Etikk

Verksemda vår høyrer heime ein stad mellom forskingsetikken, redaktørplakaten, arkivlova og ytringsfridomen. Prinsippet vi styrer etter er at alt skal vere ope tilgjengeleg MED MINDRE det er grunnar til at det ikkje kan vere ope for allmennheita. Ein slik grunn kan vere at forteljaren ikkje ønskjer det. Ein annan kan vere at forteljinga handlar om enkeltpersonar eller grupper som sjølve ikkje har gjeve løyve til å bli omtala i det offentlege rom. Nokre døme kan vere følgande:

Seier intervjuobjekt eller intervjuar noko som dei truleg ikkje forstår kan skade dei?

Blir det sagt noko om born som dei kan oppfatta som sårande - no eller om tjue år?

Blir det sagt noko konkret om helse eller eller annan sensitiv informasjon som bør klippast ut i ein publiseringsversjon?

Det er viktig å ha klare og tydelege avtalar mellom den som intervjuare og den som blir intervjua. Avtalestrukturen vår finn du her.

Hausten 2020 handla Memoarkonferansen om forskingsetikk og ytringsfridom, der særleg fellestrekk og skilnadar mellom forskingsetikken og redaktørplakaten vart debattert. Presentasjon som Vidar Enebakk, frå Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH), heldt på konferansen, kan du sjå her. Den 30. novmeber sende Memoar dette høyringssvaret til prosessen

Dersom du blir intervjua, kan det vere lurt å tenke på korleis andre individ blir omtala. Men vår erfaring er at dette er noko dei aller fleste gjer allereie, sannsynlegvis du også.

Etikk og munnleg historie er eit stort tema. Her har vår amerikanske systerorganisasjon skrive meir.

Eit viktig etisk spørsmål er vidare retten til å få si forteljing delt med samfunnet, som eit demokratisk prinsipp om mangfald og deltaking.