Bergen.Memoar.no

lagt inn 22. feb. 2016, 03:43 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 00:54 ]

Ella Rafto - Del 1:

Ella Rafto fyller hundre år i november 2016. I mai og juni fortalde ho livshistoria si til to intervjuaraqr frå Memoar. Ho fortalde om 
 barndom og ungdomstid på Møhlenpris i Bergen. Ho hugsar svært godt frå barndomen sin - leikar, songleikar, leikeområde, dei ulike gatene og markene på Møhlenpris, skuletida, Puddefjordsferjene, trikken, tilhøvet mellom gutar og jenter og ikkje minst sommarferiane på landet. 
Ho tok handelsskulen og tok til å arbeide, fyrst på kontoret til Nilssen & søn som dreiv engroshandel med fiskeriutstyr i Sandviken, seinare på advokatkontor i sentrum. 
Då krigen kom, vart ho med i arbeidet med å distribuere illegale aviser. Ho vart avslørt, arrestert, forhøyrd - og sat det siste krigsåret fanga på Grini. Denne fyrste delen av intervjuet vart gjort på Konow senter i Bergen den 31. mai 2015. Intervjuarar var Bjørn Enes og Ada Freng frå Memoar.

Direkte adresse til Ella Rafto si nettside heiter http://Ella.Rafto.Memoar.no


Synnøve Rasmussen


Synnøve Rasmussen vart fødd på Nygård, men hadde heile oppveksten, ungdomsår og store deler av vaksenlivet på Møhlenpris. "Men me budde berre i ei gate," fortel ho mellom mykje anna. Ho var sjeldan utanfor Welhavensgate, og nesten aldri i andre bydeler. Ho fortel om faren som vart arbeidslaus på grunn av jødeforfylgjingane, kom på tvangsarbeid på tyskarane sin ubåtbunker og kom heim med vakre ting laga av russiske fangar som han arbeidde saman med. Ho fortel om skulegangen under krigen, leikane, butikkane, alt det eventyrlege som hende på idrettsbanen - ikkje minst Sonja Henie og Norma Balean - om forskjellar mellom folk, om språket og oppdragarsyn og om fine damer på Møhlenpris. 

Intervjuar er Ada Freng. Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 23. august 2016.

Direkte nettadresse til hennar side er http://synnove.rasmussen.memoar.no



Tom Larsen

Striladans:




Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet
Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Opptaket er ein del av samlinga Http://Motkultur.Memoar.no







Krigsminne - av Nils Audun M. Vassenden



I dette opptaket frå 17. februar 2016 fortel Nils Audun Mugaas Vassenden om oppveksten sin i Klokkarvik på Sotra, og korleis han opplevde krigen som barn. 

Bygda var strategisk plassert ved innseglinga til Bergen. Far hans var lensmann og "jøssing" med nre kontaktar til motstandsrørsla og Nordsjøtrafikken. 

Unge Nils Audun var augevitne til ei rekke krigshandlingar både i april 1940 og de fem åra som fylgde. Han er ein god forteljar. 

Opptaket er to timar langt, men utstyrt med tekstfelt som gjer det enkelt å spole i. Alle tekstane finst på nettsida http://Vassenden.Krigsminne.Memoar.no

Intervjuar er Bjørn Enes    








 

Lars Ole Hafsmo


Lars Ole Hafsmo har levd med musikk sidan han låg i mors liv, seier han. Men musikar vart han aldri. Han karakteriserar kvaliteten på eige gitarspel og visekunst som middels. Men likevel har musikken både gitt han levebrød og livsinnhald. 

Denne refleksjonen om musikk var det fyrste opptaket som vart gjort i Bergen Bibliotek sitt nye intervjustudio for mineopptak om levd liv - og det er såleis eit rett historisk opptak. 

Det innleier serien "Bergensminner". 

Intervjuar er Bjørn Enes

Sjå meir av han på LarsOleHafsmo.Memoar.no






Kaj Skagen:

Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå den 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70 og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. Du finn alle mellomtitlane her: Http://KajSkagen.Memoar.no 




Embed gadget

Hausten 2015 tok Memoar også initiativ til prosjektet Motkultur.Memoar.no. Det er eit prosjekt for å dokumentere norsk motkultur på 1960-, 70- og 80-tal gjennom munnlege minneopptak og gjennom å samle og republisere trykksaker frå den gong. Les meir i prosjektweb'en Motkultur.Memoar.no 

I dette fyrste opptaket samtalar Arild Wærness og Jostein Saakvitne  om norsk fandom i 1970- og -80åra. 

Stikkord for samtalen: 

Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid. 

Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon. 

Kven som var med - kva det vart av dei seinare. 

Kva dei skreivom 

- og kva dei krangla om. 

Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet Motkultur.Memoar.no






Gunn marit Sæbø Meyer:

Gunn Marit Sæbø Meyer: 
Sakprosaforfattar, tidlegare lærar frå Bergen. 

Dette var den fyrste munnlege forteljinga som vart laga i Bergen Bibliotek sitt Studio 1. Opptaket er frå 27. juni 2015 - lenge før studio var oppgradert. Meyer fortel ho om to tanter som døydde i tuberkulosen på slutten av 1930-talet. Herborg vart lagt inn på Luster Sanatorium 14 år gamal i 1937, og vart send heim for å døy etter knapt to år. Systera Marit var sjuk i knappe to veker, kort etter at Herborg hadde reist. marit var åtte då ho døydde. "Tagnaden har alltid fylgd tuberkolosen", seier ho mellom anna i intervjuet. 

Intervjuar er Bjørn Enes, syskenbarnet hennar. 

Comments