Randi Katharina Brustad
(1923 - 2018)

Randi Katharina Brustad - Bergen - Memoar
21. juni 2016 Randi Katharina Brustad, tidlegare Haaland, fødd James-Olsen, hadde det meste av oppveksten på Årstad i Bergen. Mor hennar døydde då Randi berre var sju år. Far hennar var lungelege - fyrst ved sanatoriet i Luster og seinare i Bergen.

Les meir


Frå Randi var ni år hadde ho stemor. I dette intervjuet fortel ho om episodar frå heile sitt litt liv - som var 93 år langt då opptaket vart gjort. Ho fortel om skulegang fyrst på Nygård, seinare på Jessen Skole, Ulrikke Pihls Pikeskole og Bergens Katedralskole og Universitetet i Oslo og Bergen der ho tok juridikum. Ho møtte filosofistudenten Arild Haaland og gifta seg med han i 1944. Dei fekk tre barn.

Randi var den fyrste kvinnelege leiaren av Studentersamfunnet i Bergen. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege advokatane i Bergen,. Ho opna sin praksis i ein periode då det var store endringar i juridiske, sosiale, økonomiske og ikkje minst moralske rammer rundt privatretten, og ho fekk svært mykje å gjere med familie- og skilsmissesaker i sin praksis.

Desse sakene var slitsame, og ho søkte seg etter kvart til jusistjobb på Arbeidskontoret. Fyrst var ho jurist tilknytta Sjømannskontoret i mange år - deretter var ho leiar for ei ny avdeling for høgt kvalifiserte arbeidsøkjarar. I starten av oljealderen vart dette eit svært interessant arbeid.

Utanom arbeidet var ho akrtiv på mange felt - mellom anna fortel ho om den tidlige kvinnerørsla på 1960-talet.

Ho fortel mykje og engasjerande om barndom og oppsedingskultur. Det tidlegaste minnet som dukka opp i henne i intervjuet var at ho fekk juling av far sin - og at ho måtte sitje på badet og vente på at han skulle kome heim for å gi henne juling.

Ho fortel om ein stor og spennande venekrins i den tidlege etterkigstida der dei - på godt og vondt - hadde omgang med mange kjende personlegdomar. Og ho fortel om alkohol og alkoholisme både heime og i venekrinsen. Ein av dei mest interessante sekvensane i opptaket er ein serie av forteljingar om familierettsaker ho hugsar særskilt godt fro si tid som praktiserande advokat.

Intervjuet er to timar og førti minutt langt. Stikkordslista under videovindauget gir eit oversyn over gangen i intgervjuet. Talkodane i lista viser timar, minutt og sekund frå start. Nokre av stikkorda er klikkbare. Du kan sjølv lage peikarar til punkter i forteljinga ved å erstatte nullane med dei aktuelle tidskodene i denne peikaren: https://vimeo.com/188213570#t=0h0m0s

Opptaket vart gjort 21. juni 2016 i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuarar var Bjørn Enes og Lise Haaland.

intervjulogg

Sjå under