Grethe Sangolt

Publiseringsdato: 29.sep.2019 16:44:33





Då Grethe Sangolt var 21 år, gjekk ho og venninnna Gunvor Haakonsen saman om å kjøpa ein scooter. Sommaren 1957 køyrde dei med den til Italia og Frankrike for å vera med på arbeidsleirar for ungdom som FN-sambandet arrangerte: Fyrst steinarbeid i Torino, deretter drueplukking i i Frankrike. Det vart ein eventyrleg tur, spekka av opplevingar. I juni 2017 fortalde ho om reisa til Lise McKinnon i intervjustudio i Bergen Bibliotek. Det er denne forteljinga som er publisert nedanfor. (Sjå oversyn med tidskoder til innhaldet i forteljinga under.)

Då dei kom heim vart dei intervjua av avisa Dagen . Klikk på biletet av avisartikkelen for å få lesbar storleik. (Viss skrifta enno er for lita, kan du trykke samtidig på CDtrl-tasten og +teiknet på tastaturet ditt)

I juni 2018 fortalde Grethe meir omm oppvekst og ungdomsår i eit interbju med Bjørn Enes. Du finn det her.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/246589995#t=0h27m50s)

Utskriftsvenleg logg

Barndom og oppvekst:

I juni 2018 gjorde Grethe Sangolt eit nytt opptak, der ho fortalde om barndom og oppvekst på Nordnes. Dei fyrste minnene hennar er frå krigsåra. Ho hugsar leiken var avbroten for at dei måtte gå i tilfluktsrom når flyalarmen gjekk. Ho meiner å hugsa vagt at dei kunne høyra skot og eksplosjonar - men endå betre hugsar ho at dei alltid fekk noko godt når dei gjekk i tilfluktsrom. Og at dei vaksne var der saman med dei.

Ikkje ein gong eksplosjonen på Vågen er noko skræmande minne, sjølv om heile huset brann ned og ho måtte evakuerast til Åsane saman med dei andre ungane i nabolaget. Etterpå måtte dei innkvarterast hos ei dame i Fjellsdien som hadde stort hus: Alle som hadde plass, måtte opna dørene for huslause under krigen og den fyrste tida etterpå.

Ho fortel om Karamelldamen: Ei dame som kom og vinka på ungane. Når dei kom bort til henne, opna ho veska henta opp snop som ho gav dei. Ekte Smørbukk-karameller. Så gjekk ho sin veg. Ho har undra seg mykje på kven dette var - kor ho kom frå, og kanhende endå meir: Kor kom snopet frå? Og kviffor er det ingen andre som hugsar Karamelldamen?

Opptaket vart gjort 8. juni 2018. Inntil vidare er opptaket sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Grethe Sangolt.