Oddvar Skre

Miljøsaka, mållaget, ungdomslaget og sogelaget i Fana

Oddvar Skre - Bergen - Memoar
17.oktober 2017 Oddvar Skre vaks opp under krigen i Fana, som den gong ikkje var ein del av Bergen. Han hugsar bombingen av Laksevåg i 1944. Laksevåg var den gongen tungt befesta, og ein måtte ha Grenseboerbevis.

les meir

Far til Oddvar var rektor på skulen og klokkar i kyrkja og familien var involvert i Noregs mållag, Noregs bondeungdomslag og partiet Venstre. Folkeopplysning stod sentralt. Bestefaren hadde skrive ei kyrkjesoge for bruk i skulen, og faren til Oddvar gav ut ei oppdatert utgåve. Faren var spesielt aktiv for målsaka.


Oddvar fortel også om dei religiøse skilnadane i Fana, med eit skilje mellom høgkyrkjelege og lågkyrkjelege knytta til ulike miljø. Kystfiskarar var gjerne knytta til bedehusmiljø og indremisjonen, medan bøndene i innlandet var meir knytta til kyrkja. Han gjekk ei stund på Framnes, ein skule som vart driven av indremisjonen, og har difor erfaringar frå begge leirar.

Skre kan også fortelje om politiske skiljer i lokalsamfunnet, kor arbeidarane på glasverket ofte var radikale sosialistar og kommunistar, og bøndene gjerne var knytta til partiet Venstre.


Skre utdanna seg i geofysikk, meteorologi og tok hovudfag i biologi. Etter kvart vart han involvert i den økologiske rørsla i Noreg, og har arbeidd med dette fagfeltet som forskar. Han har vore aktiv miljøvernar sidan 1960-talet.


Han har også vore aktiv utanfor fagfeltet, spesielt i Venstre og i mållaget. Skre var misnøgd med utviklinga i Venstre, spesielt frå og med tida med Sponheim som partileiar. Sidan har han gått til Sosialistisk venstreparti. Trass i eit anna ideologisk grunnlag meiner han at SV viderefører noko av det som Venstre stod for tidlegare.


Han kan også fortelje om utviklinga for nynorsken, frå vekst før okkupasjonen, tilbakegong og språkstrid innanfor rørsla etter krigen, og måreisinga under Berge Furre frå 1967.

Sjølv om han er pensjonist er han framleis engasjert i miljøsaka, mållaget, ungdomslaget og sogelaget i Fana. Han er oppteken av å ta vare på lokale tradisjonar

Intervjuet blei gjort på Bergen off. bibliotek 17. oktober 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Logg og tekstsamandrag er laga av Henrik Nordhus.

Intervjulogg

00:00 Personalia. interessert i botanikk og skogbruk. Fødd inn i lærarfamilie. Fanabu, snakkar Fanamål. Vaks opp ute ved Flesland. Ingen flyplass då han vaks opp. Farmor jobba på Lier skule.

01:40 Vaks opp under krigen. 4. oktober 1944, bombingen av Laksevåg. Var heime aleine, såg luftkampane. Traumatisk. Flesland var tungt befesta, måtte ha passerseddel. Grensebuarbevis.

02:50 Faren rektor på skulen og klokkar i kyrkja. Var Venstremann og målmann - skikkeleg vestlandskultur (norskdomsrørsla). Vaks opp på garden Skre. Folkeopplysning sentralt.

05:00 Familien ikkje i indremisjonsmiljøet, meir høgkyrkjeleg. Sterkt ungdomlagsmiljø. Presten positiv til ungdomslag og mållag. Mora bakgrunn frå indremisjonsmiljø.

07:50 Spesielt med frilynt prest i Fana, Faren med på å innføre Nynorsk salmebok i kyrkja.Den gongen ti nynorskkrinsar i Fana, no ingen. Fleire snakka Fanamål. Utprega strilemål.

09:50 Faren gjorde opptak av eldre Fana-folk nokre år før han døydde. God kjelde på eldre Fanamål. Fanamål har utvikla seg, no snakkar dei unge bergensk.

11:40 Mykje sjuk med astma som ung. Heimeundervisning hjå faren, og lærte difor nynorsk.Einaste med nynorsk på sin skule.

12:00 Stril og lærarson årsakar til mobbing. Rettferdig lærar handsama kanskje sonen strengare enn andre.

13:58 Faren oppteken av kristendom og norskdom. Konservativ målmann i Vestmannalaget. Oddvar meir radikal.Far meinte gjekk nedover med nynorsk etter krigen grunna ny rettskriving. Før krigen var nynorsk i vekst sjølv i byane.

14:55 Kulturlivet i brakk under krigen. Mållaget og Ungdomslaget la ned drifta. Folk ikkje opptekne av kultur, meir viktig å byggje opp att etter krigen.Målfolket meir opptekne av språkstrid, spesielt kring endingar i hokjønsord.Betre med målreisinga under leiing av Berge Furre frå 1967.

17:40 Bestefaren gav ut kyrkjesoge i 1920, brukt i skulen i kristendomsundervisninga. Faren med nytt opplag i 1950. Oddvar dikterte kva han skulle skrive på skrivemaskin frå farens handskrivne notatar. Oddvar var 12 år gammal.

22:00 Vart fasinert av reformasjonen. Viktig hending i kyrkjehistoria. Meiner reformasjonen gav "direkte linje til Gud" i motsetnad til helgenar i forbøn.Viktig med Bibelen på folkespråket.

26:35 Ei kobling til farens språkinteresse. Aasen hadde omsett delar av Bibelen til nynorsk på 1890-talet. Bibelomsetning kom i farens levetid. Nynorsk sangbok i 1923 (Meiner nok Nynorsk Salmebok frå1925).

29:30 Faren fekk innført Nynorsk salmebok i 1938 som klokkar. Kom til Fana fordi han var målmann, ville ha nynorsklærar til Lieland skule.

30:50 Arbeidermiljø på Flesland kopla til Glasverket. Mange kommunistar. Eit anna miljø, ikkje felles med målrørsla eller bedehusmiljø. Eigen glasverkdialekt pga. fagarbeidarar frå andre delar av landet.

33:35 Mora hadde forhold til frikykjelege miljø, medlem av misjonsorganisasjonar. Ikkje dei mest konservative. Bedehusmiljøet var ekskluderande måtte oppføre seg på rett måte for å bli akseptert. Då han var 16-17 år gjekk Oddvar på Framnes ungdomsskule driven av Vestlandske indremisjon. Oddvar passa ikkje inn.

39:40 Oddvar vart ikkje frelst i indremisjonen, men meiner han vart akseptert for å ha barnetrua si. Har hatt religiøse grubleri og tvil. Dei andre på Framnes hadde mindre tvil, mindre aksept for det.
42:25
Har vore på Indremisjonen sitt bedehus i Bergen, Betlehem. Meiner det er massesuggesjon i måten det går føre seg på, hjernevask og manipulasjon. Meiner det er usunn atmosfære.

43:40 To separate miljø - bedehusmiljøet og miljøet rundt kyrkja og norskdomsrørsla. Frilynt kyrkje, inspirert av Grundtvik. Grundtvik viktig for faren og bestefaren og andre i den generasjonen. Ein glad kristendom. Indremisjonen såg dette som vranglære. Dei vanlege folkehøgskulane og ungdomslaget var for verdslege for indremisjonen. Dei hadde sine eigne kalla ungdomsskular. Meir religiøsitet (meiner konservative bedehusmiljø) i ytre kystmiljø blant fiskarar enn bønde lenger inn i landet.

48:25 Tok vårkurs på Framnes i 1956. Praktisk kurs i metallsløyd, psykologi med Nils Svarstad og historie med Brigt Vaage.. Vart også med i kor på Framnes.

49:50 Møtte kona i Kristeleg studentlag då han studerte i Bergen. Kjende seg meir heime i Kristeleg studentlag, ikkje same presset til å verte frelst.Fekk vener i laget med liknande interesser. Traff kona Guri på påskeleir i 1963.

51:45 Oddvar studerte geofysikk, meteorologi, men skifta fag og tok hovudfag i botanikk/biologi i 1964. Har interesse for humaniora og kunne like gjerne ha vald å studere språk eller historie.

54:00 Hadde meteorologilærar Carl Ludvig Godske, som hadde legendariske førelesingar. Hadde gamal gard på Osterøy, og inviterte studentar til å lære å ta vare på gamle bygningar. Vèrmeldinga var viktig på vestlandet. Nesten heilag. Oddvar meiner dette heng saman med at UiB har ein god tradisjon med meteorologi.

59:20 Fekk tilbod om jobb som vitskapleg assistent i 1964 på Norges landbrukshøgskole på Ås.Gifta seg i 1965, og flytta til Ås like etter. Underviste i botanikk, økologi, plantesystematikk mm. Var assistent for Eilif Dahl, professor i botanikk. Pioner i økologi. Dahl var medlem av Arbeiderpartiet. Engasjert i problem rundt sur nedbør. Oddvar hadde stipend til å delta i IBP-prosjektet (International Biological Program) om sommaren fra 1972-1974 på Hardangervidda. Vart aktiv miljøvernar frå midten av sekstitalet. Den grøne bølga på 70-talet. Mardøla-aksjonen, verneplan. Var med å samla inn pengar til deltakar i Alta-aksjonen så dei kunne betale bøter.

01:05:00 Den økologiske vekkelsen. Reaksjon på jag etter det materielle, og skade på naturen og mangfaldet i naturen. Mangfaldet eigenverdi. Nullvekstmål. Kan ikkje ha både vekst og vern. Bidrege til større merksemd rundt likevekt i naturen.

1:10:00 Har vore aktiv utanfor faget sitt. Oppteken av lokalhistorie. Slekta har interesse i denne retninga, litterær familie. Aktiv i Fana mållag. Arbeidd i Hordaland mållag, spesielt oppteken av å forsvare nynorsk som skulemål.

1:15:00 Nynorskfolk må rettferdiggjere nynorsken, og blir slik meir medvetne språket sitt. Reknar nynorsk som del av strilekulturen fordi nærare dialekta. Nynorsken eit uttrykk for norsk identitet imot det danske.Nynorsk nasjonal identitet, vil ikkje la nynorsken bli regions- eller vestlandsspråk.

1:19:40 Tilknytninga til partiet Venstre. Familien vore Venstrefolk. Bestefaren republikanar, i venstrefløyen i partiet. Høyrer til i same rørsle som nynorsken. Melde seg ut under Sponheim sin leiartid, partiet vorte likt Høgre. Vener frå RV og SV under EU-striden, og melde seg inn i SV.

1:25:05 Venstre etter splittelsen i 1972. "Restvenstre" som ikkje marsjerte ut på Røros. Var klårt miljøparti.Likte blandinga fridom og sosial profil som han ikkje fann i andre parti.

1:28:40 Sponheim uklar på ideologi. Meiner han var meir oppteken av eigen posisjon og makt. Meiner SV har blitt meir likt det gamle Venstre.

1:35:20 Framleis fagleg engasjert som pensjonist. Vore med i ulike prosjekt, europeiske prosjekt - forskning på tregrensa. Aktiv i naturvernforbundet, leiar for naturmangfoldsgruppa. Aktiv i mållaget sidan rundt 1980 når ville ha nynorskklasse for sonen. Styremedlem i Hordaland Nei til EU. I Fana ungdomslag sidan 1980, opptatt av folkedans. I styret i Ungdomslaget. Syng i kor. Med i Fana historielag. Vil ta vare på tradisjonar i Fana.