Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Juli 2015: Opprinnelege planar

lagt inn 2. sep. 2016, 00:15 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 22:52 ]
Då Memoar vart stifta i juli 2015, vart desse oppgåvene skisserte i pkt 3. i vedtektene:

3. Oppgaver
Memoar sksl arbeide for
  • At bibliotek og lokalarkiv i heile Noreg etablerer intervjustudio som innbyggarane enkelt og rimeleg kan låne leller leige for å gjere teknisk gode opptak i lyd og bilete (video) av forteljingar om levd liv.
  • At det offentlege arkivverket etablerer serverløysingar som gjer det enkelt for innbyggarane å arkivere video-, lyd-, multimedia-, foto- og tekstfilar med forteljingar om levd liv og annan samtidsdokumentasjon, og som gjer det enkelt å dele slike forteljingar i sosiale media dersom opphavskvinna eller -mannen ynskjer det.
  • Å utvikle tilbod til medlemmer i Memoar om opplæring i og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.
  • Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.
  • Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdoiumentasjon og nær historie.
  • Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.
Comments