Kvifor fortelje?

Line Førre Grønstad: Doktorgrad i kulturvitskap. Bakgrunn frå Norsk etnologisk gransking / Norsk Folkemuseum. Røter på Sunnmøre, for tida busett i Bergen. Ho er prosjektleiar for "Munnleg historie for alle".

Bjørn Enes: Gamal industriarbeidar, journalist i mange år, no entusiastisk minnesamlar og leiar av Memoar. Busett i Bergen, med familierøter i Kvinnherad. Mange kjenner han som kristiansandar. Frilansar og frivillig i "Munnleg historie for alle."

Cathrine Hasselberg: Utdanna i radio-journalistikk og oral history frå Storbritannia. Ho har lang frilanserfaring frå både munnleg historie, skrivande journalistikk, radio- og podcastproduksjon. Ho er engasjert i prosjekt "Munnleg historie for alle" frå sepember 2020.

Barbro Matre: Starta som frivillig i Memoar, var prosjektengasjert i "Munnleg historie for alle" i 2019-2020. Frå august 2020 er ho tilbake som frivillig og frilansar. Ho er utdanna pedagog, med allsidig arbeidserfaring frå mange samfunnsområde.

Kvifor intervjuar me?

Alle har ei forteljing å dela. Kvar einaste av oss er unike kjelder til ein del av historia om vår tid og vår nære fortid. Framtida treng eit rikt kjeldemateriale om dette, og når det no har blitt så enkelt og så billegg å ta vare på munnlege foreteljingar frå "vanlege folk" - då må me gjera det.

Me treng å lagra forteljingar om levetida vår - korleis det var å veksa opp i lokalsamfunnet, og korleis det såg ut. I dag veit me for eksempel at det er interessant å høyra om grasbøane i bygda, for i dag er dei grodde til med skog. For førti, femti år sidan visste ingen at det kunne bli interessant. På same vis kan ting som i dag er kvardagslege og sjølvsagte bli veldig viktige for folk i framtida.

Me treng å høyra om skuletida, og arbeid og reidskapar og måtar me laga ting på. Mykje kunnskap blir borte når nye verktøy kjem. Og me treng å minnast korleis me arbeidde saman - og korleis me var saman på fritida.

Store hendingar er viktige å ha mange kjelder til. Det er ikkje nok med ein offisiell rapport eller eit avisreferat om kva som hende. Alle involverte såg hendinga på ulikt vis, alle er tidsvitner.

Ikkje berre for framtida

Å dela forteljingane her og no har også fått ein ny verdi. For den moderne arbeidsdelinga og moderne kommunikasjonar og organsering har gjort at me veit mindre enn før om kvarandre. "Ghettoisering" er blitt eit trekk ved tida. Mange kjenner berre folk som liknar på dei sjølve. Derfor har det å dela forteljingar også verdi for samtida!

Du bestemmer bruken

Før me startar opptaket, gjer me ein avtale om at du kan angra etterpå og bestemma deg for likevel ikkje å dela opptaket. Her er avtaleteksten som me foreslår.

Korleis foregår det?

Det er enkelt, avslappa og hyggeleg. Det er ein vanleg samtale mellom ein nysgjerrig intervjuar og ein (eller fleire) forteljarar med verdfulle kunnskapar og minnerike opplevingar å sjå tilbake på.

Me brukar nokre knøttsmå kamera som du gløymer før fyrste minutt er unnagjort. Du har full kontroll på opptaket - du får det på epost ein dag eller to etter opptak, og det er du som bestemmer om det skal delast med nokon.