Kim Nga Dao Bratland er barne- og ungdomsarbeidar på Møhlenpris skule i Bergen. I dette intervjuet fortel ho om oppveksten under krigane i Vietnam. Etter at Nord-Vietnam vann i 1975, flykta fleire og fleire i familien. To sysken overlevde dramatiske flukthistorier, ein bror kom til Kanada og ei syster kom til Australia. Sjølv forsøkte ho og å flykta i 1981, men mislukkast. I staden fekk ho arbeid ved eit dukketeater i Saigon. Ho hadde gått i fransk skule, og snakka både fransk og engelsk. Difor vart ho tolk når teateret eller kulturdepartementet fekk besøk. Slik kom ho i kontakt med nordmannen som i dag er mannen hennar. Dei gifta seg i 1993, og ho fekk flytta til Noreg året etter.

Ho arbeidde hardt for å læra seg norsk, fekk arbeid i ein barnehage i 1996 og på Møhlenpris skule i -98. Der arbeider ho framleis. Ho fortel om møtet med norsk mat, norsk språk, norsk kultur, religiøsitet og dilemma med å leva mellom kulturar.

Ho reflekterer om identitet, om sonen som har budd 12 år i Vietnam, sju år i Noreg, 16 år i London - og som nå skal flytta til Australia. Og ho delar tvilen sin om kor ho sjølv skal gravleggjastnår den tid kjem.

Memoaret er ein del av samarbeidsprosjektet «Rom for møter» der Bergen offentlige Bibliotek og Memoar deltek. Opptaket vart gjort 7. august 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet i etterkant.


Videoopptak frå Saigon, 30. april 1975

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

Utskriftsvenleg stikkordliste