Olav Støylen

Publiseringsdato: 12.okt.2019 21:26:42

Olav Støylen var med på starten av Alnor Aluminium på Karmy i 1967, og var lokal hovudtillitsvald der frå 1970. I 1974 vart han vald inn i leiinga i Norsk Kjemisk Industriarbeidarforbund, fyrst som forbundssekretær, så som nestleiar og frå 1995 som leiar. Han hadde det vervet fram til NKIF vart slått saman med NOPEF til fagforbundet Industri Energi 2006. 

Minneopptaket nedanfor vart gjort hos Industri Energi den 7. oktober 2015. Her fortel han om "husforeininga" som fyrst vart oppretta på Alnor, før LO og NIKIF vann fram med den vanlege norske måten å organisere på. Han fortel om rollea som sentral tillitsvald under dei store bedriftsnedleggingane på 80- og 90-talet, og effektiviserings- og teknologiutvikling, energipolitikk og kompetanseutvikling. Han fortel også om motstand mot teknologi- og organisasjonsendringar og om spenningane mellom lokalt og sentralt ftillitsmannsarbeid. 

Mellomtitlane i intervjuet finst på sida med direkte adresse www.memoar.no/nikkelverk/stoeylen

Mellomtitlar i intervjuet: 

Intervjuar i opptaket er Bjørn Enes. Enes har også fortid i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund som lokal tillitsvald på Nikkelverket i Kristiansand frå 1972-93 og lokal fagforeiningsleiar frå 1980-86.