Steinkjer‎ > ‎NTR‎ > ‎

Svein Karlsen

lagt inn 5. nov. 2020, 23:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 8. nov. 2020, 02:37 ]
Svein Karlsen er nevø av folkemusikaren og komponisten  Hilmar Aleksandersen  frå Steinkjer.  I dette intervjuet fortel han både om sine eigne minner om gammelonkelen, og om meir generell biografisk historie om han.   
Han fortel at Hilmar var av reisande folk. Far hans var hestehandlar frå Østerdalen. Han hadde så godt ord på seg, at Arnardo brukte å kome innom når sirkuset for framom, for å få hestane sett over. Hilmar var yngst av åtte syskjen, og Svein Karlsen karakteriserar han som bortskjemt. Rett som det var fekk han vere med faren ut å handle hest, og Svein meiner at det gode laget med å omgås folk blant anna har å gjere med dei erfaringane. Han meiner og far til Hilmar kan ha mykje av æra for at guten vart musikar:  Sjølv om han ikkje spelte noko sjølv, var han ein framifrå trallar  som kunne hugse slåttar og viser han hadde møtt langs vegen, slik at sønene hans kunne ta dei opp att og spele dei. 
Tre av fire brør spelte fele. Hilmar var med frå han var barn - dei fyrste kronene tente han alt då han var seks år gamal. Då han var tjue møtte han Sigbjørn Bernhoft Osa.  Det venskapet varte livet ut. og Svein minnes godt både då Sigbjørn var på besøk hos Hilmar, og då han fekk mere med til voss for å besøke Sigbjørn. 
Då kona  Alfhild døydde i 1959, gjekk det fleire år utan at Hilmar fekk lyd i fela.  Samarbeidet med NRK og Folkemusikktimen var viktig for vegen hans tilbake. Hilmar fekk i oppdrag å reise rundt med bandopptakar for å intervjue spelemenn og gjere opptak av musikken deira. Dette fekk Svein sjølv vere med på nokre gonger. Han fortel at han fekk halde mikrofonen under opptaka - den kunne ikkje ligge på bordet når spelemann og tilhøyrarar trampa takten. 
Svein Karlsen gjer Svein Nyhus sine ord til sine eigne: Hilmar sin musikk var ein mellomting mellom dur og moll som bygde på gamal tonasjon: Særleg var det løyndomen bak dei meir vare musikkformane - f.eks. gamle bånsullar. Dåmen i  dei kunne ikkje koma fram saman med tempererte insturment som piano eller gitar. Heller ikkje med mikrofon på fela. 
Svein karlsen fortel levande om eigne minner frå "den nye våren" som Hilmar oppolevde etter at han var fylt 70. Den mest kjende delen av karriera hans var faktisk då. 

Opptaket med Svein Karlsen blei gjort på Egge Museum 25. september 2020. Intervjuar var Beate Heide. Svein gav sitt samtykke til publisering av opptak og logg den 8/11 2020. 


Svein Karlsen:


Logg - Svein Karlsen 23-09-2020
Intervjuar: Beate Heide - Ioggar: Bjørn Enes og Svein Karlsen
NTR002
https://vimeo.com/473378564PDFversjon
Tidskode:Stikkord om innhaldetEmneord
00:00(Musikk - av Hilmar Alexandersen)
Beate Heide gjer greie for avtalt intervjuinnhald
01:00Møtte Hilmar i folkesnakket - som ein legende. Men for meg var han gammelonkel.
1954 - Rolf Myklebust samla tradisjonsmusikk for NRK - skreiv: "Slikt spel hadde eg ikkje høyrt nokon gong"Rolf_Myklebust
02:00Av reisende folk - måtte dra frå Østerdalen på grunn av dårlege tider. Far hans var opptatt av musikk - Røros og Gudbrandsdal . Faren var trallerreisande
3:10Han hadde tre brør og fire søstre - minstegutt - veldig bortskjemt. Far hans var hestehandlar - Hilmar var ofte med og blei vant med å treffe folkhestehandlar
04:00Sirkus Arnardo var alltid innom - han skulle sjå over alle hestane. Ungane fekk gratisbillettar.Sirkus_Arnardo
04:40To eldre brør spelte fiolin. Hilmar misunneleg - frå femårs alder tok han til å spele sjølv. Seks årgamal var han med når brørne spelte til dans. Det same året penger på å spele til dans for fyrste gong - tjue kroner .
05:55Ein Olav Thorshaug viste seg fram med hallingdans. Musikaren blei sjuk. Olav hadde høyrt rykter om Hilmar - då var han åtte år. Prøvespelte. Thorshaug ville ha han med. Måtte ha fri frå skula. Thorshaug sende seinare ei gåve til Hilmar - ei hardingfele. Der starta hans hardingfelehistorie; Han vart stor på vestlandet og i Telemark - men ikkje heimeOlav_Thorshaug, hardingfele,
07:230BUL fekk ein stødig spelemann og det blei hans hovudarena fram til krigen.
1922 var han med til Oslo - der traff han Sigbjørn Bernhoft Osa - det venskapet vara livet utSigbjørn_Bernhoft_Osa
08:20Ofte p engeproblem. Men mykje folk - det dukka ofte opp speløemenn. Bryllupp - dans - Sturla Hallås frå Beitstad var utruleg bra på samspel eit piano og ein fiolin -
09:35Hilmar ville ikkje spele for herrefolket. Vart utskriven til tvangsarbeid - oppfatta det som straff for at han ikkje ville spele.
10:10Fyrste ekteskap fungerte ikkje - traff Alfhild etter krigen. Mannen hennar døydde i tysk fangeleir, og barnet deira døydde kort etter at ho sjølv kom heim frå fangenskap, Så traff ho Hilmar - dei fekk mange born. Ho døydde i 1958 - Hilmar blei att med borna.tysklandsfange
11:40Eg hugsar nokka - det var avgjerande å få hjelp frå dei rundt. Minstejenta vaks opp hos eldste syster hans. Dei andre vaks opp med Hilmar.
12:30Etter at Alfhild døydde gjekk det mange år før han fekk lyd i fela att. Lyd i fela heng saman med psykologien til han som brukar bogen.
13:00Prøvde seg som kunstmalar -
13:20Det vart jobba for at han skulle bli oppdaga av NRK - 1959: Du må rundt og intervjue og gjere optak av bygdespelemennene . Viktig periode. Far og andre køyrde - eg fekk vere med nokre gonger.Nrk, folkemusikktimen.
14:20Eg var med på nokre turar. Spelemennene var ofte nervøse - dei var ikkje alltid vande med publikum. Eg hugsar eg sat og blåheldt på mikrofonen
15:15Hilmar fekk pengar for kvart opptak. Mykllebust skreiv tilbake: - "Lær deg den og den - reis til Trondheim og spel dei inn" .Rolf_Myklebust
16:00"Du snakke itj opp no hus" men huset kom opp i 1954
Eldste sonen fekk gitar og lærte seg å spele. Når spelemenn kom på besøk. måtte ikkje han legge seg. Eg ville heller ikkje.... Så eg har fått meg mange seinkveldar med spelemannsbesøk hos han Hilmar.
17:40Spelemenn måtte ha Wienerbrød - lmen det var ikkje alltid pengar til det. Så måtte vi gå og låne pengar.
Det måtte også av og til lånast pengar til ein sigarett som far og Hilmar kunne ha på deling.
19_00Røykesug - røyk er viktigare enn dei fleste forstår i periodar.tobakksug
19:35Hilmar ga lyd til fela. Svein Nyhus skreiv at intonasjonen blei ein mellomting mellom dur og moll - bygde på gammal tonasjon: Det var løyndomen bak dei meir vare musikkformane - f.eks. gamle bånsullar. Tonasjon Dåm. Den egenskapen kom ikkje fram saman med piano eller gitar. Og ikkje med mikrofon på felaTonasjon. Dåm, bånsull
21:40Intervju:"Fela var god og rein. for far hadde tatt opp a - ho var for tjukk i starten" . Hilmar blei god til dette.fele
22:30Lydpinnen. Hilmar leitte gamalt tømmer med hard ved. Bordkniv og ein hyssing. Det var hjelpemidla når lydpinnen skulle inn.lydpinne
23:30Hilmar kjøpte dårlege feler, fiksa dei opp og selte dei att. Faren handla med hest, ein bror med storfe og småfe, ein med syklar - og Hilmar handla med feler. Ein hestehandlarfamilie med litt ulike nisjerhestehandlar
24:18Vi budde saman - ingen brøyta der oppe om vinteren. Det var ikkje innlagt vatn. Hugsar mor eller Alfhild med sykkel og spann bort til bekken.
25:25Hilmar tok aldri sertifikat - alltid sykkel. Måtte til posten kvar dag - det var viktig kontakt. Tungvint men det funka sosialt
26:15Hilmar var veldig god forteljar. Baron von M\unchausen var forbildet. Glidande overgangar mellom sant og usant
27:00Kort veg frå kjellarmørke til toppen av murpipa - då han nærma seg 70 år, starta samarbeidet med PA Røsta -psykologi
27:50Hilmar hadde ofte veldig mange sjukdomar når han skulle avgarde - for å få han med måtte det til vaflar, bringebærsyltetøy og kaffe. Var det ikkje nok måtte det ein liten dram til
28:45Mange kom på besøk. Ungane måtte dra å hente wienerbrød.
29:10Ein dag kom eit par med bil - Hilmar sa gå ut og sei at eg ikkje er heime. Dei ville vente.Alfred_Maurstad, Ella_Hval
30:00Gå ut og sei at no har Hilmar komen heim - det var Alfred Maurstad og Ella Hval
30:40Naturhistorier - og damehistorier - som da Sophia Loren vart med på loftet....
31:20Sigbjørn - familievenn - eg var og heime til Sigbjørn - Andre var Hans W Brimi og Svein Nyhus (fyrst far hans - seinare Svein)Sigbjørn_Bernhoft_Osa, Svein_Nyhus,
32:00På slutten av 60-talet gjekk det litt trått. Ungane hadde flytta ut - han nærma seg 70. Geir Egil Larsen lurte veldig på korleis skal vi få kobla PA Røstad og Hilmar. Det blei eit lykkeleg møte - ny vår for HilmarPetter_Andreas_Røstad
33:40Etter at han blei 70 starta den mest kjente karriera til Hilmar. Plater og reising
34:15Fyrste flytur - til festspel i Nord-Noreg: Eg skulle ta imot under mellomlanding i Bodø. Det siste eg fekk fortald frå ein som var der - då sto Hilmar på ein stol og spelte,,,
35:30"Viss eg skal spele i brylluppet ditt, må du setil å gift deg no!" . det vart ein hiva kveld
37:00Dei skulle spele til maten - men ingen åt. Eg måtte be dei slutte å spele så vi kunne få ete
37:55Kokke - skulle heim, men ville ha med Hilmar heim. Humør og sjarm
38:40Anna historie - Hilmar står og skriv på ei av veikjan
39:30Utmerkelsane: Starta med Kongens fortenestemdalje 72 - 78 - kæ'resledlem - 83 gullknappen i BUL - Fylkets kulturpris i 87 og kommunens kulturpris til sist i 89.ærespris
41:00Spelet var presist - hugsar ein av siste konsertar - høyrde det sa knikk knikk knikk - krafta i fingergrepet var så sterkt - strengen låg i ro - kanskje litt av trolldomen
42:00Han avslutta då han var ca 90 år. Men det kom to arvingar - Einar Olav og Gjermund Larsen- Førte tradisjonen vidare . Hilmarfestivalen har vore ein arena der den lokale og Hilmar sin musikk har blitt bevart og spreidd
43:30Far sa: Tradisjonsmusikken skal ha ein på sokkel - slik mista eg 100.000 av farsarven
Hilmar skulle på sokkel som representant for tradisjonsmusikken
44:30(repeterar delar av forteljinga) - Lytteklubb?
47:00Eg og sonen til Hilmar var nesten som brør . Pappa var opptatt av at tradisjonen skulle bli tatt vare på - og at det skulle være korrekt. Det var ikkje så lett for Hilmar med hans fantasi
48:40Stort for ein liten gut å sitje rundt kaffebordet med Sigbjørn og dei andre.
Det gjekk ikkje med meg og fela. Så vi stifta Trøndersk Lytteklubb - vi fekk fortelja og lytta i staden for å spele
50:10Pappa var med på å stifta Egge Historielag - eg er leiar. Han var med på å bygge opp museet - eg er i styret. Arv
50:50Naturfag vart mi grein
Du har stor kjærleik til Hilmar og historia di?
52:25I Hilmars verden kan muskkstoffet delast i tre hovddelar, Den fyrste er vare. stemningsfulle slåttar og bånsullar - litjfela var mjuk i lydbildet -lydarslått, bånsull.
53:10Det andre var det Hilmar laga sjøl La Plagiata og Prillarguri og anna
53_45Det tredje er den tradisjonelle gamaldansen i BUL. Vi såg dansegleda - felles opplevd danseglede
54:40Trallertradisjonen
Eg var 13 då far til Hilmar døydde, 100 år gamal. I godt humør tralla han melodiar - av det Hilmar har tatt vidare som lytdarslåttar
55:45Folk finn nokre verdiar eller tillegg til vanlege uttrykksformer som skapar steming for mange folk - hjartemusikk
56:30Mor hans var også trallar - og noiko av det første som gjorde inntrykk på han - hennar tradisjon kom frå orkdal. Musikktradisjonen som far til Hilmar bar med seg kom frå Røros
58:00Hilmartradisjonen: Nokon må bruke tid til å formidle - og håpe at nokon vil formidle vidare. Eg er ledd i ei lenke som helst ikkje skal brytast.
58:50Hilmarfestivalen samlar jo - nokre av desse forteljingane har kanskje ikkje vore samla før.
59_30Slutt

Stubbar: 

då fela mista lyd:



Ċ
Bjørn Enes,
7. nov. 2020, 23:28
Comments