Sjøfart‎ > ‎

Prosjekt Sjøfartsminne

Samandrag:

Memoar søker hausten 2016 om kr. 200.000,- i støtte frå Neptunstiftelsen til det fyrste året av eit treårig prosjekt for å samla inn, dokumentera, arkivera og formidla munnleg kjeldemateriale om sjøfarten i Bergen / Bergensområdet i åra etter 1945.

Prosjektet har som hovudmål å samle minst 140 timar video fordelte på minst 72 djupintervju innan utgangen av 1919. (Målet for 2017 inkludert forprosjektet er 32 intervju) Opptaka skal dokumentast, gjerast søkbare og avleverast til Sjøfartsmuseet i Bergen, Bergen Byarkiv og sjøfartssamlinga til Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet. Når forteljarane ynskjer det, skal dei dokumenterte opptaka også publiserast på ei eiga nettside. (Sjå vedlegg 2)

I tillegg skal prosjektet arbeide med å utvikle og lage måtar å formidle munnleg sjøfartshistorie i Bergen Sjøfartsmuseum, i ulike mobile applikasjonar og gjennom sosiale media. Prosjektet skal også utdanne frivillige minnesamlarar for å skape ein permanent kultur for innsamling av bevaringsverdig munnleg sjøfartshistorie.

Prosjektleiar skal vera frilansjournalist Bjørn Enes.

Faglege rettleiarar skal vera Per Gustav Steimler (sjøkaptein), Bård Gram Økland (konservator ved Bergen Sjøfartsmuseum) og Lilli Marie Ingvaldsen (undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmueum). Rettleiarane skal også vera styringskomite i prosjektet.



Forhistorie:

Det har tidlegare ikkje vore gjort systematiske innsamlingar av munnleg sjøfartshistorie, av di det har vore for dyrt å lagre originale lyd- og videoopptak og for arbeidskrevjande å transkribere dei. No har imidlertid opptaks- og lagringskostnadane gått kraftig ned, på same tid som det er utvikla metodikk for å gjera munnlege kjelder søkbare.

Organisasjonane Memoar, Bergen Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening starta derfor hausten 2015 samarbeidsprosjektet "Sjøfartsminner" for å samla inn, dokumentera, arkivera og publisera munnlege minneforteljingar av og om om sjøfolk og sjøfart. I praksis vil det seie minner frå perioden 1945 til i dag. Me meinte at det hastar med å dokumentera forteljingar frå dei generasjonane sjøfolk og reiartilsette som opplevde "gullalderen", rasjonaliseringane, kommunikasjons-revolusjonen og ikkje minst den nye Nordsjøepoken.

Pr 11. november 2016 har me gjort 15 djupintervju på video, i alt ca. 24 timar opptak. 12 av desse er ferdig dokumenterte. Alle 12 er etter ynskje og samtykke frå forteljarane publiserte på internett. Dei er tilgjengelege på www.Memoar.no. Direkte snarveg til prosjektsida er http://Sjofart.Memoar.no

Det er lagt ned eit stort antal dugnadstimar i dette forprosjektet. Prosjektleiar har i tillegg registrert 260 timar profesjonelt arbeid med intervju, dokumentasjon og publisering. Fagmiljøet i museet har bidratt med fagleg rettleiing, rekruttering av forteljarar og organisering.

Prosjektleiar sitt arbeid har vore finansiert av han sjølv. Museet sitt arbeid har vore finansiert over drift. Øvrig frivillig innsats har vore reint dugnadsarbeid. Av "friske pengar" har prosjektet fått ei tildeling på kr. 13.800 frå reiarlaget SeaTrans AS. Desse pengane har blitt brukte til å dekkja tekniske kostnader.


Planar for 2017:

Sjøfartsmuseet, Memoar og Skipperforeningen vil vidareføre dette dette samarbeidet i fyrste omgang fram til sommaren 2017. Prosjektleiar har lova å leggje inn yttarlegare 140 timar på eiga rekning. Viss det lukkast å finne finansiering til arbeid ut over dette, vil prosjektet halde fram ut 2019 med ei målsetjing på 20 dokumenterte intervju kvart år i 2017, 2018 og 2019, til saman 60 intervju (72 til saman med dei som alt er laga) Det er denne utvidinga av det frivillige prosjektet me no søker Neptunstiftelsen om, og dei planane for produksjon og formidling som er refererte nedanfor har som føresetnad at det lukkast å finne finansiering:


Produksjon:

Med "kproduksjon" meiner me arbeidet med å finna fram til og gjera avtalar med forteljarar (informantar), førebu og gjennomføra intervjuopptak (normalt mellom ein og tre timar lange), dokumentera innhaldet slik at det vert søkbart, avtale bruksrettar med forteljarane, arkivera og evt. publisera bearbeidd opptak og dokumentasjon og avlevera arkivmaterialet til offentleg arkiv):

  • 20 nye intervju: Hovudmålet i 2017 er å gjere dokumentasjonsopptak av 20 nye primærkjelder til nyare sjøfartshistorie i Bergensområdet. Kvart opptak skal dokumenterast slik det er forklart under metodikk. I prosjektperioden skal dei lagrast i eit prosjektarkiv som skal vera delt mellom Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum. Etter fullføring skal prosjektarkivet avleverast til eit lokalt offentleg arkiv (Bergen Byarkiv eller Hordaland Fylkesarkiv) og til Folkemuseet, Norsk etnologisk gransking si sjøfartssamling.

Dei ti intervjua i forprosjektet vart alle gjort "på dekk" i museet med adgang for publikum. Det var stort sett vellukka, men det ekskluderte forteljarar som ikkje var komfortable med å ha tilskodarar under intervjuet. Difor løyser me opp på den forma, og frå hausten 2016 kan dei ulike forteljarane velgja om dei vil gjera opptaket på dekk med publikum eller på tomannshand med Bjørn Enes i studio på Bergen Bibliotek.

  • Panelsamtalar: Me vil også forsøke ein annan intervjuform der to eller tre forteljarar samtalar med ein intervjuar om eit bestemt tema der forteljarane er fyrstehands kjelder. Tema og deltakarar er ikkje endeleg bestemte, men styringskomiteen har drøfta eit slikt opptak om mennesket, reiaren og organisasjonen Ellen Forland. Den andre idén som er nemnt er eit tilsvarande opplegg om Hilmar Reksten. Begge desse personane og reiarlaga er sentrale deler av nyare maritim historie på Vestlandet og viktige å samle munnleg dokumentasjon om. Styringskomiteen har sett føre seg at begge desse samtalane bør gå med publikum - eventuelt som tysdagsforedrag på museet.

  • Kortforteljingar til utstillingsbruk: Det er i forprosjektperioden gjort vellukka forsøk med å lage eitt til tre minuttar lange kortforteljingar med primærkjelder om tema knytte til gjenstandar i utstillingane på museet. Gjennom såkalla QR-koding kan desse på enkle måtar gjerast tilgjengelege gjennom publikum sine eigne smarttelefonar eller nettbrett. Me har sett opp ei målsetting om å produsera heile 80 slike kortforteljingar i 2017. Dei vil bli lagt i eit eige bibliotek som museet kan bruke under arbeid med nye utstillingar.

  • "Internasjonalisering": Museet har mykje besøk av utlendingar, særleg i sommarsesongen, og vil kunne ha stor bruk for engelskspråklege forteljingar. Det har alltid også vore innslag av utanlandske mannskap og offiserar på norske skip (og oljeinstallasjonar). Denne delen av historia trengst og å dokumenterast med munnlege kjelder, og me vil gjerne at nokre av dei opptaka som skal gjerast i 2017 skal være engelskspråklege. (På sikt bør det også vere aktuelt å få til ei eller fleire "innsamlingsreiser" for å gjere intevjuopptak f.eks. på Fillipinene, i Spania, India osb.)


Formidling / bruk av munnleg kjeldestoff.

Til no har alle forteljarane delt dei ferdig dokumenterte opptaka på internett. Dette har vore ei positiv erfaring både for dei og for oss, og me vi halde fram med å oppmode dei om å gjera det. På den måten vert mykje verdfullt materiale tilgjengeleg alt under arbeidet. Bruksstatistikkane viser at det er betydeleg interesse for stoffet.


Men timelange intervju er eit vanskeleg format, og arbeidsområde to i prosjektet vil vera å utvikla andre måtar å bruka det delte materialet på.

  • Munnleg materiale i utstillingar: I løpet av prosjektperioden vil me lage eit bibliotek av kort-forteljingar som kan nyttast som QR-koda tilleggsstoff i Bergen Sjøfartsmuseum sine utstillingar. Det vil seie at publikum kan få munnlege forteljingar i form av video på sine eigne telefonar eller nettbrett knytta til gjenstandar i utstillingane.

  • Sjøfartshistorisk vandringsrute: I det same formidlingsbiblioteket vil me legge kortvideoar med geotagging, dvs at dei kan brukast i mobilapplikasjonar i form av vandringsruter el.l, slik at publikum kan få korte videoforteljingar opp på eigne mobilar eller nettbrett når dei passerer adresser med sjøfartshistorisk interesse.

  • Emneordliste for nyare munnleg sjøfartshistorie: I utgangspunktet vert stikkordslistene til kvart intervju laga ut frå ord forteljaren faktisk brukar. Når me har passert ein kritisk masse - det konkrete talet vil bli drøfta med fagleg rettleiar i Sjøfartsmuseet - vil med starte utfiltreringa av ei emneordliste (tesaurus) med sikte på å publisere den innan utgangen av prosjektet. Ei slik emneordliste vil kunne brukast av publikum som oppslagsverk for å finne alle utsagn frå alle forteljarar som fortel om det einskilde emnet. Like viktig er det at ein slik tesaurus vil kunne brukast av forskarar og som grunnlag for vidare fagutvikling av munnleg historie i Noreg.

  • Nettverk for sjøfartshistorisk minnekultur: Prosjektet vert eit tilskot til det breie engasjementet som alt finst rundt sjøfartshistorisk minnekultur i Bergen og elles i Noreg. Både i sosiale media og på ei rekke nettsider som er starta opp av privatpersonar og grupper, vert det gjort eit viktig arbeid for å samle inn fotografi og tekstar. Dette prosjektet supplerer desse aktivitetane med å framskaffe munnlege forteljingar som kan delast, både i form av heile forteljingar og kort-forteljingar som er betre eigna for bruk på sosiale media. Eit viktig argument for å formalisera eit nettverkssamarbeid er at dei ulike ildsjelene og -gruppene kan gå saman om eit felles arkiv, emneordliste og søkekriteria slik at alt det som vert samla inn ikkje "druknar" i straumane på sosiale media, men framles finst tilgjengeleg i framtida. Me tek sikte på å gjennomføra minst ei nettverkssamling i prosjektperioden.

  • Kurs for frivillige minnesamlarar og dokumentaristar: Eit tilleggsmål for prosjektet er å setje fleire frivillige i stand til å lage bevaringsverdige opptak gjennom å arrangera kurs i intervjuing, dokumentering, arkivering/avlevering, publisering og formidling av munnleg historie om sjøfarten. Til no har dette vist seg vanskelegare enn venta, men målet er i alle fall å gjennomføre eit slikt kurs kvart år i prosjektperioden. Opptaka skal dokumenterast og arkiverast i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og ein eller fleire offentleg eigd(e) ABM-insitusjon(ar).






Kort om metodikken:

I Storbritania har det gjennom tretti år vorte samla inn munnleg kjeldemateriale gjennom tematiske prosjekt. "Oral history" er blitt eit omgrep både i folkeleg engasjement og i akademiske disiplinar (sjå Oral History Society - www.ohs.org.uk).

I USA er tradisjonaqne endå lengre og skriv seg heilt attende til 1930-talet og voksrullane si tid. I løpet av dei siste 12-13 åra har prosjektet Story Corps samla inn og arkivert meir enn 50.000 intervju frå meir enn 80.000 deltakarar. Deltakaren får ein kopi som ho/han kan dele med kven dei vil. Ein annan kopi vert arkivert i American Folklife Center, som er ein del av Library of Congress. (Sjå www.storycorps.org)

I "fastlands-Europa" har interessa for munnlege forteljingar fram til nyleg vore konsentrerte om andre verdskrigen. Men her og veks interessa for dokumentasjon munnlege kjelder. Eit eksempel er det spanske (katalanske) prosjektet "Memorial Democratic" som har bygd opp mediet "Banc Audiovisual de Testimonis" http://bancmemorial.gencat.cat)

I Noreg var Edvard Bull d.y. ein foregangsmann på dette feltet, og saman med Norsk Folkemuseum dokumenterte han minner frå norsk industri i perioden 1880-1950. Innsamling av minne i tekstformat om sjøfarten har helde fram og pågår stadig i regi av Norsk etnologisk gransking. NEG viser stor interesse for minneinnsamling på video, og lanserte nyleg den norske minnebasen www.minner.no og eit medium bygd over lestet til Nordiska Museets medium www.minnen.se

Faghistorikarane hadde også i Noreg stor interesse for munnlege kjelder på 1980- og 90-talet. Men dei siste tjue åra har berre eit fåtall norske faghistorikarar hatt fokus på munnleg historie, og i den frivillige historierørsla har det ikkje vore arbeidd systematisk med opptak. Det arbeidet som starta opp i Bergen i 2015 er difor eit slags nybrottsarbeid med perspektiv ut over både byen og saksområdet. Memoar sin visjon er å at det skal utvikle seg til eit norsk "Oral history society". Det er naturleg og rett av sjøfartshistoria vert ein bærebjelke i eit slikt selskap.

Intervjumetoden: I munnleg historie (oral history-) skal opptak normalt foregå som mest mogleg frie forteljingar om korleis informantane hugsar skip, fart, arbeidet, tekniske og organisasjonsmessige endringar, omgangsformer, vitsar og vandrehistorier, humor, konfliktar, kjønnsbilete, gruppeidentitetar (eigne og andre sine), statussymbol og tabuar, framtidstru og -frykt, formelle og uformelle hierarki, endringsprosessar, bustadforhold og bumiljø, flyttingar og migrasjon, klassetilhøve, kulturkonfliktar osb osb. Ei temaliste til intervjusamtalene er lagt ved som vedlegg 1.

Dokumentasjonsmetoden: Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale og dokumentasjon hos ein institusjon i den offentlege ABMsektoren.

Forteljarane (informantane) skal kunne dele opptaket (eller utdrag frå det) i sosiale media, og det skal gjennomførast aktivitetar for å bruke pilotopptaka til å skape engasjement rundt innsamling av arbeidsminner.


Organisering av prosjektet

  • Prosjektleiar: Frilansjournalist Bjørn Enes (www.enes.no).

  • Rettleiarar: Sjøkaptein Per Gustav Seimler, konservator Bård Gram Økland og undervisningsleiar Lilli M. Ingvaldsen.

  • Styringskomite: Dei tre rettleiarane skal også styre prosjektet.


Samarbeidspartnarar:

  • Prosjektet er initiert av foreininga Memoar (www.memoar.org). Memoar er villig til å ta ansvar som prosjekteigar til forprosjektet og som søkar i finansieringssøknader, men er også open for å diskutere andre løysingar med partnarane.

  • Kulturvernfagleg partnar / medeigar er Bergen Sjøfartsmuseum.

  • Som sjøfartsfagleg parntar / medeigar er Bergen Skipperforening invitert.

  • Strategien for førebuingane av hovudprosjektet er å bygge ut partnarskapet med fleire frivillige organisasjonar (historielag, sjømanns- og sjøoffisersorganisasjonar etc). fleire aktørar i sjøfarten (næringsorganisasjonar etc) og fleire kulturvitskaps/kulturminnefaglege partnarar (Nettverket av maritime museum, Arbeidsarven etc).


Prosjektframdrift:

Alle involverte partar ynskjer å drive fram dette forprosjektet snarast råd. Vona er å kunne ha skildra og samla eit partnarskap til eit hovudprosjekt slik at arbeidet med å søkje finansiering kan starte tidleg i 2016. På søknadstidspunktet har me gitt oss sjølve desse fristane:



  • Gjennomføring av eitt ope intervju i samarbeid med Bergens Sjøfartsmuseum kvar månad frå januar til desember 2017 med unntak av juli månad.

  • Gjennomføring av minst fem studiointervju innan 1/7 og yttarlegare minst fem innan 15/12 2017.

  • Ferdig dokumentering, arkivering og eventuell publisering av minst 5 bevaringsverdige opptak innan kvart kvartal (1/4,1/7, 1/10 og 31/12)

  • Oppbygging av ein formidlingsbase med minst 20 publiserbare kortforteljingar kvart kvartal - i alt 80 kortforteljingar innan utgangen av desember 2018.

  • Oppstart av minst eit utstillingsprosjekt med formidling av munnleg sjøfartshistorie

  • Oppstart av minst eit georgrafisk prosjekt med formidling av munnleg sjøfartshistorie i Bergen (f.eks. ei vandringsrute)

  • Initiativ til og gjennomføring av ei nettverkssamling av frivillige og profesjonelle sjøfartshistorikarar for å drøfte samarbeid og arkiveringsstrategi.

  • Oppstart av arbeid med ei emneordliste (tesaurus) for munnleg sjøfartshistorie.

  • Gjennomføring av eit kurs i samling av munnleg sjøfartshistorie for frivillige og profesjonelle minnesamlarar.

  • Redesign av nettsida Sjofart.Memoar.no innan 15/6

  • Framdriftsrapport - fyrste halvår innan 20/8. Plan og budsjett for 2018 og 2019 innan 20/10. Søknad om finansiering av andre og tredje prosjektår innan 20/10.

  • Framdriftsrapport 2017 innan 20. januar 2018.



Budsjett

Det er ikkje mogleg å gjennomføre eit så stort prosjekt som trengst på dette feltet med berre frivillig arbeid. Memoar tek derfor sikte på ein "delingsøkonomi" der frivillig innsats er hovudmetoden blant forteljarane og til dels blant intervjuarane, medan dokumentasjons- og formidlingsarbeidet vil krevje ein større innslag av profesjonelt arbeid.

Den frivillige innsatsen er ikkje tatt med i dette budsjettet (med unntak av prosjektleiar sine ufakturerte timar). Utanom Neptunstiftelsen går det søknader til sjøfartsnæringane i Bergensområdet og til sjømanns- og sjøoffisersorganisasjonane. Hordaland Fylke bidreg indirekte gjennom at deler av midlane som Mmomar har fått til sitt kulturelle utviklingsprosjekt vil bli brukt i Sjøfartsminner.


Kostnadsbudsjett:

Ope intervju i museum: kr 20 416,00
Studio intervju kr 20 416,00
Dokumentasjon min. 5 opptak kr 116 928,00
Formidlingsbase – 20 kortforteljingar kr 40 832,00
Oppstart utstillingsprosjekt kr 22 272,00
Oppstart geografisk prosjekt innan kr 29 696,00
Nettverkssamling kr 18 560,00
Emneordliste kr 18 560,00
Kurs kr 18 560,00
Redesign – nettside kr 11 136,00
Rapportering og søknad kr 9 280,00
Tekniske kostnader: kr 30 816,00
SUM: kr 357 472,00


Finansieringsbudsjett:

Hordaland Fylke – del av Kult.utv.prosjekt: kr 17 472,00
Prosjektleiar – frivillig arbeid 140 timar kr 50 000,00
Ny søknadsrunde reiarnæringane kr 50 000,00
Søknadsrunde sjøfartsorganisasjonar kr 40 000,00
Søknad Neptunstiftinga kr 200 000,00
SUM: kr 357 472,00


Avslutting

Endringar i økonomi, konkuransetilhøve, teknologi, organisajon, kultur og politikk er vanskelege å sjå når ein står midt oppi dei. Går det for lang tid ettrpå, kan det vere vanskeleg å sjå og forstå den kompleksiteten som dei opplevde, dei som sto midt oppi endringane. Prosjekt Sjøfartsminner skal dokumentera munnleg historie frå ein periode som enno ikkje ser ut til å ha blitt "gamal nok" for historikarar flest - men der kjeldene alt tek til å tynnast ut. Sett i lys av dei økonomiske stormkasta som i desse dagar slår inn over offshore-verksemdene, er refleksjonar og lærdomar frå tidlegare uvær høgaktuelle.

På søknadstidspunktet er den historie- og kulturvernfaglege kvaliteten i dette prosjektet sikra gjennom samarbeid med og rettleiing frå fagmiljøet ved Bergens Sjøfartsmuseum, medan den sjøfartsfaglege kompetansen er sikra gjennom samarbeidet med Bergens Skipperforening. Memoar har på si side markert seg med kompetanse innan munnleg historie og minnekultur, og me reknar med at både sjøfartsfaglege, historiske og kulturvitskapleg miljø vil fylgje prosjektet med kritisk interesse.

Prosjektleiar Bjørn Enes er ein erfaren journalist som har arbeidd både med tekst og video. Utanom journalistikken har han arbeidd mykje med tidsvitneintervju frå krigsåra i Noreg (også litt i Russland). Parallelt er ha prosjektleiar for eit tilsvarande minneprosjekt i prosessindustrien (http://Industri.Memoar.no). Han er også dagleg leiar av Memoar. Sjå meir på www.enes.no.

Årsaka til at me berre søker om støtte til det fyrste av tre prosjektår er at me frå før ikkje har nokon relasjon til Neptunstiftelsen. Me vil gjerne få lov til å søka om støtte til eitt års framdrift for å få høve til å vise kva me er gode for. Det er aktuelt å kome attende med ein oppfylgjingssøknad dersom me om eitt år har grunn til å tru at Stiftelsen er nøgd med ei eventuell fyrste investering.

For ordens skuld legg me også til at vårt prosjekt er skalerbart - både nedover og oppover.




Bergen -10.november 2015


For Memoar - Bjørn Enes                                    (Kontakt: bjorn.enes@memoar.no)

'

Prosjektleiar / dagleg leiar av Memoar.


Comments