Edmund Johannessen

Publiseringsdato: 27.jan.2020 22:19:27

Edmund Johansen vart fødd på Kunes i 1946, i ein av dei fyrste familiane som kom tilbake etter tvangsevakueringa. Mar hans var frå Vesterålen, og like før brenninga av Finnmark starta, hadde dei klart å få reisetillatelse slik at han kunne dra til Vesterålen som dreng. Gården på Kunes blei brent, men dei slapp unna evakueringa og vari stand til å reise heim att kort etterfrigjeringa. I dette intervjuet frå januar 2020, fortel Edmund om barndom og oppvekst på Kunes, skulegangen der - og ein skulestreik som varte eit heilt år då det blei bestemt av skulen skulle leggst ned. Han gjekk glipp av tredje klasse - og då fjerde klasse skulle starte, måtte han gå på internatskule i Lebesby langt ute i fjroden. Han fortel om strbasiøse reisertil skulen på vinterstid -"Var isen god, kunne me køyra med hest ut til lråk der lokalbåten skulle koma. Men var isen dårleg, måtte me gå....."

Sjå nærare detaljar om intervjuet i loggen under videovindauget.

Intervjuarar var Bjørn Enes og Evy Andersen. Opptaket er gjort på Stabbursnes, i samband med prosjektet "Munnleg historie for alle" (http://mha.memoar.no)