Anne Sofi Grieg moe og Ragna Sofie Grung moe


To kvinner - mor og dotter, som er frodige tidsvitner frå Bergens kultur- og musikkhistorie. Med fargerike minne frå to generasjonar formødre, gir dei glimt frå eit "positivt matriarkat" gjennom  150 år . "Bestemor var elev hos Edvard Grieg, og studerte som han i Leipzig. Men det var ikkje comme-il-faut at kvinner konserterte. Så ho spelte for gjester heime i Villaveien". Og ut frå Grung- og Griegslektenes heimar og familietradisjonar vaks altså desse to livsforteljingane fram. I løpet av hausten 2022 intervjua Bjørn Enes dei fleire gonger.  På arrangementet "Bergensminne" den 21. februar 2023 fortalde han tilbake til dei to og til publikum: Kolreis høyrde han historia - og korleis endra det hans bilde av lokalhistoria i Bergen? 

Attforteljinga er også del av Memoars utviklingsarbeid med munnleg historie og forteljekunst - Sjå memoar.no/forteljekunst. 

Eit resymé av forarbeidet:

Denne videoen er eit resyme av fire intervju som blei gjort i november og desember 2022.  I tre av dei av Anne Sofi forteljaren medan Ragna Sofie og Bjørn var intervjuarar. I eit var det Ragna Sofie som fortalde, med Bjørn som intervjuar. 

Utanom intervjua, viste dei to forteljarane til ei rekke skriftlege og fotografiske kjelder, som også har vore brukt i utforminga av attforteljinga. 

Dei to har nå delt videoen med alle interesserte gjennom å fjerne passordet. Det vil også kome ein ny video med opptak av "Bergensminne" 21. februar 2022.