947


Rømmingar

Matros - 16 år

Heimlengt

Til Europa - 59 døgn i sjøen

Lesestoff

Heim 1949

Meir om MS "Skagerrak"

Wire-spleising

Kakerlakkar

Ut igjen

Marinen 1953

Offisersaspirant

Fenrik - KNM "Oslo"

Artillerisjef - KNM "Oslo"

Skipperskulen 1956

1961 - søkte jobbar på land

Ny jobb i sjøforsikring

Før - og nå


Ċ
Leiar Memoar,
13. jan. 2016, 06:46
Comments