Sjøfart.Memoar.no

lagt inn 16. okt. 2015, 23:41 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2016, 08:39 ]

Sundag 21. februar:

Planlagte datoar for minneopptak framover: 

Sundag 16. okt::Det vert difor ikkje opptak med publikum 16/10 - 

Opptak er denne gongen gjort i studio).

Sundag 13. nov.

Sundag 11. des.

Sundag 22. jan.

Sundag 19. feb.

Sundag 19. mars

Sundag 23. apr.:

Sundag 14. mai 

Sundag 11. juni

(Sjøfartsprosjektet har ein eigen prosjektweb med prosjektskildring, meldingar til involverte etc. 
Den er open for innsyn for alle interesserte. Adressa er Http://Sjofartsminner.Memoar.org)

I oktober 2015 tok Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum til å samle inn munnlege forteljingar frå norske sjøfolk.  Dette er viktig kulturarv. Det er verdfiult dokumentasjonsarbeid for framtidige forskarar, kunstnarar - og etterkomarar. Det er ein botnstokk i den norske identiteten. Og ikkje minst: Minnedeling er rike kulturopplevingar, både i godt lag og gjennom sosiale media. 

I november etablerte me innsamlinga av sjøfartsminner som eit prosjekt med eigne prosjektsider - sjå meir om prosjektet på adressa inviterar me ABM-institusjonar, sjømanns- og skipperforeiningar, reiarlag og investorar med på samarbeid.  Dette er nokre smakebitar frå starten:





Promo - minnesamling om sjøfart:

 



Minneopptaka er forteljaren sin eigendom. Kvar forteljar vert oppmoda om å dele (publisere) forteljingane sine. Etter kvart som dei gjer det, vil forteljingane bli publiserte her. Memoar lagar også ei eiga side for kvar forteljar, der dei kan legge mer innhald, fleire opptak, fotografi, artiklar etc, 

Adressa til desse sidene står som "Les meir" under kvar video. 

Ta gjerne kontakt for å avtale minneopptak: Post@memoar.no   

Ver OBS på at også Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking samlar minnetekstar frå sjøfolk - sjå  Folkemuseet sine sider.  








Delte forteljingar (dei nyaste fyrst):

Sigurd Skagen:

Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. 

Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 

Opptaket vart gjort på Bergens Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. Intervjuar var Bjørn Enes. Les meir om forteljinga hans er: Sigurd.Skagen.Memoar.no 


Olav Vindedal:

Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten. 

Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Det inneheld barndomsminne frå krigsåra, litt om arbeidet som telegrafist, ein god om hans arbeid på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten, om arbeid med kunstsamlinga saman med Reksten mot slutten av hans liv, og om berginga av Statsråd Lemkuhl. 

Sjå nettsida Vindedal.Memoar.no for meir detaljar om opptaket. Intervjuar er Bjørn Enes



Det mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River, New York, den 1.mars 1959. 

Elles manglar det ikkje på hendingar - frå sjukeavmønstring i Belgisk Kongo, arrestasjon i Japan, redningsoperasjon under tyfon i Stillehavet, ein periode på bommen i New York - og revolusjon i Havana. 

Han fortel om Sjøgutlinja på Framhaldsskulen i Bergen, skuleskipet "Gann", "Liberty-båtar" ("C4-båtar") - og familietradisjonar i ei slekt der alle var sjøfolk.

Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 10. april 2016. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Kortadresse til denne sida er http://GJ.Myklebust.Memoar.no 


Ludvig Myrland:



I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.

Opptaket vart  gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.

Direkte adresse til Ludvig Myrland sine forteljingar er:  http://myrland.memoar.no








Paal Strand:

Paal Strand "Pablo"reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.

Sjå meir om han og full dokumentasjon av intervjuet på sida hans : Http://PaalStrand.Memoar.no


Nils Audun Mugaas Vassenden

Nils Audun Mugaas Vassenden  fortel om tida på skuleskipet Statsraad Lemkuhl i 1947. 

Han held fram med å fortelje om fyrstereisa si på Ditlef Simonsen sin lastebåt MS "Skagerrak" ifrå hausten 1947 til hausten 1949. Ein stor del av mannskapet var tidlegare krigsseglarar, og han fortel om kor dårleg dei vart behandla i land etter krigen - og om mareritt og torpedonerver ombord. 

Fyrste reis gjekk på Austen og SørAmerika. 

Han fortel også om interessante år i Marinen på 1950-talet. Etter 1961 har han arbeidd i sjøforsikring og sjørett. 

Les meir på  vassenden.memoar.no





Embed gadget

Sundag 15. november var forteljaren på Sjøfartsmuseet Ole Christian Næss. Han reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968, og kom midt opp i den store rasjonaliseringsprosessen i handelsflåten.  Etter seks år i utenriksfart gjekk han over i offshore. Det var vanskeleg å få sjøfolk til dei nye boreriggane, fortalde han. Rederioet tok mot han med opne armar når han melde seg frivillig. Han var mellom anna med på jomfruturen til "Treasure Hunter" - ein av dei fyrste H3.riggane som vart bygde på Nylands Mekaniske. Den var nær ved å forlise ved Drøbak på jolekvelden 1975.
Fyrste del av hans forteljing vart publisert 10. desember 2015. Sjå dokumentasjon på hans side Http://OleChristianNaess.Memoar.no 


Per Gustav Steimler

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.  

Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes.




Håkon Drange


Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket. Intervjuar var  Bjørn Enes 





Audun Olsen


Audun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi i Bergen. 

I opptaket som vart gjort med han på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015, skryt ikkje akkurat av fyrstereisa: Etter litt fram og attende langs Italiakysten bar det over til Mexicogulfen der han stort sett opplevde "grøftehol på amerikansk strilaland".

Intervjuar var Bjørn Enes 




Bjørn Haave



Bjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn. Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for å dra til sjøs - og sommeren 1964 ble det alvor. Første reis var 18 månader. Han kom på som messegut, men "avanserte" til dekksgut før turen var slutt. 

Den 8/10-2015 fortalte Bjørn Haave fra sjømannslivet sitt i et opptak med Bjørn Enes. Opptaket er en time og 35 minutt langt, og inneholder fortellinger og refleksjoner fra hele yrkeslivet fram til pensjonsalder i 2010. 










Folkemuseet samlar minnetekstar frå sjøfolk:

http://www.norskfolkemuseum.no/no/Forskning/Norsk-etnologisk-gransking/Alle-undersokelser/Sjofolk/


Les meir hos Folkemuseet

Comments