Torstein Dahle

Torstein Dahle - Bergen - Memoar
26/10 2021 Torstein Dahle er ein kjend politikar frå Rødt i Bergen. Våren 2021 pensjonerte han seg frå undervisingsarbeidet på Høgskulen på Vestlandet, 74 år gamal. Same haust kom det store gjennombrotet for partiet han har brukt det meste av vaksenlivet på å bygge opp.

Les meir

I denne fyrste delen av intervjuet fortel Torstein Dahle om oppvekst og ungdomsår i Oslo. Han vart etter kvart interessert i politikk, og melde seg inn i Unge Høgre. I gymnastida vart han litt etter litt medviten om at han ikkje var som fleirtalet når det gjaldt legning. Samtidig tok han til å bevege seg mot venstre politisk.

intervjulogg


Torstein Dahle - Bergen - Memoar
2. november 2021

Les meir

Dette andre intervjuet handlar svært mykje om fag (økonomi) og politikk. Han flytta til Bergen for å gå på Handelshøgskulen, og har blitt verande i Bergen sidan. Han blei ein forgrunnsfigur i ML-rørsla og var med å stifte AKP(m-l). Han var også aktiv og open homofil.

Intervjulogg


16/11 2021

LES meir

Denne siste delen av intervjuet handlar i hovudsak om fag og politikk. Han reflekterar rundt fenomenet "faglege utgreiingar", kapitalismens vekst-fokus, klimakrisa, bybanedebatten i Bergen mm. Heilt til sist er han også inne på planane for sin pensjonistperiode: Han vil mellom annaskrive ei bok om økonomi og politikk der han får formulert si innsikt i begge delar. "Eg vil rette opp att litt av den skaden eg har gjort gjennom å lære opp studentar i kapitalisme"

intervjulogg



Stubbar frå intervjuet med Torstein Dahle:

Om gamle folk

Torstein Dahle - Svein og Torstein - Episoder fra vår oppvekst.pdf