Det store vi 2022

Nettverket for livshistorier fra Bergen

MØT BERGENSarar

Ideen med Det store vi er at den moderne bergensaren skal “oppdage seg sjølv” gjennom å samle inn og dele munnleg historie frå sin organisasjon og/eller miljø. I prosjektet "Det store vi" deltar eit nettverk av samarbeidspartnarar. Saman lagar vi innsamlingar av munnleg historie. Frå desse innsamlingane kan det vekse arrangement og kunstneriske uttrykk. Med "Det store vi" blir fleire og nye stemmer frå Bergen høyrde, delte og bevarte.

LES om det store vi

No er store delar av det frivillige organisasjonslivet i Bergen med, representert gjennom paraplyorganisasjonane Bergen Internasjonale Kultursenter, Amatørkulturrådet og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. ABM-institusjonane Bergen offentlige Bibliotek, Bymuseet og Vestnorsk Utvandringssenter er med. Ein spanande fortropp av kunstlivet er inspirert; Bergen Borgerscene. Vi har allereie eit program med munnleg historie på Det vestnorske teateret.


Målgruppa for kurs og redaksjonar er stor. Ein ung redaksjon på Bergen internasjonale kultur- senter startar i haust 2022. Dei får jobben med å intervjue ein knippe migrantar: arbeidsmigrant, flyktning, kjærlighetsmigrant og innenlandsflytter på oppdrag frå Vestnorsk utvandringssenter. Kanskje får vi ein podcast frå denne redaksjonen òg? Det store vi skal hjelpe funksjonshemma å komme til orde. Her står trygge intervju sentralt.


Teknologien gjer oss til den første generasjonen som kan ta vare på opptak av munnleg historie frå eige liv i stort omfang. Mange meistrar å ta opp eit intervju med kamera eller telefonen og sende det til arkivering. Memoar vil halde kurs og ta opptak av arrangement. Folkeverkstad for munnleg historie vil åpne i vårt studio på Bryggen. Der vil vi låne ut videokamera og mikrofoner. Samarbeidet med Bergen offentlige Bibliotek har vore avgjerande for utviklinga av Memoar og arbeidet med munnleg historie i Bergen. Studio 1 og lokalhistorisk-avdeling Vårt Vestland er heilt sentral. Vi vil fornye og utvide innhaldet i vår felles lokalhistorie.

Det store vi - nettverket:

DEN UKRAINSKE FORENING BERGEN

BERGEN INTERNASJONALE KULTURSENTER

DET VESTNORSKE TEATERET

KULTURLOS

VESTNORSK UTVANDRINGSSENTER

SYDNESHALVØYENS KULURHISTORISKE LAG

STLB: TROS- OG LIVSSYNSSAMFUNN

DIASPORA TAMIL ARCHIVES

FORBUND FOR UTVIKLINGSHEMMA

BERGEN OFF.BIBLIOTEK m.fl

SKEIVT ARKIV

BERGEN BORGERSCENE

Frå venstre: Maja Zahl, Bjørn Enes, Line Grønstad, Inger Christine Årstad, Mariela Norheim og Anzhelika Ruda.

REC!
ÅPNINg AV FOLKEVERSTAD

Åpningsmarkering for Folkeverkstad for munnleg historie på Bryggen i Bergen fredag 30. september 2022. Studioet ligg i 5. etasje.

Vi gler oss over at endå fleire skal få tilgang til å dele og dokumentere sine livshistorier. Takk til alle som kom på opninga!