Sjøfart‎ > ‎

Per Gustav Steimler - Del 2

lagt inn 6. okt. 2017, 02:33 av Bjørn Enes   [ oppdatert 6. okt. 2017, 02:41 ]
I oktober 2015 fortalde Per Gustav Steimler om sitt liv i handelsflåten, frå fyrstereisa i 1962 til han gjekk over til forsyningsskip i Nordsjøen i 1976. I dette opptaket frå januar 2017 held han fram derifrå. 
Han fortel om pionertida i Nordsjøen, dei fyrste supplybåtane, problem med amerikanske båtar og utstyr som var utvikla for Mexicogulfen - og amerikansk organisasjons- og leiingskultur - og miljøet i Aberdeen på 1970- og tidleg 80tal.
Han karakteriserer båttypen UT 704 som eit vendepunkt, ikkje berre når det handla om skipskonstruksjonar, men generelt når det gjeld utvikling av utstyr for tilhøva i Nordsjøen. Nyssgjerrig på alt dette nye som kom, vart han ein av dei tidlege brukarane - mellom anna av utstyr for dynamisk posisjonering, heilt frå det var basert på loddline til fast punkt på botnen til det etter kvart vart basert på satelittar og GPS. 
Han fortel om tøffe strider, mellom anna kampen for påbod om hydrauliske pelikankrokar i hekken på alle forsyningskip. Han reflekterer om sikkerhetskulturen, og meiner at den fyrst og fremst har røter i godt sjømannskap: "HMS er sjømannskap og sunn fornuft sett i system". Etter kvart kom oljeselskap etter, og i starten var mange av prosedyrane svært nyttige. Han nemner særskilt "Sikker jobbanalyse" (SJA). Men han er kritisk til den siste utviklinga - i dag er prosedyreverket prega at at HMS er blitt eit yrke i seg sjølv. Det bygger ikkje lenger på godt sjømannskap og sunn fornuft. Det kan bli farleg, dersom respekten for HMSprosedyrane vert undergrave, meiner han. 
Han fortel om krisa i 1987, som vart dramatisk for hans del: Båten hans -  UDI Rimfonn (ex Balder Davis)  - vart tatt i arrest i Aberdeen og seinare seld på tvangsauksjon. Han bestemnte seg då for å gå i land, og sat ei tid og fraus i ei hytte på nordsida av Osterfjorden mellom skift som maritim transportkoordinator på Mongstad. Men så vart han henta inn til jobb som  maritim inspektør i Hydro, med ansvar for flytting av boreriggar. Dermed bar det for ein stor del til sjøs att - men utan vaktplanar. 
"Eg har aldri sett deg så lite som etter at du fekk jobb i land.." sa kona.  Steimler tok imot eit godt tilbod om sluttpakke då Hydro og Statoil fusjonerte i 2007. Etter det har han drive sitt eige konsulentfirma innan oljevern. 
Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 17. januar 2017. Intervjuar var Bjørn Enes 


Per Gustv Steimler (2)


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/236489606#t=1m26s ) 


00:00:00 Presentasjon
00:23:00 Begynte i oljesektoren i 1976. Dei fyrste supplaybåtane var komne til Bergen
01:26:00 Sjømannskap på sitt beste – Søkte jobb,
01:59:00 Eddagruppen. Fem rederie gjekk saman om supplyflåte
02:44:00 Utlånt til Edda Sun. Vaktordninga var «som å koma til himmelen
03:25:00 Edda Scape frå India
04:27:00 Viking Supply bygde to ankerhandterings/taubåtar. Ettersyn på fullføringa av John Viking
05:45:00 Ulstein 704 – stor suksess for norskbygde supplybåtar. Alt var topp – unntatt innreioinga...
06:59:00 Fyrste jobb med SeaTroll – utplassering av lastebøye
07:43:00 Stakk 140 m djuipt – måtte legge løype ut i Nordsjøen
08:20:00 Amerikanske plattformsjef – kravde sandkasse av mahogny
09:12:00 Dramatikk under ankerhandtering med Sea Troll – verre og verre vær
10:59:00 Sleparen rauk – 20 meter høge sjøar -

Redningsgevær – måtte opp i masta

Nytt problem – lina hang fast i hekken, måtte klatra ned

Måtte ligga i rekke og halda kvarandre for å klara å festa trossa

Masse sktryt frå Sea Troll – og god belønning. Sette kokken til ankervakt.
14:50:00 Utnemning til kaptein
16:00:00 Anna Viking – fyrste bår som kaptein 1977. Det gjekk mykje poteter ombord der...
18:32:00 Parley Augustson – Balder Grip ein tur, så vart båten flagga ut.
19:27:00 Sommaren 1982 – slepte isfjell ved New Foundland
20:50:00 Balder Davis – dykkarbåt, bygd om til kabellegging. For å læra dynamisk posisjonering
21:50:00 Mange var skeptiske til all instrumenteringa på Balder Davis
22:40:00 Meir om utvikklinga av dynamisk posisjonering – frå loddline til satelitt
23:55:00 Kabellegging var meir nervepirrande enn dykking
24:52:00 Gravemaskin på sjøbotnen
25:30:00 Utvikloinga av ROV – miniubåtar
26:24:00 Det var folk med bakgrunnfrå utanrikssjåfart som bemanna den fyrste supplyflåten
27:20:00 Mange sjøfolk var skleptiske til å begynna i Nordsjøen
28:10:00 Krisa i 1987 – Balder Davis varty arrestert og selt på tvangsauksjon – siste mann i land

29:26:00 Mongstad 1987 – transportkoordinator – seinare maritim inspektør i Hydro
30:36:00 Jobben som maritim inspektør – prosedyrer og planar for flytting av boreriggar
31:46:00 Utviklinga av skiftordningane – har det gått for langt på installasjonane?
33:00:00 Minne – då far ba om ferie etter 4 år ombord...
33:27:00 Pionertida – altfor lite motorkraft. Vart ikkje betre før befraktarane kravde det.
33:55:00 Anne Viking hadde 8000 HK, og ein baugtrust med 500 HK
35:15:00 I den fyrste tida måtte forsyningsbåtane fortøya i plattformane 
36:27:00 Lossa gjennom tre slangar – sement, olje og vatn. Interessemotsetningar ved dårleg vær
37:02:00 Farleg arbeid bak på hekken i dårleg vær – det hende at trossene måtte kuttast med øks
38:02:00 Det kunne bli svært lange vakter for skipperen viss styrmannen var uerfaren
39:46:00 Amerikanarane hadde ofte markeringsbehov
40:40:00 Pionertida: Amerikansk utstyr og tradisjon eigna seg ikkje for Nordsjøen.

Etter Ulstein 704 vart alt etter kvart betre – no er matroslugaren som ein gamal skipperlugar
42:20:00 Riggslep – Agadir til Gibraltar
43:45:00 Kunsten å slepa ein rigg og plassera ut anker
44:55:00 I starten var der ofte for få båtar - vi kravde 4 båtar med to anker kvar

Hydraulisk pelikankrok på hekken var eit stort framskritt.
46:30:00 Skipsførarforbundet kravde påbud – Kravet vart innfridd
47:40:00 Sjøfolk har alltid hatt sikkerheten i fokus. Etter kvar kom oljesektoren etter.
48:56:00 I starten var oljeriggane svarte – uråd å sjå om natta. Krav om gult belte på beina
49:55:00 Historia om korleis Sea Panther fekk namnet sitt
50:38:00 Pionertida i Aberdeen: Kunnskapsutveksling på tvers av rederi
51:40:00 Historia om då 16 norske fiskebåtar kom til stengd hamn i Aberdeen
53:13:00 Imperial Hotel – du kunne pluikke ut nordmennene etter heilflaskene på bordet
54:00:00 NRK-program frå Aberdeen - «Eg såg på fjernsynet korleis mannen din har det på sjøen...»
56:33:00 Store endringar i kulturen rundt alkoholbruk
58:49:00 Oljeselskap og sikkerheitsprosedyrer – SJA (Sikker jobbanalyse) godt eksempel. Men i dag har det gått for langt.


1 time
00:30:00 HMS er godt sjømannskap og sunn fornuft sett i system. Men knivforbod viser at reglar vert bestemt av folk utan arbeidserfaring
02:12:00 HMSfolk har makt – men no er dei på ville vegar. Det er blitt ulovleg å bruka sunn fornuft.
04:16:00 Det er farleg viss dei undergrev respekten for HMS-regelverket
05:16:00 Regelendringane då oljeverksemdaskulle utvidast nord for 62. breddegrad
06:14:00 Krav om likrom på supplybåtar – med naudutgang...
08:32:00 Utviklinga av standbybåtane – frå ombygde fiskebåtar til spesialbygde områdebåtar
11:20:00 Ikkje alle taklar å vera mannskap på standbybåtar
13:58:00  Esvagt - dansk rederi som har spesialisert seg på standbyflåte
15:27:00 Spesialisering av standbyflåten
17:05:00 «Du kuttar ikkje ut Brannvesenet sjølv om det ikkje brenner»
19:28:00 Røyrleggingsfartøy og kabelleggingsfartøy
21:45:00 Arbeidet som transportkoordinator på Mongstad – før Norhordlandsbrua
24:15:00 Over til Hydro Sandsli som maritim inspektør. Tre maritime avdelingar. Ansvar for standby-flåten
25:50:00 Ansvar for flytting av riggar «Aldri sett deg så lite som etter at du fekk jobb i land...»
26:40:00 Historie: Lettast oppklarte biltjuveri
28:18:00 Viktig med nettverket blant sjøfolk
30:13:00 Slutt på frynsegodene
31:20:00 Fisking frå plattform – Hydro hadde forbod pga miniubåtane. Statolil tilleg framleis fisking
32:20:00 Om samarbeidet mellom plattformsjef og maritime inspektør
34:49:00 Samarbeid med boresjef, som er øvste representant for oljeselskapet
37:00:00 Lange økter også under riggflytting
37:35:00 Då Hydro og Statoil slo seg saman, vart det gitt gode tilbod om avgang til alle over 58 år

Etablerte firma innan oljevern – øvingar, kurs og oppsamlingsoppdrag (Prestige og Full City)
40:57:00 Siste jobb (så langt): Inspeksjon av to båtar på Tenerife, etter passert 70 år
43:57:00 Slutt .
Ċ
Bjørn Enes,
6. okt. 2017, 02:35
Comments