Kari Thorkildsen

Kari Thorkildsen - Bergen - Memoar
11- oktober 2022, studio i Bergen off. Bibliotek, intervju av Bjørn Enes. Intervjuet har to delar, der første del er eit livsløpsintervju der ho fortel om oppveksten sin på Landås på 1950-talet.

Les meir

Kari fortel om barnemiljøet der på Landås på 1950-talet: Det var eit yrande liv, med veldig mange born på omlag same alder. Landås var den fyrste drabantbyen i Bergen. Stort sett var alle som flytta inn der i same livsfase, med ganske unge foreldre og små born. Det var triveleg. dei hadde stor fridom og var svært aktive.

Far til Kari var ein av dei fyrste som fekk bil. Han dreiv forretning med bilrekvisita, og fekk derfor lov til å kjøpe bil før rasjoneringa vart oppheva. Om søndagane fylte han bilen opp med born, og dei drog på lange turar - heilt kut til Sotra nokra gonger. Og i sommarferiane drog dei endå lengre - til Stord. Der var det alltid sol og varmt og vakkert.

Då Kari var åtte år, flyttafamilien til Søreide. Det var ein nedtur - der var ingen born. Og då det etter kvart kom fleire hus der. var borna alltid mindre enn Kari. Sø ho søskte tidleg ut, til aktivitetar i byen - og kvar søndar blei ho med familien til ei venninne. Dei brukte å gå over Vidden kvar søndag. Der lærte ho å bli glad i fjellet.

Kari tok yrkesutdannin i søm, og tilleggsutdanning i teknisk administrasjon i Molde. Ho fortel om konfeksjonsfaget og utdanninga - dei lærte om effektivisering av serieproduksjon. Og ho fekk rikelig praktisk erfaring då ho fekk jobb på Varden

Attforteljing av intervjuet:

Ein drøy månad etter det fyrste intervjuet, arrangerte Memoar og Bergen off. Bibliotek ei attforteljing, der intervjuar Bjørn Enes fortalde tilbake til Kari Thorkildsen korleis han hadde høyrd det ho fortalde. "Dette blir ikkje ei 'sånn er du'forteljing' - det blir meir ei forteljing om 'sånn er vi'!" sa han. Eit livshistorieintervju er sjølvsagt eit stykke personleg historie. Men det er i minst like høg grad eit stykke samtidshistorie. "Din livsveg, og min livsveg, har gått gjennom det same landskapet. Og landskapet - det er dei 70 siste åra av den norske historia", sa han. Etter attforteljinga, kommenterte Ada Freng og Kari Thorkildsen sjølv.