Beredskap

Hendingar som endrer historia vår

George Floyd

Saman med LEV (Lift Every Voice) samla Memoar inn munnleg historie om demonstrasjonane i som oppsto i kjølvatnet av drapet på George Floyd i Minneapolis, USA 25. mai 2020. Intervjua blei brukte i utstillinga "Din pust, din stemme" som opna i oktober 2022. .

UKRAINA

Fyktningar frå Ukraina fortel om krigen. I land der folkestyret er trua, blir våre søster-organisasjonar knebla og arkiva øydelagte. Akkurat nå er demokrati og mangfald i dei historiske kjeldene for framtida viktigare enn nokon gong.

Pride 2022

På Memoar sommarskule 2022 i Oslo, intervjua vi folk som deltok i paraden og støttemarkeringa etter skytinga utanfor London pub 25. juni 2022. Dette er starten på innsamlingar om kjærleik i samarbeid med Skeivt Arkiv.

korona 2020-2021

I april 2020 tok Memoar til å samle inn munnleg historie frå koronapandemien. Smittevernreglane gjorde det vanskeleg å møte folk for intervju ansikt til ansikt. Derfor tok vi i bruk videokonferansar som intervjuverktøy.

klima og natur

Det grøne skiftet i Memoar skal skape intervjuprosjekt om natur, klimaendringer og miljøtruslar. Kva er det som skjer i lokalsamfunna våre når miljøet rundt oss ikkje lenger er til å kjenne igjen? Vi deltar i internasjonale innsamlinger.

Koronapandemien skapte ein bråstopp for innsamling av munnleg historie. Vi kunne ikkje lenger snakke saman ansikt til ansikt. Men som i resten av samfunnet blei situasjonen snudd til nye metodar og utvikling. Beredskap blei ein ny kategori for innhald.