Industri.Memoar.no

lagt inn 20. sep. 2015, 00:05 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. okt. 2016, 01:09 ]


I perioden oktober 2015 - februar 2016 gjennomførte  Memoar, Norsk etnologisk gransking, fagforbundet Industri Energi og Nikkelverkets Arbeiderforening forprosjektet "Vendepunkt 1975". Forprosjektet forsøkte ut samarbeid med lokal fagforeining om å gjere opptak av munnlege forteljingar om endringar i industrien i åra rundt 1975, det året då hundre år nesten samanhengande vekst i industrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Meininga var å førebu eit større hovudprosjekt for å samle munnleg kjeldemateriale om endringane i norsk industri og samfunnsliv. Forprosjektet vart avrunda med eit ope "minnemøte"  i Kristiansand 25. Februar 2016. 
(Industriprosjektet har ein eigen prosjektweb med prosjektskildring, meldingar til involverte etc. 
Den er open for innsyn for alle interesserte. Adressa er Http://Vendepunkt1975.Memoar.org)

Munnlege kjelder: 

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/tema/arbeidsminner/SluttrapportFramside.jpg
Prosjektet (prosjektskildringa kan lesast her) har laga 10 minneopptak med personar som var aktive på Nikkelverket i endringsåra ca 1965 - 1995. Kvart intervju er omlag ein time langt. Etter opptak er dei dokumenterte i den forstand at dei er utstyrt med "mellomtitlar" og ei emneordliste som gjer det enklare å bruke opptaka som kjeldemateriale. Etter kvart som dei har blitt ferdige, har dei blitt lasta opp til internett med passord. Det er så forteljaren som avgjer om passordet kan fjernast. 

Sluttrapport for forprosjektet vert avlevert 1. mars 2016. Deretter vert alt materiale avlevert til Norsk etnologisk gransking, Arbeiderbevegelsens arkiv, Statsarkivet i Kristiansand, Norsk Folkeminnesamling og Nasjonalbiblioteket. Fram til ein eller fleire av desse har stadfesta mottak og at materialet er tilgjengeleg der, vil Memoar bevare ein kopi.  Prosjekthistoria kan lesast på prosjektweb'en

Opptak frå avsluttingsmøtet vert publisert tidleg i mars 2016

Desse opptaka er publiserte: 
(Kvar forteljar har ei underside med emneord og litt tekst. Der det er passord må innsyn avtalast med forteljaren)

  • Erling Stensholt, ingeniør, seinare teknisk direktør og administrerande direktør, begynte i 1964
  • Olav Erik Sørensen, skiftarbeidar på våtsida, seinare dagarbeidar, seinare lagersjef, begynte i 1972. 
  • Torleif Odland, skiftarbeidar på tørrsida, seinare skiftarbeidar på våtsida, begynte i 1972
  • Øyvind Hushovdøkonom, seinare økonomidirektør, administrerande direktør og konsernsjef, begynte i 1974
  • Bjørg Bakken, dagarbeidar på våtsida, seinare vedlikehaldsarbeidar gummiering, seinare lagerarb., beg. 1974
  • Wiggo Svendsen, ingeniør, seinare vedlikehaldssjef, seinare peronalsjef, begynte i 1981 
  • Olav Støylen, forbundssekretær og seinare leiar av Norsk kjemisk industriarbeidarforbund



Kva skjedde på Nikkelverket i 1975? 
I desse dagar, når mange kjenner slik uro over framtida, er det på tide å stille spørsmålet om korleis notida eigentleg vart til. Midt i Kristiansand finst ein svært god "case" for den diskusjonen. 
Fyrst dei store tala: I 1975 snudde ei utvikling som hadde vore dominerande i meir enn hundre år. Veksten i norsk industrisysselsetjing vart til nedgang. No er det gått 40 år sidan den sumaren då vendepunktet inntraff, og i dag kan me sjå på statisikkane at det var noko mykje meir enn eit konjunkturskifte som skjedde. Men kva var det?
Sjølv hugsar eg det godt. Eg arbeidde på Falconbridge Nikkelverk og meinte at eg såg skrift på veggen. I august måtte alle ferieavløysarane slutte - det hadde aldri hendt før, fabrikken hadde alltid vore i mangel på folk. Eg meinte fagforeininga måtte bu seg på harde tider. No kan me leggje bemanningsstatistikken for Nikkelverket oppå den nasjonale og sjå at frå 1929 til i dag er kurvene så å seie heilt samanfallande.  Les meir i Bjørn Enes sin blogg 


Kåre Knudsen


Kåre Knudsen begynte som sveisea på dei gamle rosteovnane i 1960. Han har vore med på alle utviklingstrinna i mekanisk avdeling frå 1960 til godt ut på 2000-tallet, og har stort sett alltid likt seg godt. Men då UMS vart innført og tidsstudiane var på det mest intense, vurderte han sterkt om han skulle slutte. I dag ler han av kulturen den gong mange ingeniørar ikkje kunne snakke direkte til arbeidsfolk - og langt mindre høyre på kva dei måtte meine. 
Knutsen arbeidde lenge i ei av dei tverrfaglege prosjektgruppene som dreiv intens teknologiutvikling. Hans gruppe var bygd opp rundt "Petter Smart" - oppfinnaren Ottar Romslo. Mellom anna utvikla dei den fyrste strippemaskinen i Koppar-elektrolysen. 



Erlin Olav Stensholt:

Erling Olav Stensholt kom til Falconbridge som nyutdanna sivilingeniør i 1964, for å arbeide med eit SINTEF-prosjekt på dei gamle rostovnane. Eit drygt år seinare vart han tilsett direkte på Falconbridge, og med unntak av ein periode i Zambia (1968-71) og ein i Kanada (1971 -73) var han med i leiinga av den teknologiske utviklinga på Nikkelverket heilt til han gjekk ut av styret i 2005. Han var teknisk direktør frå 1978-1990, viseadministrerande direktør frå 1990 og adm. dir. frå 1995-2000.
Den store omlegginga til KLprosessen har vore ein hovudsak det meste av denne tida. i og for seg var teknologiane kjende, det var berre ingen som hadde gjort det i praksis før. Han trekk fram både metallurgi, prosess-, material- og datateknologi som viktige utviklingsområder, helse miljø og sikkerheit som viktige drivarar - og krisa i 1982 som drivar for skippertaket som førte nikkelverket over i ei ny tid.  

Direkte adresse er ErlingStensholt.Memoar.no 


Arne Johan Fine:


Arne Johan Finne begynte på Falconbridge Nikkelverk i 1967, etter fyrst å ha vore to år på sjøen (MS "Moslane", Mosvolds rederi). 

Han begynte i Kopparelektrolysen og blei verande på våtsida, i kopparen, cementasjonen og det som i dag vert kalla elektrolytrens. 

I omlag ti år var han heiltids tillitsvald, fyrst som tidsstudietillitsmann og seinare som miljøtillitsmann. Han arbeidde mykje med den såkalla Kreftsaken, både med å fjerne arbdsoperasjonar med mykje eksponering, og seinare med den store erstatingssaken. Han har representert Arbeidarforeininga i bedriftsforsamling og styre heilt sidan lov om Bedriftsdemokrati blei gjort gjeldande for Falconbridge.





Robert Alsaker:

Robert Alsaker begynte som 
rasjonaliseringsingeniør på Falconbridge i juli 1964. Året etter var han med på innføringa av det amerikanske vedlikehaldssystemet UMS (Universal Maintenance System), Det gjekk i hovudsak ut på å studere arbeidsoperasjonar, måle naudsynt tid og rekne ut grunnlag for arbeidsakkordar. 
Der var motstand mot systemet, og då den fyrste datamaskinen vart skaffa i administrasjonen, tok utviklinga av organisasjonen ei heilt anna retning: Fjerning av dobbeltkontrollar og dobbeltrapportering vart ein hovudsak. UMS vart avvikla. 
Dei to fyrste datamaskinane etablerte to ulike "datakulturar", fortel han: Ein rundt den fyrste driftsmaskinen "Nikkeline", og ein rundt den fyrste IBM360-maskinen i administrasjonen. Men begge førte til omfattande organisasjonsendringar og etter kvart nye måtar å tenkje på. Han brukar ordet "systemtenking" om den nye kulturen. 




Olav Erik Ssørensen:

Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B-skiftet - på våtsida, og var frå fyrste dag involvert i utviklinga av det som skulle bli den nye klorluteprosessen. Då KLanlegget sto ferdig like før jul i 1974, var var han mellom dei fyrste skiftfolka som tok til å arbeide der. KL-prosessen starta som eit lite sidespor til hovudprosessen. Gjennom eit samanhgengande, intenst utviklingsarbeid dei neste 12 - 15 åra, tok den nye prosessen over meir og meir av sirkulasjonen, og i siste halparten av 1980-åra var den gamle Hybinetteprosessen historie.

I dette opptaket, som vart gjort heime hos han den 4/12 2015, fortel han både om den industrielle revolusjonen han var med på i produksjonen - og "etterpelet" som han opplevde i dei administrative avdelingane då han gjekk over til å arbeide på hovudlageret frå 1996.

Direkte adresse til has side: ErikSorensen.Memoar.no


Torleif Odland

Torleif Odland:

Torleif Odland hadde sin fyrste arbeidsdag i Smeltehytta på Falconbridge i 1972. 

Dei elleve neste åra var han innom så godt som alle driftsjobbane i hytta: Forherden, tappinga, anodebrekkinga, satsinga, stampinga, toppanlegget, kalsineringsovnen, slamrosten, slamrensen, sjølve køyringa av trearen og firaren og reduksjonsovenen ("Sputniken"). 

Han var med på siste tapping på firaren i 1977. Seinare flytta han over på våtsida, nærare bestemt på Klorluteanlegget der han var fram til pensjonsalder. Det har vore 38 år med evige endringar, seier han. Men det har blitt ein betre fabrikk, både helsemessig og når det gjeld innhaldet i arbeidet. Så - aldri så gale at det ikkje er godt for noko. 

Intervjuar er Børn Enes. Opptaket vart gjort heime hos han, 4/11 2015. (Odland bestemmer om passordet skal fjernast).


Direkte adresse er http://TorleifOdland.Memoar.no


Øyvind Hushovd:


Øyvind Hushovd kom rett frå Handelshøgskolen til rekneskapsavdelinga på Falconbridge i 1974. Han teiknar eit ganske dramatisk bilete av industrien sin situasjon på 1970-talet: Inflasjon, auka lønskostnader og kraftpris gjekk hardt ut over konkurransekrafta - noko måtte gjerast. Men då krisa slo til for alvor i 1982, var planane klare på Falconbridge. Ny teknologi gjorde det mogleg å redusere kostnadane med lågare bemanning og meir effektiv prosess. Føresetnaden var å dyrke fram ein flatare organisasjon der alle vart involvert - mellom anna i budsjettarbeidet. Hushovd meiner at resultatet vart vellukka: Norsk industrikompetanse er ein viktig del av forklaringa på det norske oljeeventyret.

Les meir på  Http://OyvindHushovd.Memoar.no 





Bjørg Bakken


Bjørg Bakken arbeidde i skoforretning i Markensgate då Falconbridge søkte etter kvinner i 1974. Det året var der omlag 1600 tilsette på verket, og Falconbridge hadde store problem med å få tak i nok folk. Ho begynte i Elektrolysen, der ho assisterte under testkøyring med den nye KLA-prosessen i Nikkel 9. 

To år seinare fekk ho tilbod om å begynne intern fagopplæring i gummieringsverkstaden. Med nokre avbrekk under dei urolege tidene på 1980-talet, vart ho på på gummieriengs- og PVC-verkstaden fram til ca 1997, då ho fekk tilbod om jobb på hovudlageret .

"Det er varmt mellom menneskane her" seier ho til spørsmålet om kvifor ho vart verande i 42 år.

Les meir på  BjorgBakken.Memoar.no




Wiggo Svendsen

Wiggo Svendsen begynte som sivilingeniør i Koboltraffineriet på Nikkelverket i 1980. Før det hadde han mellom anna arbeidd i ei lita familieverksemd som produserte stigar. Kulturskilnaden til det store, toppstyrte og lagdelte nikkelverket var slåande, fortel han. Alt i 1981 vart han leiar for eit stort endringsprosjekt ("Resultatutviklingsprosjektet"). Det tok i starten til med å endre haldningar i leiinga. Etter kvart vart fokus utvida til å endre heile oarganisasjonen. Mellom anna vart alle tilsette inviterte til todagars seminar på Buestad - ein eigedom som tidlegare berre vart nytta til representasjon. Wiggo hadde også nær kontakt med "cowboyen" Bill James - den konsernpresidenten som vart sett inn for å redde Falconbridge då heile konsenet sto på kanten av stupet i starten av 1980-åra.   

Les meir på WiggoSvendsen.Memoar.no 

 





Embed gadget


Olav Støylen arbeidde sjølv aldri på Falconbridge. Men frå 1974 var han den forbundssekretæren i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund (noverande Industri Energi) som hadde ansvar for avtalar og tvisteforhandlingar med Falconbridge.  Han kom frå Alnor på Karmøy, der han arbeidde frå starten i 1967. Han vart  seinare leiar av NKIF frå 1995 fram til samanslåinga med NOPEF og danninga av Industri Energi i 2006. 
I opptaket fortel han om brytningstidene på 70-talet, om rolla som sentral tillitsvald under dei store bedriftsnedleggingane på 80- og 90-talet, og om effektiviserings- og teknologiutvikling, energipolitikk og kompetanseutvikling. Han fortel også om motstand mot teknologi- og organisasjonsendringar og om spenningane mellom lokalt og sentralt ftillitsmannsarbeid. 

Les meir på  OlavStoylen.Memoar.no 






Prosjektpresentasjon på symposium i London, 14. mai 2016:

Turning point 1975 - presentation:



Comments