Arve Johannes Nilsen

Bygningsvern og universell utforming

Arve Johannes Nilsen - Det store vi - Memoar
18.02.2021 Kultursalen på Vitalitetsenteret, Møhlenpris. Intervjua av Mariela Drejer Norheim og Bjørn Enes
Arve kom "over fjellet" i 1978 og med tida vart kulturminne- og bygningsvern eit viktig interessefelt. Denne kunnskapen synte seg òg å kome godt med då livet tok nye retningar.

Les meir

Arve er opptatt menneske som kulturbærar og dei ulike måtane folk utøver handtverk på. Han tykkjer handverk ikkje treng standardlisering, og det ligg verdi i at det utøvast ulikt. Arve fortel om då han fekk MS og vidare korleis det gav han nye idear og tankar. Tankar som han gjorde til handling og som vidare kom til nytte for fleire bergensarar. Han fortel òg livet som småbarnsfar og "kvinnesaksmann".

Intervjulogg

00:00 Personalia. Om bidrag i kulturlivet i Bergen

00:46 Kom til Bergen 1978. Barne-visegruppe. Engasjement.

01:24 Tømrer-arbeid og videre utdanning og jobbar.

03:12 Kulturminnevern og mennesket som kulturbærer med døme.

06.37 Meir om arbeid i Carte Blanche og marknadsføring med begeistring

09:20 Barnekultur.

10:00 Eit "rullestolperspektiv" Kulturminnevern ein går glipp av pga tilgjengelegheit

13:00 Kulturminnevern og ei rådgjevande stilling. Korleis gjer vi noko tilgjengeleg.

13:55 Vinmonopolet i Bergen sentrum. Korleis han tok grep.

16:56 Arve sin tenkemåte om tilføyelse som alle kan bruke.

17: 41 Alternativ hovedinngang på baksida av Tinghuset.

20:29 Vere raus som kulturminneverner. Tek 17.

22:45 Å bli ønska velkommen.

26:05 Innspel til nybygg i Bergen.

27:15 Motsetnad til stigmatiserende løysingar

28:06. Menneskeverd og universiell utforming med Håkonshallen som døme.

33:43. Møte med folk. Stakkarsleggjering eller bagatellisering.

36:47 Kulturminebyen Bergen for alle. Sette tilgjengelegheit på dagsorden.

28:19 Byggje noko som kjem frå vår tid.

42:35. Set pris på bli bedt om å komme med innspel.

43:32 Utviklinga av MS for ein som elsker natur og friluftsliv

48:59. Nye muligheter for "glede og galskap".

51:56. Intervjuer Bjørn fortset: Meir om byggeteknikk og standardlisering.

54:10 Grindbygg og dei ulike måtane å utføre det på.

56:01 Ikkje glømye å ta med handtverkars personlege preferanser og teknikkar.

59:52: Leite etter "sanninga" av byggeteknikk.

01.04:46 Om å vere raus om ein ikkje kjenner til noko frå før.

01:09.12 Det å kunne diskutere politiske ståstader og vere åpen for andre sine syn.

01:11:21 Å tørre å ta grep og å prøve å vere del og å skape prosesser.

01:15:10 Frå Telemark til Bergen: møtet med Bergen på Brann Stadion.

01:20:30 Refleksjoner kring Bergen som "mangfaldsby" og om bybanen sin plass.

01:22:56 Oppfordre alle til å ta del i samfunnet og gje dei plass.

01:27:35 Arve reflekterer over at Bergen har fleire ulike kulturer. Byutvikling er produktutvikling.
01:32:38 Byutvikling - menneskesyn og folk skal føle seg velkomen.

01:33:23 Arve fortel om si rolle som far i 1975. "kvinnesaksmann". Arve tok permisjon i eitt år . Dette gav Arve ein "glorie" og vart ein helt.

01:36:57 Prosessen mot eit meir likestilt samfunn. "Menneskevise" fekk kritikk.

01:40:44 Meir om rampen på VInmonopolet.

25/10-2022: "Arve J. Nilsens forteljing"

Memoar og Bergen off. Bibliotek opna ein ny serie lokalhistoriske ettermiddagar med eit publikumsarrangement som i si heilheit handla om Arve J. Nilsen sine livserfaringar og refleksjonar. Samtalen gjekk relativt kronologisk, med start barndomsminne frå Kragerø, opprørsk ungdomstid i Notodden, aktivist-tid på 70-talet i Oslo - og vaksenliv i Bergen. Me fekk høyre om politisk engasjement, tømrararbeid - og aukande interesse for restaureringsarbeid og kulturhistorisk bygningsvern. Ein svært engasjerande sekvens handla om den interessa og aktivisten som han har tatt opp rundt sprøsmålet om universell utforming, etter at han sjølv blei avhnegig av rullestol. "Eg fekk eit nytt perspektiv på Bergen", sa han mellom anna.

Kari Thorkildsen og Bjørn Enes delte på jobben som interfjuarar. Om lag 25 personbar hadde funne vegen til Auditoriet og fekk sjansen til å høyre forteljinga hans direkte.

Dei som ikkje fekk med seg arrangementet, kan sjø forteljinga hans nedanfor her: