Arild Wærness
Publiseringsdato: 29.sep.2019 12:17:49
Kafédrivar, teikneserieskapar, forlagssjef, festivalgründer - ein kan velgje mange titlar for å presentere Arild Wærness.
Han har røtene på Stord, har farta over det meste - og bur i Bergen.
Hausten 2015 sette han seg ned for å mimre over ein liten del av historia si saman med ungdomskameraten Jostein Saakvitne. Saman laga dei "sam-forteljinga" om norsk barndom på 1970- og -80-talet. Medan kamera gjekk, bestemte dei seg for å starte eit innsamlings- og publiseringsprosjekt for å publisere gamle fanziner frå subkulturen av science-fiction-tilhengjarar på 60- og 70-talet.
Arild Wærness i samtale med Jostein Saakvitne om norsk fandom i 1970- og -80åra. Stikkord for samtalen:
Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid.
Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon. Kven som var med - kva det vart av dei seinare. Kva dei skreiv om - og kva dei krangla om. Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet Memoar.no Motkultur
Forteljingar av Arild Wærness: