Erling Stensholt (1935 - 2019)

Publiseringsdato: 12.okt.2019 10:36:23

Dette opptaket vart gjort heime hos Erling Olav Stensholt i Kristiansand den 3.desember 2015. Han fortel at han kom til Falconbridge som nyutdanna sivilingeniør i 1964, for å arbeide med eit SINTEF-prosjekt på dei gamle rostovnane. Eit drygt år seinare vart han tilsett direkte på Falconbridge, og med unntak av ein periode i Zambia (1968-71) og ein i Kanada (1971 -73) var han med i leiinga av den teknologiske utviklinga på Nikkelverket heilt til han gjekk ut av styret i 2005. Han var teknisk direktør frå 1978-1990, viseadministrerande direktør frå 1990 og adm. dir. frå 1995-2000. I samtalen trekk han fram tre faktorar for å forklare dei store endringane på verket:

    • Behovet for endring vart akseptert,

    • Teknologiane var tilgjengelege - her trekk han fram prosessteknologi, datateknologi og materialteknologi, og

    • Hierarkiet vart avvikla: Den nye industrielle organisasjonen involverer alle medarbeidarar - alle må ha kunnskap og handlefrihet.

(Intervjuar er Bjørn Enes. Han gjorde ein tabbe under opptaket - hår frå ei vindhette på mikrofonen forstyrrar biletet. Memoar beklagar dette sterkt.)

Direkte adresse til denne sida er www.memoar.no/nikkelverk/stensholt

Stikkord i intervjuet:

NTH 1956 - 1961

Oppvekst i Lardal, Vestfold

SINTEF-prosjekt 1961 - 1964

Utvikling av klorluteprosessen

Kjent teknologi

Prosessstyring

Data i prosessstyring

Materialteknologi

Nikkelmatte

Forureiningar i produktet

Bruk av nikkel

Endringsmotstand?

Bemanningsreduksjon

Nytt jobbinnhald

Krisa i 1982-83

Energibruk halvert

Teknologiske sprang

Endringsfaktorane

Helsefarane

Miljøomsyn

Rosteprosessen

Kolsdalspipa

Utslepp - tungmetall

Utslepp - organiske stoff

Miljøpress

SFT - Statens forureiningstilsyn

Omstillingane frå 1975

Skadelege arbeidsplassar

Strippemaskinen

FOU-avdelinga

Oppfinnarar

Prosedyrebyråkrati?

ISO-normene

Trekke med alle

Hierarkisk tradisjon

Ny organisering

Zambia 1968 - 1971

Kva var det som hende?

Behov for endring

Teknologi

Organisasjon

Miljøkrav

maskina kan produsere....

....folk er det alltid bruk for.