Minneopptak på Sjøfartsmuseet

lagt inn 10. des. 2015, 07:33 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. jun. 2016, 04:35 ]
Minneopptak på Sjøfartsmuseet ein sundag kvar månad:  

Memoar gjer minneopptak kl. 13 ein sundag kvar månad heile vinteren 2015-2016. Publikum er velkomne til å vere til stade. 
Normalt vil det vere ein forteljar kvar gong, og kvart opptak vil vere mellom 45 og 90 minutt langt. 
Etter opptak vert opptaka gjennomgått, dokumentert, utstyrt med mellomtitlar og så publisert med passord. Det er forteljaren som bestemmer om og når passordet skal fjernast.  Opptaka vert mellombels arkiverte i eit prosjektarkiv, og heile prosjektarkiv vert avlevert Norsk etnologisk gransking seinast ved årsskiftet 2016/17. Når Bergen Byarkiv får på plass infrastruktur til å ta imot denne typen minnesamling, vil materuialet også bli avlevert der. 

 
Biletet: Frå opptaket med Pål "Pablo" Strand  den 17. januar 2016. 

Dei neste minneopptaka i museet skal gjerast på desse datoane: 

8. mai og 13. juni - alle dagar kl. 13 - ca 14:30

Det skal også gjerast studioopptak utan publikum. 

Ynskjer du å fortelje? Ta kontakt med Bjørn Enes i Memoar eller Bård Gram Økland på Bergens Sjøfartsmuseum.


Sundag 12. juni kl 13:   


Siste intervjuopptak før ferien var sundag 12. juni kl. 13. 
Sigurd Skagen - om Amerikalinjen m.m.

Etter Skipperskulen i 1961, mønstra Siggurd Skagen på Den norske amerikalinjen. 

Med nokre få års avbrekk, var han med gjennom heile "solnedgangsperioden" i i det som ein gong vel var landet sitt fremste skipsfartseventyr. 


Samtalen tok til sundag 8. mai kl 13 og heldt fram i tett på to timar. 

Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. Samtalen vart filma for å bevarast for ettertida og eventuelt publiserast på internett. 


I alt er det gjort 12 minneopptak på Sjøfartsmuseet i Bergen i perioden oktober 2015 - juni 2016. 


Så langt er ni av dei publiserte på Memoar.no. 

Før sommarferien vil styringskomiteen for prosjektet avgjere om intervjuserien skal halde fram hausten 2016. 


Sjå alle publiserte opptak på Sjofart.Memoar.no

Comments