Lokallaget i Bergen 

I Bergen har vi ambisjonar om å gjennomføre åtte prosjekt komande haust og vinter. I alle trengst det frivillige hender! Her kjem nokre få ord om sju av dei: 


Memoar i Bergen sept 2023

Lokallag av memoar i Bergen:

Den 24. februar -23 stifta fem av dei mest aktive Memoarmedlennene i Bergen organisasjonens fyrste lokallag.  Opprinneleg  (2015) var jo Memoar ei foreining i Bergen. Etter kvart har det blitt ein landsomfattande organisasjon - men utan at den interne organiseringa har blitt endra.  Dei siste åra har Memoar gjort store framskritt i arbeidet på nasjonalt og nordisk plan. Dette har naturleg nok gjort at arbeidet i Bergen har kome litt ut av fokus. 

Men gjennom å danne Memoar sitt fyrste lokallag i Bergen, vil vi mobilisere og involvere fleire frivillige i arbeidet med å utvikle og gjennomføre vellukka lokale intervjuinnsamlingar, opplæringstiltak og formidlingsarrangement.

Stiftarane tok rolla som eit interimstyre med historikar Sebastian Kvamsdal Kaasa som leiar, og fylgjande styremedlemmer:  Arve J. Nilsen,  Ada Freng, Bjørn Enes og Kari Thorkildsen (ho var ikkje til stade då bildet blei tatt). 

Så snart den formelle stiftinga er gjennomført (registrering i Brønnøysund, godkjenning som lokallag av Memoars styre etc), vil interimstyret kalle alle Memoar-medlemmer i Bergen inn til fyrste ordinære årsmøte. Der vil interimstyret bli erstatta av - eller omgjort til Bergen Memoars fyrste styre.  Frå start vil prioritet nr. 1 for lokallaget vere å halde fram med utviklinga av "Bergensminne"   Kontakt gjerne interimstyret på adressa bergen@memoar.no !