Kaj Skagen
Publiseringsdato: 29.sep.2019 12:20:30
Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70- og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".
Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det.
Direkte adresse til denne sida er http://Kaj.Skagen.memoar.no/
Kaj Skagen si heimeside heiter http://www.kajskagen.no/
Mellomtitlar:
Omgrepet motkultur
1960-talet - samfunnsutviklinga var "ferdig"
Oppvekst i indremisjonsmiljø
1968-arane
Anarkistfløyen
Forsøksgymnaset
"Ein av oss"
Kampen om NGS (Norsk Gymnasiast-Samband)
Hjelmsgate 3 - anarkistkollektivet
Avisproduksjon
"Gateavisa"
"Poesie revolte"
"Vibra"
"Vannbæreren"
"Tun"
"Arken"
Katastrofetema
Antroposofi
Usemje
"Deg eller meg" - Jarving eller Skagen.
Konfliktfylt?
Hovudretningar
Steinermiljøet
Musikk og kunst?
1980-talet
Husokkupantane i Berlin
Internasjonalt kontaktnett?
"Igrunnen veldig norsk"
Aktive lesarar?
"Arken" oplag 4000
Utvikling i dag?
Anarkismen forvitra
Atterhalden
Preg på forfattarskapet?
Djupare
Kom ingen nye?
Vegen vidare
70-åra: Ingenting nytt
Nå er alle motkulturelle
Ytringsfridom?