Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Sept. 2015 - Kursplanar i industriprosjektet

lagt inn 2. sep. 2016, 00:16 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 23:03 ]
2/9-2015: Frå prosjektskildringa til industriprosjektet: 

Mål for forprosjektet:

Hovudmålet for forprosjektet er å beskrive og skape engasjement for eit hovudprosjekt med innsamling og formidling av minner og forteljingar om endringar i norsk arbeidskultur i tiåra rundt/etter det sysselsetjingmessige vendepunktet 1975. Hovedprosjektet skal involvere både organisasjonar i arbeidslivet, frivillige organisasjonar og profesjonelle fagmiljø innan historie- og kulturvern, og dette partnarskapet skal byggjast gjennom forprosjektet.

Forprosjektet skal bestå av desse delene:

  • Det skal utviklast og prøvast eit teoretisk/praktisk kurs om bruk av video i minneinnsamling. Teori og metode skal utviklast under rettleiing av Ingar Kaldal. (Han er i sluttfasen av arbeidet med ei ny bok teori og metodikk i minneinnsamling)

  • Det skal utviklast eit avtaledokument mellom prosjekt / prosjekteigar og informant, om vilkåra for opptaket og for seinare bruk av det. (Avtalane skal signerast av begge partar og lagrast saman med opptaket) Prosjektplan og avtaledokument skal meldast til og eventuelt godkjennast av Datatilsynet og Personvernombodet for forsking, både for forprosjekt og hovudprosjekt.

  • Det skal gjennomførast ein prøveserie med intervju i samarbeid med ei interessert lokal fagforeining, mest sannsynleg innanfor Industri Energi sitt organisasjonsområde. Me ynskjer å prøve ut både opptak i "studiosituasjonar" med ein intervjuar og ein informant, gruppesamlingar der fleire informantar samtalar og arrangement med publikum.

  • Kvart opptak skal kvalitetssikrast i den forstand at det skal vurderast om eventuell publisering vil vere i samsvar med reglar for god presseskikk. Dersom noko må takast ut, skal det i regelen lagast to versjonar - ein for formidling og ein for arkivering med avgrensa tilgang.

  • Kvart opptak skal dokumentarast i den forstand at det skal skrivast eit tekstresyme med taggar til kor i videofilen dei ulike delene kan finnast. Dette er for å gjere innhaldet i videofilane søkbare. Både tekstfil og videofil skal merkast med metadata der det skal nyttast/utviklast ei avgrensa rekke med emneord. Så langt råd skal denne emneordsrekka samordnast med t.d. Norsk etnologisk gransking.

  • Formidlingsversjonen skal kopierast ut i eit alminneleg digitalt visingsformat og overleverast til informanten. I regelen skal ho eller han oppmodas om å publisere opptaket slik at det kan delast i sosiale media og nyttast i forprosjektet sitt arbeid for å skape ytterligare engasjement for minnekultur og videoopptak av munnlege forteljingar. Forprosjektet skal hjelpe alle informantar som ber om det med slik publisering.

  • Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for korleis hovudprosjektet skal sikre arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale i samarbeid med ein institusjon i den offentlege ABMsektoren. Ein viktig del av forprosjektet vil difor vere å ta del i diskusjonar og forsøk i samband med utvikling av ein tverrinstitusjonell norsk eller nordisk portal for arkivering, forvalting og formidling av immateriell kulturarv generelt og munnleg kultur særskilt. Ein måte å gjere dette på, kan vere å lansere vårt for- og/eller hovedprosjekt som pilotprosjekt under utviklinga av ein norsk minnedatabase (Minner.no). Eit slikt utviklingsarbeid er alt i gang i regi av Norsk Folkemuseum, Norsk etnologisk gransking og KulturIT. Eit argument for at vårt prosjekt som pilot er at det vil bringe inn frivillig sektor, fag- og næringsorganisasjonar i eit breidt samarbeid om munnleg kultur alt på pilotstadiet.

  • Det vil vere eit eksplisitt mål for forprosjektet å fremje interesse, engasjement og kunnskap hos "vanlege folk" om innsamling av minner og videopptak av "munnlege forteljingar om levd liv". Både aktivitetane rundt innsamlingsforsøka og publiseringa av dei vil bli brukte til det. Det vil bli oppretta ei prosjektnettside som skal nyttast i slikt interesseskapande arbeid.

  • Forprosjektet skal beskrive, planlegge, samle partnarskap rundt, budsjettere, organsere og søke finansiering på hovudprosjektet.

  • Til sist skal sluttrapport frå forprosjektet og prosjektplan for hovudprosjektet evaluerast av historie- kulturverfagleg fagperson eller -institusjon.





29/2-2016:  Frå sluttrapporten i industriprosjektet: 

Planen var å utvikle eit dagskurs for frivillige minnesamlarar, å samle ei gruppe på maksimum 12 interesserte, fortrinnsvis medlemmer av Nikkelverkets Arbeiderforening og gjennomføre det som eit laurdagskurs med Bjørn Enes og Ingar Kaldal som kursleiarar.

Kursprogrammet var klart 31/11. Program og presentasjonar er publisert på nettadressa http://kurs.memoar.org .

Kurset er ikkje gjennomført. Fyrste tanke vær å gjennomføre det i desember, men Arbeiderforeningen ba fyrst om utsetjing til januar og så til etter årsmøtet (9/2). Hovudproblemet var at det ikkje hadde meld seg interesserte deltakarar i kurset. Etter avslaget frå Kulturrådet vart det også større økonomiske vanskar med gjennomføringa, sidan kursgjennomføringa ville medføre kontantutlegg som reisekostnader, lokalleige etc. Etter årsmøtet vart det avgjort at dette prosjektet ikkje klarte å gjennomføre kurset.

Både for Memoar og for Norsk etnologisk gransking er eit slikt kurs av stor betyding. Me har difor blitt samde om å vidareutvikle og prøve ut det kursopplegget som er laga gjennom eit eige uavhengig oppfylgjingsprosjekt. Nettverket Arbeidsarven, Norsk folkeminnesamling og Lokalhistorisk Institutt vil også bli invitert med i dette prosjektet.

Kursplan og -materiell er tilgjengeleg på http://kurs.memoar.org.


Comments